JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Levekår i endring

Kjersti Toppe uroar seg over at fleire no får dårleg råd, men meiner regjeringa har prioritert pengar til barnefamiliane som har størst risiko for å oppleve fattigdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det siste året har fleire fått dårlegare råd, og Frelsesarmeen har fleire stader i landet delt ut langt meir mat til trengande hushald enn tidlegare.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5459
20221223

SAMTALEN

Kjersti Toppe

barne- og familieminister (Sp)

Aktuell

Dårlegare økonomiske tider

5459
20221223

SAMTALEN

Kjersti Toppe

barne- og familieminister (Sp)

Aktuell

Dårlegare økonomiske tider

eva@dagogtid.no

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) veks 115.000 barn i Noreg opp i familiar med vedvarande låg inntekt, og fleire har fått dårlegare råd gjennom det siste året, med stigande renter, drivstoffprisar og matprisar. Inkassoselskap melder om auke i inkassosaker, og organisasjonar som tilbyr mathjelp, fortel om dobling av talet på personar som bed om hjelp. Denne veka føreslo skatteutvalet i tillegg momsendringar som kan gjere maten endå dyrare.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) er uroa over situasjonen.

– Det er dårlegare tider for mange. Det har vore klasseskilje her før òg, og mange har vakse opp i fattigdom, men no er det mange fleire som opplever å få dårleg råd og vanskar med å få endane til å møtast. Eg er uroa, spesielt for barnefamiliar som har store utgifter frå før.

– Ap har alt avvist forslaget om å auke matmomsen no, men kan det verte aktuelt på sikt?

– Her kan eg berre svare for meg sjølv, men eg ser det ikkje som noko som kan skje på sikt heller. Det måtte vere om vi differensierte mellom sunne og usunne produkt, men det verkar vanskeleg å skulle definere kvar grensa då skal gå.

– I regjeringserklæringa seier de at fattigdom skal reduserast, særleg den som råkar barnefamiliar. Korleis går det?

– Vi hadde ikkje føresett desse tidene. Kven kunne vel det? Men barn som veks opp i fattigdom, har vore ei utfordring og politisk tema også i betre tider, utan at vi har klart å gjere nok med det. Difor har eg sett ned eit ekspertutval som skal gje oppdaterte råd om korleis vi skal prioritere for å løfte fleire ut av fattigdom. Ein ny SSB-rapport indikerer òg ein nedgang i delen småbarnsfamiliar med årleg låginntekt. Rapporten peikar særleg på at auken i barnetrygda har bidrege positivt til dette. Isolert sett vil grepa regjeringa gjer i neste års budsjett, mellom anna med å prisjustere barnetrygda og styrkje den utvida barnetrygda, kunne bidra til å vidareføre og forsterke denne positive utvikling.

– Men kva er dei store grepa, slik du ser det?

– Det er ikkje éin ting, alt heng saman, men det viktigaste er ein god fordelingspolitikk som gagnar dei som har minst, mest. Eit arbeidsliv med plass til alle, også dei som ikkje klarar å yte fullt, er viktig. Det er jo ikkje barn som er fattige, det er foreldre. Så handlar det om korleis vi innanfor dei rammene prioriterer barnefamiliane og syter for universelle ordningar som når alle. No diskuterer vi barnetrygd og kontantytingar, men vi har også gjort mykje for å redusere rekningane for barnefamiliar. Vi har kutta maksprisen for barnehage og innfører gratis kjernetid i SFO. Dei eg er mest uroa for no, er dei med barn over barnehage- og SFO-alder. For dei har barnetrygda stått stille lenge.

– Høgre meiner barnetrygda er blant dei mest målretta måtane å hjelpe barnefamiliar på, og har i sitt alternative budsjett auka ho med 3000 kroner per barn. De har auka trygda for einslege forsørgjarar, men berre prisjusterer ho for andre?

– Høgre kutta maksprisreduksjonen vår for barnehage og gjeninnførte 95 prosent-regelen som set tak på kva uføre kan få i barnetillegg. Det straffar dei fattigaste, dei med mange barn og låg inntekt, så eg opplever ikkje at Høgre har eit betre budsjett for barnefamiliar enn vi.

– Ungdomar Raude Kors har intervjua i ei kartlegging av kvardagen til fattige barn, held òg fram auka barntrygd som eit av dei viktigaste tiltaka for å hjelpe. Treng ikkje alle barnefamiliar meir barnetrygd no?

– Sjølv om vi er i ei dyrtid, er vi òg i ein situasjon der vi måtte prioritere hardt på statsbudsjettet. Regjeringa vart samd med SV om å prisjustere ordinær barnetrygd og auke den utvida barnetrygda, og vi hadde alt føreslege å fjerne særfrådraget for einslege forsørgjarar og auke den utvida barnetrygda tilsvarande. Endringane trer i kraft frå 1. mars. Samla brukar vi i underkant av 1 milliard kroner på dette i 2023. Vi prioriterer pengar til barnefamiliane vi veit har størst risiko for å oppleve fattigdom: dei med småbarn og einslege forsørgjarar. Difor har vi prioritert gratis kjernetid i SFO og redusert pris for barnehage. Det vil gje mange tusen kroner mindre i utgifter i året for dei.

– Ungdomane peikar òg på gratis skulemat som eit viktig tiltak, og det er noko regjeringa sjølv har gått inn for i regjeringserklæringa. Burde ikkje det innførast nettopp no, når matprisane har auka 13,1 prosent på eitt år?

– Jau, og ting har endra seg sidan vi la fram statsbudsjettet, og må vurderast i eit anna lys no enn i haust. Vi må heile tida sjå kva meir vi kan gjere, og eg meiner det er mange gode argument for å innføre gratis skulemat.

– Hushalda har i snitt fått 18.000 kroner mindre å rutte med i 2022, ifølgje SSB. Burde ikkje politikken generelt demme betre opp for så store endringar?

– Politikken demmar opp. Noreg har i mange år vorte kåra til det beste landet å bu i for barn og unge. Vi har gode velferdsordningar, med foreldrepermisjon og full barnehagedekning til akseptabel pris. Det må vi ikkje gløyme. No kjem det nye utfordringar, der det vi har gjort så langt, ikkje er nok. Men det er jo ikkje slik at vi har slått oss til ro med situasjonen no sjølv om statsbudsjettet for 2023 er lagt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis