JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Det kjem til å bli stygt

Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.

Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB

6881
20241004

Samtalen

Ivar Hippe: statsvitar og forfattar

Aktuelt: segregering og kriminelle gjengar

marita@dagogtid.no

– Det er krig og elende i Midtausten, Sudan og Ukraina, og her kjem du og seier at Sverige er eit land i krise. Kvifor skal vi bry oss om Sverige no?

– Sverige er nabolandet vårt. Det er dramatisk, det som skjer der, og det får betydning for oss. Eg har intervjua folk som bur og jobbar i utsette område. Dei fortel om ein velferdsstat som blir svekt. Noreg kan lære mykje av det.

– Det som skjer, handlar det om innvandring?

– Innvandringa er eit bakteppe. Den raude tråden i boka mi er integreringa. Dei siste tjue åra har vi sett ei dramatisk utvikling som er demografisk, der det er nødvendig å snakke om integrering. Spørsmålet om integrering er viktigare enn om vi skal ta imot innvandrarar.

– Det handlar iallfall om eit «oss og dei»-syn, kanskje om rasisme?

– Det dreier seg om kulturar meir enn om hudfarge og religion. Vi må få ein open debatt om særtrekk og praksisar ved ulike kulturar, utan å stemple kritikk som kulturrasisme. Det er nødvendig når vi får klanar som praktiserer æresvald og blodhemn.

– Ein stor del av Sverige 2024 handlar om situasjonen i Trollhättan. Kvifor slit akkurat Trollhättan, med berre 60.000 innbyggarar, meir enn andre byar?

– Trollhättan har blitt kåra til Sveriges mest segregerte by. Det er ein gammal industriby der sosialdemokratane styrte i 100 år, og der dei no har tapt. I bydelen Kronogården, der 80 prosent av innbyggarane har utanlandsk opphav, styrer det såkalla Kronogårdsnätverket. Dei har stor makt og er sentrale i narkotikahandelen, også i Noreg. I førre veke hevda den islandske justisministeren at nettverket står bak eit angrep mot politiet på Island. Ein politisjef eg intervjuar i boka, seier det slik: Dei kriminelle går til angrep på sjølve staten. Når politiet legg press på dei, slår dei tilbake med organiserte eldpåsettingar.

– I arbeidet med boka var du i ei rekke drabantbyar som politiet har definert som utsette. Du såg vel noko positivt på vegen?

– Takk for det spørsmålet. Eg skriv òg om det positive sivilsamfunnet gjer, blant anna i Bergsjön i Göteborg, der 90 prosent av innbyggarane har innvandrarbakgrunn. Her gjer eldsjeler ein imponerande jobb for å dempe effekten av segregeringa, blant anna ved å hjelpe nokre av dei 100.000 som er papirlause og utan rettar. Det finst mange humanitære prosjekt. Eg besøkte blant anna Hemliga kliniken, som tilbyr helsehjelp. Men no strammar styresmaktene inn.

– Fordi folk skal vere lovlydige?

– Det blir laga ei ny lov no, der tilsette i sosialvesenet og barnevernet, lærarar og særleg skuleleiarar får plikt til å melde papirlause flyktningar til politiet. Dette er eit av mange eksempel på at grensene for kva vi skal tole i eit liberalt demokrati, blir flytta.

– Kan Noreg hamne i same knipa?

– Noreg har ei utvikling som liknar, men vi er enno langt frå å få så store problem med kriminalitet. I Sverige gjennomsyrar kriminaliteten bank-, toll- og påtalevesenet, til og med barnevernet. Politiet har gått ut med at fleire HVB-heimar, altså barnevernsinstitusjonar, blir drivne av kriminelle. Den organiserte kriminaliteten er faktisk meir alarmerande enn valdsbølga vi ser. Han er ekstremt vanskeleg å rulle inn igjen, og han truar heile samfunnet, slik styresmaktene ser det.

– Du ymtar om at Sarpsborg kan bli eit norsk Trollhättan.

– Eg tok ei stikkprøve, og dei to byane er meir like enn eg trudde. I både Trollhättan og Sarpsborg har ein tredjedel av skuleelevane røter i eit anna land, og segregeringa er djup. Det er langt mindre kriminalitet i Sarpsborg, men politiet er bekymra for utviklinga.

– Har ikkje Sverige ein Abid Raja, ein politikar som vågar å tale sine eigne imot?

– Raja er unik. Den første boka hans er fantastisk ærleg. Men det finst fleire med innvandrarbakgrunn som han i Sverige. Lawen Redar i Socialdemokraterna leier ei arbeidsgruppe som har lagt fram tolv tiltak for å bryte segregeringa. Dei konkretiserer tiltak på eit heilt nytt nivå. Dei vil rive bustader og nekte folk som lever på stønader, å flytte til utsette område, berre for å nemne noko. Sånn sett er dei komne lenger i Sverige. No diskuterer dei så fillene fyk, etter fleire år med lokk på debatten. Det kjem til å bli stygt.

– Korleis?

– Når politikarar kjem med sterke utsegner om enkelte innvandrargrupper og ber dei reise tilbake, blir debattklimaet ugunstig. Samtidig kan vi ikkje kalle folk som vil diskutere innvandring, rasistar. Eg fryktar at synda gjennom tjue år, då dei unnlét å snakke opent om problema knytte til vedvarande innvandring, no slår tilbake som ein bumerang.

– Kan du sette deg inn i korleis det er å bu i ein utsett drabantby?

– Eg er austkantgut, oppvaksen i Groruddalen. Å vere i Kronogården er litt som å vere på gamle tomter. Eg gjekk på Linderud skule, der det nyleg var ein knivepisode.

– Men det var få innvandrarar der omkring då du vaks opp?

– Ja, eg hugsar at vi åt spagetti hos ein italiensk familie, og at det var eksotisk. På den andre sida hadde vi gjengar og slåsting. Vi våga ikkje dra til Lambertseter, der eg bur no. Der var det ein annan gjeng som styrte. Og det var mykje narkotika. Av dei 30 som gjekk i klassen min på ungdomsskulen, var det 15 som fullførte. Nokre av dei eg kjende, har sete i fengsel store delar av livet. Men det er klart det er verre i dag. I dag ber folk våpen.

– I 2021 gav du ut Korstoget mot velferdsstaten, som handla om dreiinga mot nyliberalisme. Har Sverige 2024 sprunge ut av denne?

– Sverige er i ei særstilling i Europa fordi dei har gjennomført eit svært marknadsliberalt prosjekt. Korstoget var ein port inn dit. Men den gongen gjekk eg inn med eit kritisk blikk på ei global rørsle og praksisen og idésystemet der. Sverige 2024 er ei reportasjebok. Her er eg ein nøktern, oppsøkande journalist. Samtidig er eg statsvitar, så du finn samfunnsvitskapleg analyse også i denne boka. Eg har blant anna eit kapittel om marknadsskulen.

– Kan vi ende opp med at kommersielle aktørar driv norske skular, og at elevar blir bussa til betre strøk, slik dei blir i Trollhättan?

– Det som er avgjerande, er at vi stig opp av skyttargravene og diskuterer kor vi står, før vi diskuterer kor vi skal. Sverige har hatt ein laissez-faire-tankegang i integreringspolitikken. Det er på tide med statleg styring og politiske avklaringar.

– Kva seier svenskane om boka di? Har du høyrt frå dei?

– Yusuf Abdulahi, lærar og bystyrerepresentant og ein hovudperson i boka, er kjempefornøgd. Politisjef Jenny Wester stiller seg hundre posent bak mi framstilling av gjengkriminaliteten. Vi får sjå når fleire har lese boka. Det hadde vore strålande om storebror omsette veslebrors syn på dei.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis