Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

– Eit uansvarleg fleirtal

– Eg kjenner meg trygg på at folk veit at utan oss hadde den generelle innvandringa frå den tredje verda vore mykje høgre, seier Jon Helgheim frå Frp etter at partiet gjekk med på å henta 3000 kvoteflyktningar til Noreg neste år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jon Helgheim er innvandringspolitisk talsperson for Frp.

Foto: Frp

5451
20201204

Samtalen

Jon Helgheim

innvandringspolitisk talsperson for Frp

Aktuelt

Frp går med på å henta 3000 kvoteflyktningar til Noreg

jon@dagogtid.no

Framstegspartiet inngjekk tysdag ein budsjettavtale med regjeringa. AS Noreg offentleg sektor skal taka ut 14 milliardar til frå Oljefondet, vi skal framleis halda fram med å vera den staten i verda som tek mot flest kvoteflyktningar per innbyggjar, og vestlendingane får Stad skipstunnel, som truleg set noregsrekord i manglande samfunnsøkonomisk lønsemd. Frp er rett nok ikkje nøgd med avtalen. Partiet seier det står på sitt framlegg til alternativt statsbudsjett, men når det er røysta ned, kjem Frp til å røysta subsidiært for forhandlingsresultatet dei har fått til.

– Skulle USA taka mot relativt like mange kvoteflyktningar som Noreg, hadde det svara til 233.000. Dei tek mot 20.000. Ingen land er i nærleiken av å taka mot så mange som vi. Kva skal vi seia om at Frp går med på det?

– Det er ikkje til å koma forbi at i Noreg har vi eit fleirtal som er uansvarleg på dette feltet. Ja, vi er sjølvsagt sterkt mot å taka mot 3000, men for oss handlar det om totalen. Den har vi fått ned vesentleg. Det kjem langt færre flyktningar til Noreg enn før vi gjekk inn i regjeringa. Vi må 25 år attende for å finna like låge tal som no, og det skjer trass i at vi tek mot 3000 kvoteflyktningar per år.

– Men det er svært dyrt. Ifylgje Brochmannutvalet kostar ei kvinne i visse innvandrargrupper statskassa rundt 9–10 millionar gjennom livet.

– Det kostar vesentleg meir enn det om vi ser på dei som har flyktningbakgrunn. Ein mannleg flyktning som får opphald, kostar 19,3 millionar. Denne innvandringa er ekstremt dyr, og ho fører til at vi kan hjelpa langt færre ute i verda.

– Og likevel går de med på langt fleire kvoteflyktningar enn det tidlegare storting har ynskt?

– Det finst diverre få i Noreg som forstår denne logikken, eller vil forstå den logikken. Ja, alle i Noreg veit at om vi hadde hatt fleirtal, så hadde vi ikkje henta 3000. Vi ynskjer å hjelpa i nærområda, sidan det er mykje meir effektivt og når langt fleire for den same pengesummen. Men der er ikkje folk eller dei andre partia. Eit klart fleirtal mellom veljarane vil taka flyktningar til Noreg i staden for å hjelpa langt fleire i nærområda.

– Så då er de i Frp dårlege pedagogar som ikkje får folk til å forstå denne logikken?

– Vi kommuniserer vårt syn særs godt. Alle, ja, alle i Noreg veit at vi vil taka mot langt færre. Men vi må berre innsjå at det synet ikkje har eit fleirtal hjå veljarane. Dei meiner at det er viktigare å henta folk hit enn å hjelp dei ute. Men eg er òg trygg på at veljarane veit at utan oss hadde endå fleire vorte henta hit. Det er berre Høgre og Frp som vil taka mot færre kvoteflyktningar. Dette handlar ikkje om kva vi har sagt, det handlar om at veljarane har makta og vil noko anna.

– Er ikkje dette litt for enkelt? Carl I. Hagen fekk Frp opp i 30 prosent av veljarane på meiningsmålingar. Han hadde om noko ein endå tydelegare retorikk på innvandringsfeltet.

– Det er mykje som speler inn når folk vel å røysta på eit parti. Det er veldig mange spekulasjonar om kva som flyttar veljarane. Men det verkar som folk ikkje er like opptekne av innvandring som før. Ja, det har nok vore eit ynske om å få ned den generelle innvandringa, og det har vi fått til. Men det ser ut til at veljarane er opptekne av at når det kjem færre asylsøkjarar, kan vi taka mot fleire kvoteflyktningar, og det sjølv om ein asylsøkjar kostar nett like mykje som ein kvoteflyktning. Ja, vi skulle ynskja at talet på kvoteflyktningar gjekk mot null, men når vi har gått med på 3000, har vi gjort det i byte mot ei sterk innstramming av asylinnvandringa. Eg kjenner meg trygg på at folk veit at utan oss hadde den generelle innvandringa frå den tredje verda vore mykje høgre.

– Men no har de pressa gjennom ei forverring av budsjettbalansen på 14 milliardar. Det vert dyrt for skattebetalarane.

– Kva meiner du no? Vi har då fått til ein vesentleg reduksjon av avgifts- og skattetrykket.

– Når de bruker oljepengane no, må framtida betala i form av høgre skattar eller dårlegare offentlege tenester. Frp var opphavlege eit parti for nedsetjing av offentlege utgifter og senking av skattar og avgifter.

– Det er berre tull, det der. Vi har alltid vore for å nytta delar av skattepengane. Sjølv om vi tek litt meir av overskotet i Oljefondet, aukar det framleis. Vi tappar ikkje Oljefondet på ein uansvarleg måte. No senkar vi avgiftene sterkt. Vi vil og har alltid meint at Oljefondet skal koma vanlege folk til gode.

– Men offentleg sektor berra aukar. Må de alltid røysta for at han skal verta større?

– Nei, vi skal redusera offentleg sektor. Det er fryktelege mykje daudkjøt. Det er enormt med offentleg byråkrati, og offentleg utgifter og forbruk som kan kuttast.

– Men i denne regjeringsperioden har Noreg vorte verdsmeister i storleik på offentlege sektor. I år går 65 prosent av BNP gjennom offentlege budsjett på fastlandet.

– Denne regjeringa må svara for det denne regjeringa gjer. Vi er ikkje ein del av denne regjeringa. Eg kan berre svara for det Frp vil gjera.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er berre tull, det der. Vi har alltid vore for å nytta delar av skattepengane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis