På spor av den tapte jernbanetid
Landet skulle byggjast og samlast med vegar av jern. Alt har si tid, og togets tid er forbi.
Storekvina stasjon fotografert i 1963, frå biletsamlinga til Nasjonalbiblioteket.
Foto: J. Kruse / Widerøe Flyfoto
hompland@online.no
Spaltisten er på heimlege trakter. Saman med ein kamerat som er døypt i same vatn, er han på leiting etter den tapte tid. Dei ser etter ting og stader, hus og uthus, folk og forteljingar dei minnest, eller trur dei minnest. Dei øver seg i å kalla fram namn, for kvart bruk på gardane hadde sin merkelapp, som også blei brukt på dei som budde der: i Holen, på Ægra, på Litlevoll, i Odden, på Dannemark, på Klippen, under Lunden, hos Krestian.
Dei røyner stader dei kjenner, men må vedgå at fleire av dei berre er av omtale. Mange festepunkt for minnet er borte: opne grasbakkar er overtatt av bjørkekratt, utløer har ramla ned, den skumle torvmyra er grøfta og tørka. Det var stader for å leika gøymsle i mørk-nande haustkveldar, springa terrengløp, hoppa på ski, spela poker og snika seg inn og høyra tungetale på pinsevennbedehuset. Og var det ikkje i ei utløe ein fekk sitt første kyss?
STADEN HEITTE MYRA før NSB døypte han om til Storekvina i 1944. Der var det stasjonsmeister, fire telegrafistar, to på godsbua, ein linjevaktar og stasjonsmeisterfrue med kafé. Staden fekk ambisjonar, bussrute og hus i tre etasjar med butikk, kafé, bakeri, postkontor eller verkstad på bakkeplan, familien i andre høgda og rom til utleige i tredje. Stasjonen var den sosiale møteplassen der folk kom for «å sjå på» dagtoget frå Oslo til Stavanger klokka halv seks.
Den venta veksten slo ikkje til, for toget tapte mot frigitte privatbilar på 60-talet. Den håpefulle stasjonsbyen minner om ein ghost town, og forfallet har sin køntrifolklore med rølpebandet Luxus Leverpostei og Onkel2R. Det går i roots, boots og bil, med jernbanen i ei birolle: «Me børna på stasjonen av og te.»
HJELPESKRIVARANE går leie av Spaltistens nostalgiske kjas om den forlorne stasjonsbyen. Vertinna meiner han må løfta blikket og sjå dei lange linene. Sjølv vaks ho opp på ein av mange jamsmå stader innover fjordane der dei hadde ferjekai og brygge, krambu, post og pensjonat. Så stakk nokre av stadane frå fordi dei fekk snikkarverkstad som vaks til møbelfabrikk, meieri, skular, byggefelt, sjukeheim og kommuneadministrasjon. Taparstadane blei uttynna, mens det for vinnarane balla på seg med byråkratar, snøggbåt, småflyplass og betre veg.
For Vertinna er jernbane noko fjernt som var eksotisk, men nå er avleggs.
BYRÅSJEFEN ER GLAD i å reisa med jernbane over lange strekningar, og som forstadbuar er han litt motvillig togpendlar. Men han meiner at kvar tid har sine transportformer, og at toget hadde si stordomstid for 150 år sidan.
Sumaren 1860 innleidde A.O. Vinje sine ferdaminne med å åka på jarnvegen frå Christiania til Eidsvoll. Han høyrde eimvogna frøsa, og jarnvegen var rik på tanke og framhug – ei moderne drivkraft i den store samfunnsomforminga: «Det er ei livsens ånd i hjulom».
DEN NYE TID skulle koma med toget. Det blei bygd lokalt initierte jernbanar frå kystbyar til innland og bakland, statsbanar over grensa til Sverige, gjennom Østerdalen og Gudbrandsdalen til Trondheim, og som krona på jernbaneverket: Bergensbanen i 1909.
Landet skulle byggjast og samlast med vegar av jern. Toget frakta folk og varer raskare enn båt, hest og vogn. Der det kom stasjonar, vaks det fram nye tettstader.
Så kom privatbil og fly og hurtigbåtar, og jernbanen hamna i bakleksa. Sidebanane blei lagde ned og erstatta med «kompensasjonsvegar». Her og der er det att relikviar i form av veterantog og dresinar som turistattraksjonar.
Byråsjefen har rekna ut at togets tid dessverre er forbi i vårt langstrakte og spreittbygde land med bilbasert busetnad. Nå må jernbanen gjera si teneste der folk bur tett og pendlar mellom arbeid og bustad. Framtidstoget er for city og sentrum og ikkje for periferien. Nord-Norge-banen er eit historisk og symbol-
nostalgisk rettferdstiltak, men eit samfunnsøkonomisk gedigent blindspor.
SØRLANDSBANEN, som blei omdøypt frå Vestlandsbanen og går gjennom aude skogar og lange tunellar, blei forsert fram under okkupasjonen. Nå er han ei trafikktynn attergløyme. Alle grandiose planar om høgfartsbanar mellom aust og vest vil ta andre vegar.
Ferjefri og firefelts E-39 mellom Kristiansand og Trondheim var eit av Solberg-regjeringas brageløfte. Det er uklart for Byråsjefen kva det blir til, men dei er i gang med å høvla landskapet her og der, og år om anna blir køyretida med bil og bom korta ned med eit kvarter. Men for tida er reduserte ferjeprisar brennpunktet for politiske overbod. Og Tromsø jernbanestasjon er berre ein bar.
DESSE KLARE MELDINGANE frå Hjelpeskrivarane tar Spaltisten inn over seg der han sit i det nakne venterommet på Storekvina stasjon og irriterer seg over at Go Ahead, som stoppar «ved behov», er forseinka, som vanleg. Som tidtrøyte les han siste bind av Ketil Bjørnstad om «verden som var min», der komponistforfattaren stadig har mareritt om lyden av toget som skal nærma seg Vegårshei eller Nelaug i Frolandia.
Det er som eit dikt av Paal-Helge Haugen, bore oppe av stasjonsnamn frå indre Agder og dalstrøka innafor: Nodeland, Breland, Marnardal, Audnedal, Snartemo, Sandvatn, Storekvina, Gyland, Sira.
På den strekninga var bestefaren til Gaute Heivoll konduktør på skinnebussen frå Kristiansand, med sidespor til Flekkefjord.
Det er Spaltistens litterære lydspor av den tapte tid.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er ei livsens ånd i hjulom», som profeten talar om.
Aasmund Olavsson Vinje
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.