Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På turné for Israel

Unge israelarar med minoritetsbakgrunn vitjar Noreg og andre europeiske land
for å imøtegå det dei ser som løgner om Israel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Diplomaten Rasha Atanmny (fremst) og (f.v.) Jonathan Elkhoury Lorena Khateeb og Muhammad Kabiya frå organisasjonen Reservists on duty var førre veke i Oslo for å fortelje om erfaringar med å vere minoritetar i Israel.

Foto: Eva Aalberg Undheim

5735
20180316
5735
20180316

Midtausten

eva@dagogtid.no

Same veke som Saladin-dagane stilte spørsmål om «Evig konflikt mellom kristne og muslimer?» og Ilan Pappe heldt foredrag på Litteraturhuset i Oslo, var òg ei gruppe unge israelske statsborgarar med minoritetsbakgrunn i Oslo for å snakke om integrering av minoritetar i Israel. Besøket var initiert av organisasjonen Reservists on Duty, og vart til i samarbeid med den israelske ambassaden i Oslo.

Reservists on Duty vart starta av israelske reservesoldatar i 2015 som eit motsvar til den internasjonale boikottrørsla mot Israel, og ser det som si plikt å «avsløre og motverke» støttespelarar til rørsla i og utanfor Israel, og å «betre, oppdatere og formidle dei jødiske og israelske forteljingane».

Oslo er fyrste stopp på ein tur som går vidare til London, Skottland og Italia. Det seier Jonathan Elkhoury (25), minoritetskoordinator for organisasjonen.

– Europearar veit ikkje mykje om minoritetane i Israel og kor stort mangfald det er i den israelske befolkninga. Mange trur vi lever i ein apartheidstat som ikkje lèt oss trivast og lukkast i livet, seier han.

At Israel er eit apartheidsamfunn, er falsk informasjon, slik han ser det.

– Har same rettar

Rundt 25 prosent av befolkninga i Israel er ikkje-jødisk, over 20 prosent er arabarar. Elkhoury er kristen arabar frå Libanon, men flykta til Israel saman med familien då han var ni. Han har gått på jødisk offentleg skule, som einaste i klassen med arabisk som morsmål, og han gjorde toårig sivilteneste, som ikkje er obligatorisk for den arabiske befolkninga. Elkhoury meiner han er integrert «på ein god måte». Det delte skulevesenet forklarar han med at «den arabiske befolkninga sjølv ønskte arabiskspråklege skular».

Muhammad Kabiya (27) er beduin og frå ein landsby som støtta opprettinga av og vart del av den israelske staten i 1948. Kabiya valde å gjere militærteneste, har vore tre år i det israelske luftforsvaret og er i dag student ved Universitetet i Haifa.

– Den arabiske befolkninga i Israel og jødane har nett dei same rettane, seier han.

Det er òg bodskapen frå Lorena Khateeb (21), som tilhøyrer folkegruppa drusarar, eit religiøst samfunn med islamsk opphav, som utgjer ein million menneske totalt, og rundt 128.000 i Israel. Ho valde òg sivilteneste i eitt år, og studerer no i Haifa. Khateeb seier at Israel var fyrste land som anerkjente drusarreligionen, og at det ikkje finst nokon annan stad i verda der ho har fleire rettar.

Rasha Atamny seier ho òg har same rettar som andre, sjølv om ho verken har gjort militær- eller sivilteneste. Atamny, som er israels fyrste kvinnelege muslimske diplomat, er frå den palestinskdominerte byen Baqa al-Gharbiyye i Haifa-distriktet og var i Oslo samstundes som Reservists on Duty.

Syng ikkje

– Israel er definert som ein jødisk stat. Kva har det å seie for dykk?

– Eg bryr meg ikkje om det er ein jødisk stat eller ikkje, så lenge eg får alle rettar her. Men eg anerkjenner og støttar at det jødiske folket har rett til ein eigen stat i Israel. Og eg har gjort militærteneste og er klar til å ofre både kropp og sjel for staten. Ikkje fordi det er ein jødisk stat, men fordi det er staten min. Eg syng ikkje nasjonalsongen, men eg respekterer han, seier Kabiya.

– Det finst lovar som skil mellom jødar og ikkje-jødar. Kva synest de om det?

– Har du døme? spør Elkhoury.

– Lova om tilbakevending, til dømes?

Lova gjev jødar frå heile verda rett til å immigrere til Israel.

– Det var arabarane som starta krigen. Dei avviste delingsplanane og starta åtaka på Israel. Mange seier at jødane sparka dei ut, andre seier at dei reiste sjølve. Det finst ulike historier, men dei som har forlate landet sitt, har eit problem, og ikkje rett på å kome tilbake, slik eg ser det. Det ville heller ikkje gått om alle skulle kome tilbake, seier Kabiya.

– Det lova gjer, er å gje jødar som vert forfølgde utanlands ei trygg hamn. Muslimar har mange andre moglegheiter, det er fleire arabiske land i verda, seier Atamny.

– Åtte av dei ti fattigaste byane i Israel har arabisk majoritet. Kvifor er det slik?

– Det er byar med religiøse og konservative samfunn, der kvinnene ikkje jobbar. Reknar du vekk halve befolkninga, er det klart det står færre att i arbeidslivet. Men dette vert det gjort noko med. Det er tildelt midlar til integrering av arabiske statsborgarar i arbeidslivet, seier Atamny.

– Budde for alt

– Arabarane utgjer 20 prosent av befolkninga, men berre 15 prosent av parlamentet, Knesset. Kva kjem det av?

–?Det har mykje å gjere med valsystemet, og det er ikkje nødvendigvis slik at minoritetane berre røystar på parti for arabarar, seier Atamny.

– Kva tid får Israel ein palestinsk statsminister?

– Det er mogleg, men vi må vere realistiske. Dette er ein jødisk stat, seier Kabiya.

– For å verte statsminister må du kunne byggje ein koalisjon. Den arabiske samlingslista er tredje største parti, men dei vil ikkje vere del av nokon koalisjon, seier Elkhoury.

Dei fire meiner situasjonen på Vestbreidda er ille, men dei ser ikkje mykje Israel kan gjere for å betre tilhøva.

–?Eg trur okkupasjonen berre er ein fordel. Det som gjer ting fryktelege, er at dei palestinske sjølvstyremaktene og Hamas nyttar folket til å fremje sin eigen agenda, seier Kabiya.

– Ser de noko løysing på konflikten?

–?Vi har håp om ei lysare framtid, utan krig eller konflikt, seier Elkhourdy.

–?Vi er i Midtausten. Eg trur det einaste vi kan håpe på, er fred, men at vi samstundes må vere budde for ein kvar situasjon, seier Kabiya.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg trur okkupasjonen berre er ein fordel.

Muhammad Kabiya, rådgjevar i Reservists
on Duty

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis