JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Grenselaus liberalisme

Venstre er meir radikalliberalistiske enn nokon gong. Ja, så radikale er dei at dei til og med vil kutta i pengebruken frå Oljefondet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Venstres partiprogram er dekt av eit stor bilete frå heimfjorden min, grenda Trandal i Hjørundfjorden, melder Jon Hustad med ein viss godhug.

13713
20210521

Venstre-programmet

SAMLA: Dette er Venstre, nett som forventa, futuristisk og liberalistisk, men utan den store realismen.
Terningkast 4

REALISTISK: Det er ikkje noko samsvar mellom dei prosjekta Venstre ynskjer gjennomført, og planen deira om å kutta oljepengebruken. Terningkast 2

SPRÅK: Det er fint at dei skriv kortare enn før. Men språk- og omgrepsbruken er for upresis. Terningkast 2

PROFIL: Klimaprofilen er på plass, ynsket om å kutta i rause velferdsordning er her framleis. I så måte er partiet der dei skal vera. Dette er eit urbanistisk og liberalistisk parti. Terningkast 5

Venstre

Partiet Venstre er det eldste partiet vårt. Det vart stifta samstundes som Venstre tvinga gjennom parlamentarismen i 1884.

Partiet kallar seg sosialliberalt og stod attom innføringa av velferdsstaten og ein marknadsstat utan privilegium.

Det har vorte stadig mindre etter kvart som særinteressene har stifta eigne parti.

jon@dagogtid.no

Framsida av Venstres partiprogram er dekt av eit stor bilete frå heimfjorden min, grenda Trandal i Hjørundfjorden. Eg les det som ein freistnad på muting. Men jau, det fyller meg med ein viss godhug. At partiprogrammet er meir enn halvvert, til berre 74 sider samanlikna med det førre, hjelper òg på humøret.

Men alt frå starten skjer det seg litt, eg forstår ikkje omgrepsbruken: «Frihet handler om å skape forutsetninger for at alle kan leve på sine egne premisser. Det handler om friheten til å ta den utdanningen du ønsker, starte den bedriften du brenner for, leve det familielivet du ønsker, og leve i trygge fellesskap.»

Denne absolutteringa av fridomen trur eg ikkje på. Ein manns absolutte fridom er ein annan manns fengsel. Eg kunne godt ha tenkt meg å verta sivilingeniør, men eg hadde korkje kompetansen eller karakterane som skulle til. Det er òg slik at eg skulle ynskja eg kunne sjå ungane mine heile tida. Eg, og mange med meg, lever ikkje det familielivet eg ynskjer, men ingen stader i programmet står det at Venstre vil oppheva retten til skilsmisse. Berre eit mindretal av dei som ynskjer å verta lækjar, kan verta det. Det finst ei rekkje verksemder som ikkje kan etablerast. Programkomiteen kunne ha teke ein samtale med nokre pelsdyroppdrettarar for å få stadfesta det. Venstres fridom er umogleg og difor dårleg tenkt.

Bort med oljen

Når dei i neste avsnitt så skriv at «vårt samfunn blir bedre når ingen faller utenfor», går humøret mitt endå meir ned. Venstre har nytta det meste av våren på å kjempa for avkriminalisering av narkotika, eit samfunn som lèt folk velja, er også eit samfunn der mange er garanterte å falla utanfor. Eit samfunn der ingen ramlar, er eit totalitært samfunn. Nei, eg trur ikkje Venstre verkeleg ynskjer eit samfunn der ingen fell utanfor, men til neste gong bør dei skaffa seg ein programkomité med betre språkforståing.

Svært mykje av plassen går med til å ramsa opp klimatiltak. Det er ikkje særmerkt for Venstre, og det meste har stått i tidlegare program, men eit nytt tiltak er der: «Verden har allerede funnet mer fossil energi enn klimaet tåler at vi utvinner. Derfor må vi slutte å lete etter mer olje og gass og ikke tildele nye lisenser på norsk sokkel.»

Greitt nok. Men alt i neste avsnitt fortel dei at dei vil reformera skattesystemet for leiting og påfylgjande investeringar. Venstre vil «avvikle leterefusjonsordningen, begrense friinntekten og redusere ekstra rentefradrag og avskrivningsregler slik at det er selskapene og ikke staten som tar risikoen». Men når vi ikkje skal leita meir, treng vi då ikkje å reformera skattesystemet for leiting. Når ein ikkje leiter, vert det ikkje mykje trong for «leterefusjonsordningen».

Konfliktfrie rovdyr

Det vert for mykje oppramsing av gode intensjonar og for lite konsekvensanalyse. Meiner til dømes landsmøtet til Venstre dette?: «Bestandene av ulv, bjørn, gaupe og jerv er i dag for lave. Vi vil ha levedyktige bestander av alle de store rovdyrene, i tråd med naturfaglige anbefalinger. Vi mener det er mulig å redusere konfliktnivået mellom beitedyr og rovdyr.»

Ja, vi forstår alle at Venstre ikkje går inn for å mekla mellom beitedyr og rovdyr for å få ned konfliktnivået mellom desse to gruppene, men om vi ser bort frå formuleringa, trur verkeleg Venstre at det vert færre konfliktar mellom bønder og verneinteresser om vi får fleire rovdyr her til lands? Eg trur derimot at når det vert fleire ulv, tek desse ulvane fleire sauer, og Trygve Slagsvold Vedum kjem til å halda fleire pressekonferansar.

Og det er dette som er problemet med dette partiprogrammet: Det er ikkje truverdig. «Innen 2025 vil vi at all kollektivtransport skal være fossilfri», skriv dei til dømes. Det kjem ikkje til å skje. Norske fly kjem framleis til å gå på fossile brennstoff om tre og eit halvt år, og det sjølv om Venstre vil at «Norge skal være først og best på nullutslippsfly».

Men eitt tiltak vil få ned flytrafikken her til lands, og det er Venstres framlegg om å leggja ned taxfreeordninga for å få ned klimautsleppa. «Dagens taxfree-ordning gjør at vi subsidierer forurensende flyreiser med skattefritak på alkohol og tobakk.» Men kvifor dei vil kompensera Avinor for tapa ved å overføra pengane via Stortinget, er uklart. At subsidiane berre tek ein tur innom statsbudsjettet før dei går til flyreiser, gjer ikkje mykje frå eller til.  

Repetisjonar

Eit av problema med å melda partiprogram er faren for å gjentaka seg sjølv. Eg har til dømes fleire gonger vore inne på kor lite miljøvenleg det er å byggja snøggtog mellom dei store norske byane. Her skal eg berre seia at også Venstre går inn for dette, og at det er like lite klimavenleg når Venstre går inn for det, som det er når andre parti går inn for det. Også Venstre vil halda fram arbeidet med å få jarnbane i nord. Også Venstre vil altså ha ein dramatisk auke i bruken av jarn og sement.

Men Venstre hadde ikkje vore Venstre om dei ikkje gjekk inn for radikale ting. Dei seier til dømes at dei vil fjerna rentefrådraget, av di «dette vil bidra til å bremse prisveksten i boligmarkedet». Ja, det trur eg kvar økonom vil seia seg samd i, men i same moment skriv dei også: «For å gjøre det enklere for førstegangskjøpere og enslige å komme inn i boligmarkedet vil vi gi Husbanken tilstrekkelige lånerammer for startlån til alle som trenger det. Vi vil fjerne egenkapitalkravet for førstegangskjøpere, slik at de som ikke har egenkapital i bolig fra før får en bedre mulighet til å komme seg inn i markedet. Vi vil frita denne gruppen for dokumentavgift.»

Dette gjev ikkje meining når dei samstundes seier «vi vil dempe prisveksten i boligmarkedet». Om langt fleire får startlån, går bustadprisane opp. Å fjerna dokumentavgifta vil gjera det same, og det vil verkeleg ei fjerning av eigenkapitalkrav òg gjera. Meir likviditet inn i marknaden er og vert ei oppskrift for auka prisar. Og å gje ei gruppe privilegium som ei anna gruppe ikkje har, er sjølvsagt også ei oppskrift på skattetilpassing.

Alle foreldre med born og pengar vil med ei slik ordning kunna søkja om startlån i namnet til borna når dei vert 18. Dette er å gje rike familiar store subsidiar og ein garanti for å auka skilnader her til lands. Dessutan vil ei fjerning av eigenkapitalkrav gjera den neste bankkrisa endå større. Derimot seier dei ingenting om ein statleg eigedomsskatt, som ville ha hatt ein effekt på bustadprisane.

Digitalisering

Særleg dei siste åra har det kome mykje god nasjonal og internasjonal forsking om dei negative sidene ved digitalisering, og seinast no i vår har eit samla nasjonalt matematikkmiljø gått sterkt ut mot digitalisering. Venstre har entusiastisk støtta denne digitaliseringa. Er det von om digitaliseringstrenden kan reverserast om Venstre held fram med ein undervisningsminister i neste periode òg? Svaret er eit klart og tydeleg nei: «Vi vil at alle elever skal ha lik tilgang til digitale plattformer, nettbrett og bærbare datamaskiner. Alle elever skal lære grunnleggende programmeringsferdigheter. (…) Vi vil at alle barn og unge skal bygge digital kompetanse på skolen.»

Venstre kallar seg sjølv eit kunnskapsparti, men når det gjeld digitalisering, er dei like religiøse som før. Noreg er eit av verdas mest digitaliserte samfunn. Dei fleste som har gjeve tilskot til denne digitaliseringa, hadde korkje smarttelefon eller nettbrett då dei var unge. Dei hadde derimot bøker. Anne Mangen, som er professor ved lesesenteret i Stavanger, talar på vegner av mange medforskarar når ho til Forskning.no seier dette: «Når vi samtidig vet at det særlig er denne lesingen (i bok, red. merk.) som fremmer leseferdighetene, er det uheldig at stadig mer av lesingen i skolen skjer på skjerm.»  

Teknooptimistar

Men Venstre er ikkje der, dei er derimot eit særs teknologioptimistisk parti. Det er hydrogen, digitalisering, karbonlagring og utsleppsfri gruveteknologi side opp og side ned. Alt dette nye skal skje samstundes som tollmurar skal bort og frihandel auke.

Ja, dette er kanskje i samsvar med den liberalistiske arven i Venstre, men teknologiframsteg, utbygging og frihandel er også vesentlege årsaker til at verda har så høge klimautslepp. Boklesing fører til langt mindre utslepp enn mobiltelefonar og nettbrett, hurtigtog fører til langt større utslepp enn gamle diesellokomotiv på Nordlandsbanen, og frihandel til høgre forbruk enn proteksjonisme.

Venstre er langt frå einsamt i denne hugen etter ny teknologi og meir internasjonalisering. Men det er få om noko anna parti som er så grenseslaust ovundrande for alt det nye som Venstre er. Er det til dømes noko koronaen har vist oss, er det at Noreg kan fungera utan internasjonal masseturisme. Venstre er berre ikkje der: «Vi vil styrke Norge som helårlig reisemål og øke sysselsettingen ved satsing på produktutvikling og markedsføring.» Skal vi få ned klimautslepp som Venstre gong etter gong seier dei vil, er det vel ikkje fleire tilsette i turistindustrien Noreg treng? Slike refleksjonar finn ein ikkje hjå Venstre.

Nei til KrF

Dette er også eit program som er reinska for verdikonservatisme. At KrF og Venstre i dei siste åra har vore ivrige samarbeidspartnarar, ber programmet alt anna enn preg av. Her er det lagring av vev, bioteknologi, fjerning av K-en i KRLE og auka høve til fri abort. Berre på innvandringsfeltet er dei to partia framleis like, der vil båe ha ei kraftig liberalisering, sjølv om båe har vore med på ei kraftig innstramming dei siste åtte åra.

Med dette programmet har partiet sagt klart og tydeleg frå om at dei er eit urbanistparti som skal appellera særleg til dei unge og høgt utdanna. Kva meiner dei til dømes om forbod og straff innanfor rusfeltet? «Forbud fører til at lettere stoffer blir lett tilgjengelig og er en døråpner inn i kriminelle miljøer og til tyngre narkotiske stoffer.» Mange av oss har i alle år trudd at forbod og straff mot til dømes hasj gjer at stoffet er mindre tilgjengeleg og høgre prisa. Venstre berre slår fast at slik er det sjølvsagt ikkje. At dei vil at Vinmonopolet skal vera ope til klokka åtte både på kvardagar og laurdagar, og at meir og sterkare alkohol skal vera tilgjengeleg i butikkane, er like sjølvsagt.

For seint?

Spørsmålet er likevel om ikkje all denne liberaliseringa kjem for seint. Det er mange i matfatet Venstre vil eta av. Venstre er det partiet som har samarbeidd tettast med KrF dei siste åtte åra. Likevel er dei to partia meir ulike enn nokon gong. Kva var i grunnen poenget med dette samarbeidet?

Medan alle har vore klar over at KrF er for kristenfolket, har Venstre i alle år hevda at dei står over og utanfor særinteressene ­­– at dei representerer ålmenninteressene. Problemet er berre at veljarane ikkje ser ut til å meina at Venstre representerer dei. Venstre på Stortinget har i staden vore partiet med kjepphestar. Litt meir til eit tog der, litt færre plastposar her og noko seteavgift der borte. Når det eldste partiet vårt brått fekk føre seg at dei ville fjerna historie som eige fag, vitnar ikkje det om eit parti som tenkjer langsiktig og konsekvent.

På eitt felt peikar rett nok partiet seg ut som noko nokså unikt i partifloraen, og det er på økonomifeltet. Dei vil framleis skjera litt, ikkje mykje, i sjukeløna, og dei går inn for at staten ikkje skal gje ei einaste krone til AFP-pensjonistar i privat sektor. Dessutan vil dei redusera uttaket frå Oljefondet frå 3 til 2,5 prosent. I tillegg vil dei selja seg ned i Equinor og delprivatisera giganten Statkraft. I så måte er partiet det siste borgarlege partiet i Noreg.

Men som Erna Solberg har vist oss dei siste åtte åra: Borgarleg politikk er ikkje populært i Noreg. Utgiftsauken har vore rekordstor, og staten vert stadig meir innblanda i næringslivet gjennom store subsidiar. Dessutan er det langt ifrå sikkert at Venstre faktisk meiner det dei skriv i programmet. I dei seks åra dei sat utanfor regjeringa, sytte dei i kvar budsjettinging for at utgiftssida i statsbudsjettet auka. Då var dei ikkje partiet som var mot særinteressene, då vart dei partiet som skulle helsa heim i staden for å tenkja heilskap.

Fotografen?

Elles har partiet framleis ei radikalt syn på opphavsretten: «I dag kan domstoler stoppe bruk av materiale på norske nettsider med den begrunnelse at materialet er beskyttet under opphavsretten. Vi mener at en slik beskyttelse er en utfordring for ytringsfriheten og vil derfor begrense domstolenes mulighet til å innskrenke fri meningsytring på denne måten.»

Det er kanskje difor Venstre ikkje har kreditert fotografen av fotoet frå Hjørundfjorden på framsida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Spørsmålet er likevel om ikkje all denne liberaliseringa kjem for seint. Det er mange i matfatet Venstre vil eta av.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis