På tryggleiken laus
I 1973 var det 13.763 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet 3284. Ei rekkje fagfolk meiner at kutta har gått altfor langt.
Eit skilt ved Akershus universitetssjukehus viser veg til den psykiatriske akuttposten. Gjennom nesten 50 år har talet på døgnplassar i psykiatrien stadig blitt skore ned.
Foto: Robert Bråthen / Samfoto / NTB
Samfunn
peranders@dagogtid.no
Etter drapa på Kongsberg sist veke har psykiatrien i Noreg igjen fått eit kritisk søkjelys på seg. Og sjølv om det er for tidleg å slå fast årsakene til tragedien, er det på sin plass å spørje om helsevesenet er godt nok rusta til å ta seg av dei med alvorlege sinnslidingar. Det vi veit, er det har blitt langt færre plassar for langtidspasientar ved dei psykiatriske institusjonane dei siste 50 åra. Medan det polikliniske tilbodet for psykiske lidingar har blitt styrkt, har talet på sengeplassar i psykiatrien gått rett ned. I 1973 var det 13.763 sengeplassar ved psykiatriske institusjonar i Noreg. I 2020 var talet 3284.
Mykje av denne utviklinga er politisk vedteken og etter alt å døme driven av gode intensjonar. Men nokre av kutta ser ut til å vere motiverte av økonomiske prinsipp meir enn humanistiske ideal. Og om vi skal skjøne korleis og kvifor sengeplassane vart borte, må vi starte eit stykke attende i historia.
Oppbevaring
Dei første psykiatriske sjukehusa, ofte kalla asyl, dukka opp i Europa tidleg på 1800-talet. Desse sjukehusa kom i staden for dei private galehusa eller dollhusa, som dei ofte vart kalla i Noreg. Dei første asyla hadde fint lite effektiv behandling å tilby, og var meir som oppbevaringsanstaltar å rekne – i beste fall. «Terapiane» som vart utvikla mot psykiske lidingar i dei tidlege asyla, var eksperimentelle, ofte smertefulle og iblant direkte farlege. Og slik var stoda lenge.
Det første spesialbygde statsasylet i Noreg var Gaustad, som opna i 1855. Utover på 1900-talet vart ei rekkje psykiatriske sjukehus reiste i Noreg. I 1940 hadde asyla her i landet over 6000 plassar, og behovet auka stadig. I 1950-åra byrja styresmaktene i tillegg å byggje psykiatriske sjukeheimar, som avlasta asyla og tok seg av mange av dei demente.
Talet på døgnplassar ved dei psykiatriske institusjonane i Noreg nådde toppen i 1973 – da hadde dei til saman plass til 13.763 pasientar. Så snudde pendelen, og det var det gode grunnar til.
Overgrep
I Noreg som i ei rekkje andre land kom psykiatrien i vanry i 1970-åra. Mange og grove overgrep vart avdekte ved dei psykiatriske institusjonane. Ei rekkje pasientar vart til og med fysisk lemlesta i medisinens namn: Frå 1941 til 1974 vart minst 2500 psykisk sjuke nordmenn lobotomerte, eit operativt inngrep i hjernen som ofte fekk dødeleg utfall. Også mykje av tvangsbruken og «behandlinga» pasientane vart utsette for, vil vi dag kalle mishandling, og psykiatrien fekk etter kvart massiv kritikk i Vesten.
I Noreg gav legen Svein Solberg ut Rapport fra Reitgjerdet i 1979, ei bok som skildra grove og langvarige overgrep mot pasientar ved Reitgjerdet sjukehus i Trondheim. Denne skandalen førte til ein stor debatt og ei offentleg gransking av forholda ved sjukehuset, og i 1982 vedtok Stortinget at Reitgjerdet skulle leggast ned.
Store kutt
Dei neste tiåra kom ei rekkje lovendringar for å styrkje rettane til psykiatriske pasientar, og nytenkinga om psykiatrien var prega av den mørke fortida. I stortingsmeldinga Åpenhet og helhet frå 1997 heitte det til dømes: «Dagens situasjon må bedømmes ut fra at omsorgen for psykisk lidende i lange perioder har vært en beretning om store lidelser og mange overgrep.»
Det vart eit mål at fleire pasientar skulle klare seg utanfor institusjonane, i tillegg kom òg nye former for medikamentell behandling. Og frå slutten av 70-åra fall talet på behandlingsplassar raskt. I 1973 var det som nemnt 13.763 døgnplassar i norsk psykiatri. I 1980 var det kring 12.000, i 1990 var det 7750, i 2000 var det litt under 5800 og i 2020 var det 3284, syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Om vi held desse tala opp mot folketalsveksten, blir nedgangen enda meir slåande. I 1973 var det ein psykiatrisk døgnplass per 288 innbyggjarar i Noreg. I 2020 var det ein slik plass per 1638 innbyggjarar. Justert for folketal er talet på sengeplassar redusert med 82 prosent.
Ut i kommunane
Men denne utviklinga har i hovudsak vore politisk styrt, og det har vore tverrpolitisk semje om nedbygginga. «I prinsippet skal institusjonsopphold bare utgjøre en midlertidig innsats», heitte det i den nemnde stortingsmeldinga frå 1997.
Spesialistinstitusjonane skulle berre skjerme pasientane i kortare periodar, ikkje vere langsiktige bustader. Mykje meir ansvar vart lagt på kommunane, som «har et basisansvar også for pasienter med alvorlige lidelser og omfattende problemer», heitte det i meldinga. Og slik vart det. I tillegg satsa styresmaktene på nye distriktspsykiatriske senter i regi av fylkeskommunane.
Var ansvarsflyttinga vellukka? Det kjem an på kven du spør. Frå Kommune-Noreg har det kome mange naudrop dei siste tiåra om at det ikkje er nok pengar til å handtere ansvaret. Opptrappingsplanen for psykisk helse, som gjekk frå 1999 til 2008, førte rett nok store øyremerkte midlar ut til kommunane, og det kom 4000 nye stillingar. Men denne planen la òg opp til at det skulle bli fleire døgnplassar i psykiatrien, i staden vart det langt færre. I 2006 var det 1575 færre sengeplassar i psykiatrien enn føresetnaden var. Og kommunane klarte ikkje å styrkje den psykiske helseomsorga i same tempo som døgnplassane vart lagde ned, synte ein Sintef-rapport i 2013.
I tillegg er det ikkje sikkert at tilbodet i kommunane nokon gong kan kompensere for sengeplassane som er borte ved dei psykiatriske institusjonane. Fagfolk har lenge åtvara om at kutta har gått altfor langt, og somme meiner politikken er direkte farleg.
Åtvaringar
Dei med dei mest alvorlege psykiske lidingane har liten nytte av det polikliniske tilbodet og lir under mangelen på døgnplassar, sa til dømes overlege Maria Sigurjonsdottir ved Regional tryggingsavdeling i Helse Sør-Øst til NRK i 2009: «De får kortere behandlingstid og skrives ut før de er stabilisert. Dette får alvorlige konsekvenser for de som står i fare for å begå selvmord, de som ikke kan ta vare på seg selv og de som har voldstendenser.»
Kutta i sengeplassane kjem til å gje oss fleire alvorleg psykisk sjuke som lever i sosial naud, åtvara Jan Øystein Berle, overlege i psykiatrisk divisjon ved Helse Bergen i bladet Fontene i 2012. «Noen vil havne på sikkerhetsavdeling eller i fengsel etter å ha begått voldskriminalitet», sa Berle etter eit kutt på 20 behandlingsplassar ved Kronstad distriktspsykiatriske senter. «Vi vil se enkelte av disse pasientene igjen når de sluses inn i fengselsvesenet», sa han.
Omstillingane er prega av naiv optimisme om at dersom vi byggjer opp polikliniske tilbod og dagbehandling, skal pasientene klare seg sjølve etterpå, meinte overlegen. Han åtvara om at motiva til helseforetaka slett ikkje berre var pasientens beste.
«Døgnplasser koster, og man ser et sparingspotensial. De skyver faglige argumenter foran seg, men dette handler om penger», sa Berle.
Sparing
Det er ikkje så rart om helseføretaka ønskjer å spare pengar ved å kutte i døgnplassane i psykiatrien. Det er kostbart å ha pasientar inne på lange opphald, særleg dei pasientane som kan vere ein fare for seg sjølv og andre. Det er langt billegare å tilby poliklinisk behandling, og føretaka skal drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp. No legg norske helseføretak opp til å hente inn store pengar på å leggje ned psykiatriske institusjonar, selje tomtene og leggje psykiatrien til vanlege sjukehus.
14 av dei attverande 17 psykiatriske sjukehusa er vedtekne nedlagde, og tre av dei 14 er alt selde, skreiv SV-politikarane Nicholas Wilkinson, Katy Lie og Janne Grøttumsbråten i Dagsavisen 9. september. Inntektene frå salet av verdifulle tomter skal bidra til å finansiere nye sjukehusbygg, og dei psykiatriske avdelingane skal bli del av dei somatiske sjukehusa. Korleis dette vil påverke talet på sengeplassar, står att å sjå. Men erfaringa frå andre samanslåingar i sektoren tilseier at det blir færre plassar og ikkje fleire.
Denne prosessen saknar fagleg grunnlag og demokratisk legitimitet, meinte artikkelforfattarane: «Helseforetaksmodellen gjør at fagfolk og politikere settes på gangen (...) En samlokalisering av psykiatri og somatikk er hverken utredet eller behandlet politisk.»
Tidsskifte
Det siste poenget er verdt å merke seg, for i februar i år kom eit politisk tidsskifte på dette feltet. Da gav Ap, Frp, Senterpartiet og SV daverande helseminister Bent Høie ein klar instruks: «Stortinget ber regjeringen umiddelbart stanse nedbyggingen av døgnplasser i psykisk helsevern», heitte det i representantforslaget frå Senterpartiet, som altså fekk fleirtal i helse- og omsorgskomiteen.
Stortinget bad òg regjeringa om å gjennomgå kapasiteten og behova i psykisk helsevern med sikte på å auke døgnkapasiteten for å dekkje behova. Etter stortingsvalet har dei same partia eit enda klarare fleirtal – og Arbeidarpartiet har helse- og omsorgsministeren. Om nedbygginga av døgnplassane i psykiatrien held fram no, blir det ikkje fordi det er det Stortinget har bede om.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi vil se enkelte av disse pasientene igjen når de sluses inn i fengselsvesenet.»
Jan Øystein Berle, overlege i psykiatri
Fleire artiklar
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.