Krass kritikk mot Finansdepartementet
Sivilombodet rettar hard kritikk mot Finansdepartementet i ei klagesak som gjeld innsynsnekting i dokumentlister i departementet.
Sivilombod Hanne Harlem rettar kraftig kritikk mot Finansdepartementet, leidd av Trygve Slagsvold Vedum, for behandling av ei klagesak Dag og Tid fremja mot Finansdepartementet.
Foto: Heiko Junge / NTB
Offentleglova
vidar@dagogtid.no
Finansdepartementet har i meir enn 15 månadar nekta innsyn i dokumentlister som gjeld saka om Christine Meyers avgangen frå stillinga som direktør i Statistisk sentralbyrå i 2017. Regjeringa vil nå endre lovverket for å hindre slikt innsyn. Sist veke konkluderte Sivilombodet, som har i oppgåve å føre kontroll med forvaltninga på vegner av Stortinget, med at Finansdepartementet har brote offentleglova:
«Sivilombudet er kommet til at Finansdepartementet ikke har behandlet innsynskravet i tråd med offentleglovas regler. Det er unntatt opplysninger uten at dette er hjemlet i lov eller forskrift gitt i medhold av lov.»
Ombodet ber Finansdepartementet «snarest om å behandle saken på nytt i tråd med det som fremgår ovenfor, og om å bli orientert om utfallet av den nye behandlingen innen 12. mai 2023».
Bakgrunnen
I januar 2022 dokumenterte Dag og Tid manipulasjon med møtereferat og notat i saka som gjaldt striden mellom Finansdepartementet og direktøren i Statistisk sentralbyrå, Christine Meyer. Striden resulterte i at Meyer gjekk av i november 2017.
På bakgrunn av avsløringane bad vi om innsyn i dokumentlistene i Finansdepartementet som handla om avgangen til Christine Meyer. Dokumentlister er lister over alle dokument som finst i ei sak, og er noko anna og meir omfattande enn postlister eller postjournal. Dokumentlistene skal også omfatte dokument som ikkje blir førte inn i postjournalen, til dømes interne dokument og notat.
Nekta innsyn
Finansdepartementet responderte ved å sende utskrift av postjournalen, trass i at vi uttrykkeleg hadde presisert kva vi var ute etter. Etter ny pågang frå Dag og Tid var svaret at ein ikkje hadde laga dokumentlister og heller ikkje ville lage dei eller gje innsyn.
Etter dette fremja vi i februar 2022 klage til Sivilombodet mot Finansdepartementet. Ombodet tok opp saka og bad om å få utlevert dokumentlister i Meyer-saka. Finansdepartementet leverte lister til ombodet, men presiserte at dei ikkje måtte utleverast til avisa. Departementet hevda at Dag og Tid hadde bede om å få lister over «organinterne dokument», og meinte at det ikkje var grunnlag for å krevje slike lister.
Neglisjerte ombodet
Sivilombodet kom med avgjerd i mai 2022 der dei for det første distanserte seg frå departementets framstilling av kva innsynskravet gjekk ut på, og for det andre bad Finansdepartementet ta kontakt med avisa for å avklare innhaldet i innsynskravet nærare.
Finansdepartementet fylgde ikkje oppmodinga frå Sivilombodet – tok aldri kontakt med Dag og Tid – og i august varsla Dag og Tid Sivilombodet. Ombodet bad i september Dag og Tid ta kontakt med Finansdepartementet på ny, noko Dag og Tid gjorde 25. september.
28. september svara Finansdepartementet ved å oversende to lister som dei kalla dokumentlister, med to ulike saksnummer, utan å opplyse om at dokumentlistene var ufullstendige. Det kom først fram etter at vi tok ny kontakt med departementet med spørsmål om dette var dei same listene som tidlegare var oversende til Sivilombodet. Departementet opplyste då at «organinterne dokument» var utelatne frå listene.
Ny klage
I tråd med tilrådinga frå Sivilombodet fremja vi så ny klage mot Finansdepartementet. Sivilombodet tok på ny opp saka.
Ombodet spurde i brev til Finansdepartementet 22. desember om kva som var heimelen for å unnta opplysningar om enkelte dokument frå dokumentlistene innsynskravet gjaldt. Vidare ville ombodet ha svar på om avgjerda fyller krava til korleis eit avslag skal utformast, og om departementets grunngjeving er i tråd med krav oppstilte i offentleglova.
Finansdepartementet svara i brev 12. januar at innsynskravet etter deira meining var det same som vart avslege 25. januar året før. Departementet skreiv vidare at ein ikkje kjende seg igjen i at det var unnteke opplysningar frå listene, og at det var opplyst at det var journalførte dokument som stod på listene. Departementet uttala vidare at det ikkje hadde plikt til å lage oversikt over relevante organinterne dokument. Departementet viste vidare til arkivforskrifta om at det ikkje er plikt til å journalføre organinterne dokument.
Ombodets vurderingar
Sivilombodet slår nå fast at det rettslege utgangspunktet er at alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar eller likande register som også omfattar dokumentoversikter. Unntak frå innsynsretten krev heimel i lov eller forskrift med heimel i lov.
Departementet har ikkje vilja svare på spørsmål frå Sivilombodet om kva heimel ein meiner å ha for å nekte slikt innsyn.
Når det gjeld sjølve innsynskravet, skriv ombodet:
«Finansdepartementet har lagt til grunn at innsynskravet 25. september 2022 er det samme som departementet avslo 25. januar 2022. Dette må bero på en misforståelse. Journalisten har presisert at han ikke har bedt om innsyn i ett samlet dokument som gir oversikt over alle organinterne dokumenter i et helt sakskompleks, slik som departementet la til grunn i sin avgjørelse 25. januar 2022.
Innsynskravet 25. september 2022 er formulert som et krav om innsyn i ’dokumentlista i saka som leidde til at Christine Meyer gjekk frå stillinga som direktør i SSB’. Journalisten har videre presisert i kravet at han ønsker innsyn i ’ei dokumentliste over alle dokument i saka’.
Etter ombudets syn må kravet forstås slik at journalisten ønsker innsyn i en oversikt over alle dokumentene på saken i saksbehandlings- og arkivsystemet, uavhengig av om de er journalført eller ei. Dette inkluderer også eventuelle interne notater, såkalte ’0-dokumenter’ o.l.»
Ombodet legg til at innsynskravet er formulert slik at dersom det er fleire saksnummer på saka, så vil innsynskravet også omfatte innsyn i tilhøyrande dokumentlister.
«Misforstått»
Ombodet held fram:
«Slik saken er opplyst for ombudet, synes Finansdepartementet å ha misforstått eller sett bort fra det nærmere innholdet i innsynskravet. Dette til tross for at både journalisten og ombudet har forsøkt å presisere hva innsynskravet gjelder. Det er etter ombudets syn ikke tvil om at det journalistens innsynskrav gjelder, er en (eller flere) dokumentlister som viser samtlige dokumenter i en (eller flere) sak(er), ikke bare de journalførte dokumentene. Dersom departementet var i tvil om hva innsynskravet gjaldt, burde departementet kontaktet journalisten for å avklare hva han ønsket innsyn i.»
Sivilombodet slår vidare fast at Finansdepartementet ikkje har vurdert innsynskravet i tråd med reglane i offentleglova.
«Kritikkverdig»
Ombodet slår også ned på at departementet ikkje fylgde opp oppmodinga frå ombodet i mai 2022 om å ta kontakt med Dag og Tid for å avklare innhaldet i innsynskravet.
Så kjem fylgjande kraftsalve:
«Det er også kritikkverdig at departementet, særlig i lys av sakens forhistorie, der både klager og ombudet understreket hva innsynskravet gjaldt, ikke besvarte flere av ombudets spørsmål i undersøkelsen herfra under henvisning til at departementet mente det var gitt innsyn i det klager hadde bedt om. Det måtte fremstå som klart at det likevel var grunn til å besvare også ombudets øvrige spørsmål. Vi minner om at Stortinget har forutsatt at forvaltningen skal følge opp og svare på ombudets henvendelser.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.