Meir til distrikta og til utlendingar
I det alternative statsbudsjettet sitt snakkar Senterpartiet mykje om at dei vil satsa på nasjonalt eigarskap. Men skatteopplegget deira gjev utanlandske eigarar eit stort konkurransefortrinn.
Partileiar Trygve Slagsvold Vedum på Løvebakken etter pressekonferansen der Senterpartiet la fram det alternative statsbudsjettet for 2021.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Bakgrunn
Senterpartiet vil nytta 29 milliardar ekstra i oljepengar neste år.
Dei vil nytta særskilt mykje på koronatiltak. Flybransjen skal få støtte og avgiftslettar svarande til 5 milliardar kroner.
Paritet vil auka formues- og utbyteskatten. I tillegg skal toppskatten sterkt opp.

Senterpartiet
jon@dagogtid.no
Dag og Tid har ikkje for vane å sjå på dei alternative statsbudsjetta dei ulike opposisjonspartia legg fram. No skal vi gjera eit unnatak. For Senterpartiet (Sp) er for tida faktisk så stort at den komande makta går gjennom dei. Denne veka gjekk Sp for fyrste gong forbi Arbeidarpartiet på VGs meiningsmåling. I neste periode kjem etter alt å døme alle statsbudsjett til å verta oppgjorde med eit kraftig Sp-stempel. Difor er det interessant å gå Sps alternative budsjett etter i saumane. Og berre for å slå det fast med ein gong: Ingen av dei andre store partia har gjeve seg sjølve ei så stort handlingsrom i 2021 som det Sp har. Det skulle ein tru også gav rom for store og særmerkte satsingar.
Sp byrjar med forsvar og beredskap: «Norge må ta et større ansvar for å ha et robust nasjonalt forsvar», skriv dei. Den 27. september i år sende Sp ut ei pressemelding. Der fortalde dei at partiet ville nytta 2 prosent av verdiskapinga i Noreg (BNP) på Forsvaret innan 2024. «Nå må partiene slutte å bare prate om forsvar, nå vil vi ha handling», sa forsvarspolitisk talsperson Liv Signe Navarsete.
No veit ingen heilt kva BNP vert i 2024, men i 2019 sa Nato at det norske forsvarsbudsjettet målt etter BNP var 12 milliardar for lite. Sp seier i det alternativet statsbudsjettet at dei vil auka løyvingane med 1,1 milliardar i 2021 samanlikna med framlegget til regjeringa. Skal vi nå 2 prosent-målet, må altså det skje i 2022 og 2023. I 2021 finn dei svært lite av forsvarspengane dei har lovt å finna, og det sjølv om Sp aukar oljepengebruken med 29 milliardar (15 milliardar etter budsjettforliket med Frp, red. merk.) utover det historisk ekspansive budsjettframlegget regjeringa har kome med.
Norwegian?
Den 18. november gjekk leiaren for Sp på talarstolen i Stortingets spørjetime. Trygve Slagsvold Vedum hadde på seg eit Norwegian-slips. Han ynskte å få vita kva Erna Solberg ville gjera for å berga Norwegian. Ved årsskiftet var 76 prosent av dei tilsette i selskapet utanlandsk arbeidskraft. Dei er lenge sidan Norwegian kunne kallast eit norsk selskap. I praksis er det av skattegrunnar eit irsk selskap. Nettopp difor søkte Norwegian om konkursvern i ein irsk domstol no i november.
Ved utgangen av september i år var skulda på 52 milliardar, hovudsakleg pantegjeld i fly og skuld til internasjonale leasingselskap. Det er særleg USA som kjem til å tapa pengar om selskapet går konkurs. Særleg Boeing har fått eksportgarantiar frå den amerikanske regjeringa. Men også Kina får svi. Vert Norwegian i si noverande form berga, går pengane til utlendingar. Om vi seier at den norske staten går inn med 15 milliardar for slik å redusera eksponeringa utlendingar har mot Norwegian, svarar det til å gje kvar norsk tilsett ved årsskiftet 6,7 millionar kroner.
Det utvikla seg eit munnhoggeri mellom Vedum og Solberg. Statsministeren avviste at norske skattebetalarar skulle betale meir enn dei 3 milliardane staten tidlegare i år gav i lånegarantiar, pengar som truleg no er tapte for norske skattebetalarar. Ho ville vita kor mykje pengar Vedum ville nytta på Norwegian. Han kom ikkje med ein konkret sum.
Svaret får vi i det alternativet budsjettet til Sp. Dei vil inkludera alle flyselskap som flyg i Noreg i ei brei kompensasjonsordning. Det vil kosta 3 milliardar. I tillegg gjev dei skatte- og avgiftslettar på 2 milliardar. I røynda gjer dette svært lite frå eller til for Norwegian. Det går ikkje an å berre berga den norske delen frå konkurs.
«Koronatiltak»
Mest pengar vil Sp nytta på koronatiltak. Dei vil gje knappe 17 milliardar meir til verksemder og tilsette enn regjeringa. Men det er ikkje alt som er heilt korona. Til dømes vil dei gje sjukepengar til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande frå dag tre. Kvifor Sp rubriserer generelle sjukepengar under koronatiltak, er litt uklart. Det same gjeld ynsket om å utvida perioden for arbeidsavklaringspengar, som er mellombels uføretrygd. Dei vil også gje ferietillegg til arbeidslause. Det kostar 3,4 milliardar. Men er det verre å vera arbeidslaus under koronaen enn elles? I røynda er fleire av tiltaka ein permanent utgiftsauke. Men så gjev då også partiet koronakapittelet ei overskrift med hermeteikn: «Koronapakke».
Nei, Sp gjev ikkje på langt nær så mykje pengar som Vedum i ulike utspel har gjeve inntrykk av at partiet vil gje. Norwegian vert truleg ikkje berga av tiltaka Sp føreslår, Forsvaret er nesten like langt frå 2 prosent-målet, og ei forlenging av Nord-Noreg-banen til Tromsø får ikkje eingong ei ny utgreiing. Prosjektet vert ikkje nemnt med eitt ord.
Det vi òg kan slå fast, er at stort sett alle får, men at dei som produserer og sel mat, får meir enn dei fleste. I fjor kom ei offentleg utgreiing (NOU) om meirverdiavgift. Økonomane føreslo å innføra ein generell momssats på 25 prosent. Dei viste at det ville auka inntektene til staten med 25 milliardar og gje ein stor samfunnsøkonomisk vinst. Ulike satsar skapar eit stort byråkrati og gjev skattetilpassing og feilinvesteringar. Ekstrapengane som staten får inn, sa NOU-en, kunne gå til andre skattelettar, som ville gje ekstra vekstkraft.
Der er ikkje Sp. Dei vil ha ned matmomsen til svensk nivå, noko som kostar statskassa 4,8 milliardar per år. Samla vil Sp gje over 9 milliardar i avgiftslettar, og særleg skal avgiftene på CO2 og biodrivstoff ned. Det fyrste fører til høgre utslepp i Noreg, det andre høgre utslepp på verdsbasis. Dei vil nær sjølvsagt også hogga meir skog til brennstoff, som òg vil gje høgre reelle utslepp. Om Sp medvite er ute etter å provosera dei som er opptekne av klimaet, er uklart, men mykje av det Sp står for, samsvarar ikkje med rådande klimapolitikk, særleg ikkje at bønder og fiskarar skal sleppa det vi andre må betala for CO2-utsleppa.
Mykje korona
Sp seier at dei vil nytta mykje meir enn andre i dårlege år og mykje mindre enn andre i gode år. Og ja, ein del av tiltaka er av mellombels art og vert altså rettferdiggjorde med korona, men ein god del er ikkje det. Avgiftslettane er til dømes meinte å vera permanente. Trass i den store pengebruken er hovudbodskapen i budsjettet at Sp vil vera eit økonomisk ansvarleg parti som vil taka heile landet i bruk og leggja til rette for norskstyrt næringsutvikling og nasjonalt eigarskap.
Det er ikkje heilt sikkert at alt er like sant, anten det gjeld orda om nasjonalt eigarskap eller ansvarleg finanspolitikk. Den store sigeren til Jens Stoltenberg var at han skapte eit breitt forlik om innstrammingane i folketrygda og alderspensjonane. Berre Framstegspartiet valde å halda seg utanfor.
Ein av berebjelkane i det nye pensjonssystemet er den såkalla underreguleringa av alderstrygda. I praksis seier ho at pensjonistane skal få den gjennomsnittlege lønsauken minus 0,75 prosent. Sp seier rett ut at dei vil kasta vrak på denne modellen. Pensjonistorganisasjonane skal igjen få forhandla med regjeringa om ein auke, og Stortinget skal kvart år vedtaka politisk kor mykje meir pensjonistane skal få.
Stoltenberg fekk gjennom den automatiske innstramminga kvart år av di ingen storting historisk sett har våga å gje pensjonistane mindre enn dei som arbeider. Budsjettdokumentet til Sp inneheld ikkje noko svar på kva ei slik eventuell endring som dei gjer framlegg om, vil kosta. Men alt neste år vil dei gje ein auke i minstepensjonen på 10.000. I tillegg vil dei gje unge mykje høgre uføretrygd, både i permanent og i mellombels trygd. Over tid vil slike endringar i folketrygda kosta mange milliardar per år. Når vi så legg til alle dei permanente avgiftslettane Sp legg opp til, snakkar vi om ein dramatisk forverra budsjettbalanse i tiår framover.
Formuesskatt
Men ja, Sp har også nokre framlegg til auka inntekter, og dei er ekstra interessante sett i lys av retorikken og ulike kapitteloverskrifter. Partiet understrekar gong på gong at dei vil satsa på «nasjonalt eierskap» og «arbeidsplasser i distriktene». Det spørst om nordmenn som eig verksemder og skapar arbeidsplassar i distrikta, er samde i at det er dette Sp vil gjera. Det som her er viktig å hugsa, er at utlendingar ikkje betaler utbyteskatt eller formuesskatt til Noreg.
Dette er eit sjablongreknestykke, men det er likevel illustrerande. I dag er utbyteskatten på 31,64 prosent. Sp vil auka skattenivået til 35,2 prosent. I tillegg vil partiet auka formuesskatten til 1 prosent, opp frå 0,85. Dette får konsekvensar. Lat oss seia at du har ein aksjeformue på 100 millionar du må betala formuesskatt på. Du har eit litt dårleg år og får eit overskot eller avkasting på berre 2 millionar av kapitalen på 100 millionar som du må betala formueskatt på. Då skal du fyrst ut med 22 prosent i overskotsskatt. Du sit att med 1,56 millionar.
Deretter må du ut med 850.000 i formuesskatt. Men for å betala den formuesskatten, må du taka ut utbyte. Du tek alle dei 1,56 millionane du sit att med etter at overskotsskatten er betalt, i utbyte. Når utbyteskatten er betalt, har du att 1 million og 71.000 kroner. Så skal staten altså ha formuesskatt. Då sit du til slutt att med 221.000 av eit overskot på 2 millionar. Dette er dagen skattesystem.
Men Sp, derimot, vil at du etter utbyteskatt skal sitja att med 1 million og 11.000. Så kjem formuesskatten på 1 prosent av formuen på 100 millionar. Med Sps skattemodell har du 11.000 att på bankkontoen av eit overskot på 2 millionar når alt er betalt. Reknestykket er som sagt litt forenkla og avrunda, men det fortel om retninga Sp ynskjer å gå i.
Norske arbeidsplassar?
Men ja, det finst ein aksjerabatt, som i dag seier at aksjar berre skal telja 0,65 prosent av reell verdi. Sp vil auka verdien av aksjar til 0,75 når formuesskatten skal reknast ut. Også her vil dei auka skattetrykket. Og jau, det finst noko som heiter skjermingsfrådrag på kapitalavkasting. Dette frådraget er det same som renta på norske statsobligasjonar. Men i dag betaler staten knapt renter, og dimed er frådraget nesten verdilaust. Det er ingen tvil om at Sp vil auka skattetrykket for norske eigarar nokså kraftig.
Nei, det er langt frå sikkert at formuesskatt er dårleg for norske arbeidstakarar og norsk økonomi samla. Eit argument er at om du ikkje maktar å betala formuesskatt, driv du verksemda di for dårleg. Då er det like greitt at du sel henne til ein som driv betre. Eit hardt skattetrykk aukar omstillinga, vil ein del økonomar seia. Men sjølvsagt kan også dei beste eigarane få eit år der dei berre går med 2 prosent overskot på kapitalen, ja, dei kan til og med gå med underskot.
Men over tid bør du driva så godt at du maktar å betala formuesskatt. Sidan du veit at formuesskatten kjem uansett kvart einaste år, overskot eller ikkje, bør du setja av pengar til han i gode år. Men, vedgår alle seriøse økonomar, den nokså særnorske formuesskatten gjer at utlendingar har eit klart konkurransefortrinn samanlikna med norske eigarar.
Dessutan er det ikkje alltid så lett å skapa gode og stabile overskot i distrikta. Det er ikkje til å leggja skjul på at norske eigarar på småstadar og i bygder driv med små marginar, medan dei verksemdene som tradisjonelt har gått godt i distrikta, no er ått av utlendingar. Kinesarar eig Ekornes og Elkem, tyskarar eig Norcem og kyprioten John Fredriksen eig oppdrettslaksen. Og det er ingen børs i OECD som har så lite privat nasjonalt eigarskap og stort internasjonalt som Oslo Børs. Brøken mellom nasjonale og internasjonale investorar er unik for Noreg.
Sp vil gjera konkurransefortrinnet som utlendingar alt har, mykje større. John Fredriksen eig, som nemnt, mykje av norsk oppdrettsnæring og bur på Kypros. Han betaler alt no mykje mindre skatt på den kapitalen han har investert i laksemerdar, enn ein nordmann som bur på Frøya og som også har investert i laks. Får Sp viljen sin, vil avstanden i skattetrykk mellom nordmenn og internasjonale investorar verta endå større. Fredriksen kjem neppe til å klaga over det.
Bort med byråkratar
Ja, Sp har ein del innstrammingar. Desse går stort sett ut over byråkratar, som det skal verta langt færre av. Korleis dei vil gjennomføra det som i røynda må verta masseoppseiingar i offentleg sektor, fortel dei ikkje. Dei vil også ut av kontraktar som private barnevernsinstitusjonar har fått med det offentlege. Der skal dei spara inn 140 millionar.
Korleis rettssystemet vil reagera på at det offentlege seier opp slike langtidskontraktar på kort varsel, svarer ikkje Sp på. Heller ikkje kven som skal mista utgreiingsoppgåver i Forskingsrådet, som skal gje ei innsparing på 12 millionar.
Dei vil òg overføra oppgåver frå staten til kommunale Nav-kontor. Det meiner dei gjev ei innsparing på 300 millionar. Nokre fagforeiningar kjem nok til å vilja ha eit ord med i laget der. Ei av dei største innsparingane kjem elles ved at dei meir enn halverer EØS-budsjettet. Vi skal ikkje rekna med at EU går med på det sånn utan vidare.
For å seia det slik: Kutta som Sp går inn for, kan truleg berre gjennomførast om Sp får reint fleirtal på Stortinget.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Senterpartiet vil ha ned matmomsen til svensk nivå. Noko som kostar statskassa 8,4 milliardar per år.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.