Politiet ser deg
– Personvern er mykje av ein illusjon, seier personvernadvokat Ove Vanebo.
Christian Tybring-Gjedde og Ingvil Smines Tybring-Gjedde på veg til rettssaka mot Laila Anita Bertheussen i sal 250 i Oslo tingrett.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Samtalen
Ove Vanebo
personvernadvokat
Aktuelt
Laila Bertheussen er tiltala for å ha villeidd politiet.

jon@dagogtid.no
I Oslo tingrett går det no føre seg ei rettssak mot Laila Bertheussen. Det mest private i livet hennar vert eksponert – ikkje berre livet hennar, men livet til personar ho har vore i kontakt med. Og kvar dag rapporterer pressa fortløpande det som kjem fram i retten. Ove Vanebo er tidlegare statssekretær i Justisdepartementet og no senioradvokat med personvern som spesiale i Kluge advokatfirma AS.
– Eg er med i fleire chattegrupper på Facebook. Må eg berre rekna med at om ein i dei gruppene vert tiltalt, så kan politiet offentleggjera ting eg har skrive?
– Det må du i stor grad rekna med. Det vi må ha klart for oss, er at personvern ikkje er eitt fenomen regulert av éin lov. Det er eit lappeteppe, og det er ei mengd kryssande omsyn. Vi har straffprosessloven, vi har lovverk for ytringsfridom, vi har menneskerettar, og vi har GDPR, EUs personvernforordning, som omhandlar handsaming av opplysningar, til dømes innhenting av opplysningar, overvaking på arbeidsplassen og oppretting av register. Men i denne saka er det berre å konstatera at straffeprosesslovgjeving gjev politiet ein veldig vid tilgang til opplysningar. Ja, innhentinga av opplysningar skal vera passande og naudsynt. Men politiet har i grunnen tilgang til det aller meste.
– Men tak denne journalisten i HRS. Vi kan meina mykje om henne, men her har ho gjort jobben som journalist. Ho har fått tak opplysningar som har ålmenn interesse. Men no vert ho hengd ut til turk i pressa kvar dag. Er det rettvist?
– Då er vi over i eit anna sett med reglar, dette at pressa spreier opplysingar frå rettssaka. Vi har alle rett til eit personvern, men vi har òg ein rett til å spreia opplysningar som er rette og har ålmenn interesse. Det er altså ei avveging mellom retten til personvern og privatliv versus retten til ytringsfridom. Det sentrale er Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Vi finn at nær all lovgjeving på det området i Noreg trekkjer vekslar på vurderingane der. Så lenge noko er sant og har ålmenn interesse, og pressa handlar profesjonelt, reieleg og i god tru, har pressa vide rammer. Jussen her seier at det som har kome fram, har sentral samfunnsinteresse, sjølv om journalisten i HRS ikkje har gjort noko som helst gale.
– Det du i grunnen seier, er at vi ikkje bør leggja att spor nokon som helst stad på nettet?
– Ja, det er det eg seier, men vi legg att spor. Som eg plar seia: Lat den som ikkje har skrive noko gale på sosiale mediumgrupper, kasta den fyrste steinen. Det finst visst meldingstenester der ein ikkje legg att spor, og der alt vert sletta med ein gong. Chatteappen Signal skal visstnok vera trygg dersom ein vil skriva noko som ikkje toler dagslys. Men i alle høve bør ein tenkja seg nøye om før ein skriv noko ein ikkje vil skal koma ut.
– Men desse helseappane mange nyttar… Det er heilt hemningslaust kva politiet har funne om kva tid den tiltalte ligg, står, går, alt mogleg rart. Eg sat att med eit inntrykk av at GDPR skulle verna oss mot at slikt kom ut?
– Absolutt, og det var feil. Vi har i Noreg dei siste åra teke GDPR inn i norsk lovgjeving. Med det nye lovverket kan vi krevja at opplysningar om oss både vert sletta og overførte til oss sjølve. Men poenget med helse- og treningsappar er at dei skal fylgja oss over tid, slik at vi får målt resultat av til dømes trening. Og jau, desse opplysningane har eit vern mot å koma ut. Men så er det altså slik at vi ikkje har eit vern mot at politiet får tak i desse opplysningane. Dei fleste helseappar lagrar svært mykje. Skjer det noko, vil politiet typisk få tilgang til dei. Det må vi berre rekna med.
– For min eigen del må eg berre vedgå at eg har vore naiv. Eg forstår at politiet må kunne etterforska dei som har gjort noko gale, men dei kan altså få tilgang til opplysningar frå folk som ikkje har gjort noko gale også?
– Du er ikkje åleine. Mange har trutt at dei skulle få fullstendig kontroll over eigne opplysningar. Men lovgjevinga liknar på ein sveitserost. Det er veldig mange hol. Politiet finn ut noko, og så kan pressa formidla funna vidare. Folk har nok vorte villeidd. Å nedkjempa kriminalitet har forrang. Politikarane har vore medvitne om kva dei vil prioritera.
– Noko heilt anna: I helga sende politiet ut melding om at det hadde oppretta sak mot ein son av di foreldra hadde ete hasjkaker og hamna på sjukehus. Har ikkje lækjarar teieplikt då?
– Jau, lækjaren har i utgangspunkt teieplikt, men i ein del tilfelle har dei òg meldeplikt. Eg kjenner til folk som har rusproblem, men dei vil ikkje fortelja lækjaren sin om det av di dei då kan missa førarkortet. Personvern er mykje ein illusjon, heldigvis og diverre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Lovgjeving liknar på ein sveitserost. Det er veldig mange hol.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.