JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ei nødvendig avgjerd

Hadia Tajik kunne ikkje gjere anna enn å gå av som arbeids- og inkluderingsminister.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hadia Tajik (Ap) kunngjorde avgangen sin på ein pressekonferanse i Marmorhallen i Oslo onsdag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

4440
20220304
4440
20220304

Då LO-toppane Peggy Hessen Følsvik, Mette Nord og Jørn Eggum gjekk ut i VG måndag og bad Hadia Tajik leggje alle kort på bordet i pendlarbustadsaka, vart det klart at det ville verte vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, for Ap-nestleiaren å halde fram som arbeids- og inkluderingsminister.

Ein ting er at opposisjonspolitikarar og pressa har stilt henne til veggs. Ein annan er at dei som vert rekna som dei sterkaste støttespelarane til regjeringa, gjer det. Og det på ein svært kalkulert måte, i landets største nettavis. LOs tre mektigaste leiarar sit ikkje berre i Aps sentralstyre, men representerer nærmare ein million LO-medlemer – medlemer Hadia Tajik i rolla som arbeidsministar var sett til å tene. Såkalla vanlege folk.

Når dei ikkje var nøgde med svara frå Tajik og ho ikkje kunne servere fyldigare svar, var den naturlege utgangen å gje frå seg nøkkelkortet til departementet.

Burde gått før

Når det er sagt, er det gode grunnar til at ho burde gått av også uavhengig av mediestuntet frå dei tre LO-toppane. Ein av grunnane er realitetane i saka.

Det vi veit, er at Tajik, då ho var politisk rådgjevar i regjeringa, fekk skattefri bustad i perioden 2006 til 2010 etter å ha gjeve feil opplysningar til Statsministerens kontor. Bustadkontrakten ho leverte inn for å dokumentere kostnader til bustad i heimfylket, vart lagd i ein skuff. Ho budde aldri i bustaden.

Tajik har korkje klart å dokumentere utgiftene ho har hatt til bustad, eller å forklare på ein god måte kva som eigentleg har skjedd. Juridisk usemje om kva som skal til for at ein skal kunne nyte godt av skattefri pendlarbustad, gjer det vanskeleg å slå fast nøyaktig kor alvorleg bustadrotet til Tajik er. Men det er heller ikkje naudsynt. For når det etterlatne inntrykket er at ein politikar, og særleg ein arbeidsminister frå Arbeidarpartiet, ikkje har følgt intensjonen i eit skatteregelverk, er det alvorleg nok. Intensjonen har aldri vore å leggje til rette for å auke formue.

Nav-skandalen

Ein annan grunn til at Tajik uansett burde gått, er den respekten ein Nav-statsråd må ha for offera i Nav-skandalen. Kanskje vart statsministerdraumen Tajik kan ha bore på, knust med denne saka. Men kor mange draumar har ikkje vorte knuste som følgje av Nav-skandalen, der folk har vorte fengsla for å ha brote eit urimeleg strengt regelverk, som også viste seg å vere i strid med EØS-avtalen?

For kort tid sidan kunne vi i Dagbladet lese om kreftsjuke Marianne Evensen som drøymer om å køyre gjennom USA på Route 66 med familien sin før ho døyr, men vert hindra fordi Nav-dommen hennar ikkje vert fjerna frå strafferegisteret. For Nav-offera er nåde verkeleg eit framandord.

Det har vore forunderleg å sjå korleis ein så dyktig politikar som Tajik har gjort nesten alt feil i handteringa av pendlarbustadsaka. Ein kan berre lure på kvifor ho ikkje straks la alle kort på bordet og svarte på spørsmåla som kom. Det gjorde ho ikkje, og det har ho måtta ta konsekvensen av.

Eit tap

Når alt dette er sagt, er det på sin plass å seie at Tajiks fall er eit tap, ikkje minst for Arbeidarpartiet, men også for landet. For Arbeidarpartiet fordi ho i Arbeids- og inkluderingsdepartementet har levert på valløfta frå partiet og vore det sterkaste kortet i regjeringa, i ei regjeringstid som før invasjonen av Ukraina har vore sterkt prega av straumkrise og pandemitrøyttleik.

Ho er ein politikar med kapasitet til å verte statsminister. For landet fordi ho, med si imponerande klassereise og sin minoritetsbakgrunn, viser andre med liknande bakgrunn kva ein kan få til om ein jobbar hardt og godt. Tajik har vore ei stjerne.

Berre tida vil vise om Tajik har tillit nok til å halde fram som nestleiar i Arbeidarpartiet. I skrivande stund er LO-toppane tause om tillitsspørsmålet. Om partiet slår ring om henne eller ikkje, vil ikkje berre seie noko om pendlarbustadsaka, men også om kort godt nettverk ho har i partiet. Vi vil få sjå kor store konsekvensar det klare standpunktet ho tok i Giske-saka, har fått for henne.

Tajik kan framleis ha ei framtid som toppolitikar. Men då må ho nok gje svar som også vanlege folk forstår. Inntil vidare får ein annan statsråd følgje opp det Tajik har starta. Og rydde opp slik at Nav-offera får oppreisinga dei har krav på.

Christiane Jordheim Larsen er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

For Nav-offera er nåde verkeleg eit framandord.

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis