Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Høgt spel i Sverige

– Seier Centerpartiet ja til oss, kan Löfven kome tilbake, seier Ida Gabrielsson i Vänsterpartiet, som nyleg var med på å felle den svenske regjeringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag erklærte fleirtalet i Riksdagen, Vänsterpartiet, Sverigedemokraterna, Kristdemokraterna og Moderaterna, mistillit mot regjeringa til sosialdemokraten Stefan Löfven.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

4235
20210625

Samtalen

Ida Gabrielsson

Nestleiar i Vänsterpartiet

Aktuell

Regjeringskrisa i Sverige

4235
20210625

Samtalen

Ida Gabrielsson

Nestleiar i Vänsterpartiet

Aktuell

Regjeringskrisa i Sverige

eva@dagogtid.no

Sverige er eit anna land, og når det gjeld bustadpolitikk, er det svært annleis. Når fleirtalet i Riksdagen for fyrste gong i historia erklærte mistillit mot ei regjering, skjedde det fordi koalisjonsregjeringa av Socialdemokraterna og Miljöpartiet la fram ei utgreiing som opna for marknadsliberalisering av leigeprisane på nye bustader.

Vänsterpartiet, som har støtta den såkalla januaravtalen som gjorde det mogleg for Stefan Löfven å verte statsminister i 2018, røysta for mistillitsforslaget frå Sverigedemokraterna, saman med borgarlege Moderaterna og Kristdemokraterna. Dag og Tid har snakka med Ida Gabrielsson, nestleiar i Vänsterpartiet.

– Kvifor er de så imot marknadspris på utleigebustader?

– Sverige har historisk hatt ein sterk bustadpolitikk og bygd mange utleigebustader med høg standard, som det òg har vore rimeleg å leige. Det regjeringa ville no, var å avskaffe den kollektive forhandlingsretten om utleigepris for nybygg. Det ville ført til mykje høgare leigeprisar. Det vi har sett frå Finland, som har innført marknadspris, er at det også har ført til ein stor auke i bustadbidraga frå staten for å dekkje opp for alle dei som ikkje har råd til å betale husleiga sjølv.

– Forslaget gjaldt berre nybygg skal visstnok vere viktig for at det skal byggjast meir?

– I andre land som har opna for marknadspris, har det raskt spreidd seg til resten av utleigefeltet. I Finland tok det berre fire år. I ein slik situasjonen ville til dømes kvar femte innbyggjar i Stockholm vore omfatta av forslaget.

– Kva var gale med kompromissforslaget Centerpartiet og regjeringa la fram førre helg?

– Dei sa at partane i bustadmarknaden skulle få forhandle, og at resultatet av forhandlingane skulle gjennomførast dersom dei vart samde. Vart dei ikkje samde, skulle regjeringa innføre marknadspris likevel. Forslaget var eit spel for galleriet og ikkje noko som ville føre fram interessene til dei tre millionar leigetakarane i Sverige.

– De har støtta dykk på høgresida, inkludert på Moderaterna og Kristdemokraterna, som ikkje eingong var imot forslaget om marknadspris på utleigebustader, men ville felle Löfven. Risikerer de ikkje no at liberaliseringa vert gjennomført uansett, men av ei regjering som står lenger frå dykk?

– Utgangspunktet her er at regjeringa, Centerpartiet og Liberalerna laga ein avtale (januaravtalen, journ. merk.) som vi ikkje var med på å forhandle om, men som dei bad om vår støtte til for å sleppe fram Löfven. Vi sette to vilkår for den støtta. Det eine handla om arbeidsretten og det andre om marknadspris for nybygde leilegheiter. Den lovnaden vil vi halde, for dette er spørsmål vi oppfattar som viktige for tre millionar leigetakarar og for arbeidsmarknaden. Så ønskjer vi sjølvsagt ikkje at høgresida skal vinne fram, men set vi oss ned og kompromissar, vi fire andre partia – Liberalerna har jo no gått over til borgarleg side – så vert det ikkje ekstraval.

– Så de vil forhandle med Socialdemokraterna, Miljöpartiet og Centerpartiet?

– Ja, vi er klare til å snakke med dei. Så no er det opp til Centerpartiet å bestemme seg. Anten må dei velje Sverigedemokraterna, eller så må dei kompromisse med oss. Seier dei ja til oss, kan Löfven kome tilbake men utan å innføre marknadspris. Seier dei nei til begge, vert det ikkje mogleg å få i hamn noko statsbudsjett på nokon kant.

– Dagens Nyheter melder at høgresida har eit forsprang på målingane no. Kva synest du om det?

– Miljöpartiet ligg rett under sperregrensa, men eg er ganske viss på at dei kjem til å kome over. Og Liberalerna kan hamne under, så eg trur ikkje vi skal leggje for mykje i den målinga.

– Men om det vert nyval og borgarleg fleirtal, har mistillitserklæringa vore verdt det?

– Eit nytt val skal vi ha uansett om eit år, så om det vert borgarleg fleirtal med Sverigedemokraterna, hadde det kunna skjedd om eit år òg. Men vi skal gjere alt vi kan for at det ikkje vert slik.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Forslaget var eit spel for galleriet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis