Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Abortlova
Katti Anker Møller går for å vere den som først – på 1920-talet – kjempa for å få slutt på at kvinner som tok abort, blei straffa.
Først i 1964 kom det ei lov som gjorde det mogleg å ta abort lovleg.
I 1978 blei lova om sjølvbestemt abort vedtatt.
På 2010-talet blei det store protestar då regjeringa ville fjerne retten til fostertalsreduksjon og til å ta abort når «det er stor fare for at fosteret kan få alvorlig sykdom», etter veke 12.

marita@dagogtid.no
Tysdag 3. desember var ein ganske vanleg dag på tinget. Frå det lysna til det mørkna, gjorde politikarane det dei gjer: argumenterte, debatterte og voterte. Samtidig var det – som mange av dei 168 representantane understreka – ein historisk dag: Grensa for sjølvbestemt abort blei utvida frå veke 12 til veke 18.
Men dei som ønskte ei ny lov, møtte motstand før det blei votert om ei lang rekke paragrafar og ledd. Ei rad nye forslag blei lagde fram. Fleire parti var delte. Enkelte blei fristilte, slik at dei kunne stemme etter si eiga overtyding. Mange uttrykte tvil.
– Det er mange endringar som må gjerast, uavhengig av veketal, sa Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Men mange har meldt inn at nemnda var ei støtte i ei tung tid, sa ho.
– Er det nemnda som er rota til alt vondt her?
Galleriet var tidvis fullt då den nye abortlova blei behandla 3. desember.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Strafferunde
Ja, abortnemnda stod sentralt i debatten.
– Mange kvinner føler at det er som ein strafferunde, sa saksordførar Sandra Bruflot (H) i helse- og omsorgskomiteen då ho innleidde debatten.
95 prosent av alle som tar abort, gjer det før dei er 12 veker på veg, poengterte ho, og aborttala har gått ned. Dei lova ikkje har fungert godt for, er dei rundt 600 i året som må søke om å få ta abort etter veke 12.
Abort er eit dilemma, men kvinner er i stand til å ta etiske val sjølv, sa ho.
Det er eit paradoks, sa ho, at den same helsetenesta som har sagt at det er noko gale med fosteret, og som derfor gir kvinna lov til å ta abort, krev at ho må sitte og forsvare valet sitt, slik at ho kan få lov til å følgje rådet til helsetenesta.
Bruflot siterte eit avsnitt i forarbeidet til dagens lov, der det står at kvinna treng hjelp til å forstå konsekvensane av valet ho tar. «Kvinnens valg kan være impulspreget.»
Fem mytar
Ei som blei mykje sitert denne dagen, er Katti Anker Møller, som alt på 1920-talet kjempa for å få slutt på at kvinner som tok abort, blei straffa. Først ut med å seie at «vi elsker moderskapet, vi vil dets vel, men i fuld frivillighet og under vort eget ansvar», var Kamzy Gunaratnam (Ap) i helse- og omsorgskomiteen.
Deretter løfta ho fram det ho kalla fem mytar:
Dagens abortlov står seg fint; det er ingen grunn til å ta abort i velferdsstaten Noreg; ei utviding av den sjølvbestemte grensa til veke 18 vil gi ein flaum av seinabortar; den nye abortlova er radikal; alle er for tilgangen til abort.
Med det oppsummerte ho debatten idet han tok til.
I vinden
Dei i helse- og omsorgskomiteen som tok flest steg til og frå talarstolane 3. desember, var Olaug Vervik Bollestad (KrF), Seher Aydar (R) og Marian Hussein (SV). Hussein motsa både Bollestad, Irene Ojala (Pasientfokus), Bård Hoksrud (FrP), helseminister Jan Christian Vestre (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Også Hoksrud i helse- og omsorgskomiteen var i vinden – og blid.
– Eg håpar at også menn får meine noko om abort, sa han.
– Eg skal prøve å ikkje provosere nokon.
Marian Hussein (SV) stilte med replikkinnlegg etter talane til Bård Hoksrud (Frp), Olaug Bollestad (KrF), Irene Olaja (Pasientfokus), statsråd Jan Christian Vestre og statsråd Kjersti Toppe, før ho talte sjølv.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Hoksrud argumenterte for at abortnemnda er ikkje så problematisk som mange vil ha det til. I dei fleste tilfella er det snakk om ein formalitet, sa han, noko både Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Bruflot (H), Aydar (R) og Hussein (SV) opponerte mot.
Hussein innvende at det er ufornuftig å bruke ressursar på å kontrollere kvinner i ein sårbar situasjon. Han svarte at ho prøvde å få det til å høyrast ut som noko anna enn det er.
– Ein må ikkje fysisk møte i ei nemnd. Det synest eg ein må vere real og ærleg på.
I 2023 fekk alle som søkte om det, høve til å ta abort, påpeika han.
Aydar på si side sa at nettopp det er grunnen til at ein ikkje treng å behalde det byråkratiske organet nemnda jo er.
Trillingar og tvillingar
Mange representantar, som Aleksander Øren Heen (Sp), Erlend Svardal Bøe (H) og Helge Orten (H), argumenterte for at det å vedta ei ny lov var einsretta med å lovfeste ein praksis.
Heen la til at han har landa på at 18 veker er ein tilstrekkeleg buffer opp mot grensa for når fosteret kan overleve ein fødsel.
Orten avslutta innlegget sitt med å seie at viss det var menn som fødde barn, «noko det heldigvis ikkje er», hadde det ikkje vore nokon diskusjon:
– Eg trur ikkje vi hadde akseptert at ei nemnd skulle ta ei avgjerd for oss.
Marte Mjøs Persen (Ap) har sjølv gått gjennom eit høgrisikosvangerskap med trillingar. No varsla nyleg at ho trekker seg heilt ut av politikken.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Firebarnsmor Marte Mjøs Persen (Ap) fortalde om høgrisikosvangerskapet der ho valde å bere fram trillingar.
Tina Bru (H), som har måtta tole svangerskapskomplikasjonar, vedgjekk at tanken på å måtte møte ei nemnd gjorde henne sint.
Tuva Moflag (Ap) fortalde at ho risikerte å føde tvillingane sine frå veke 21. Det er umogleg for dei som ikkje har vore der, å sette seg inn i korleis det er å måtte vurdere å fjerne eit foster, sa ho.
– Men eg vil ikkje stille meg til doms over andre.
Ei angrande stemme
Det var fleire som blei personlege denne dagen.
Anja Ninasdotter Abusland (Sp) vedgjekk at det var spesielt å stå på talarstolen når ho sjølv er gravid i veke 25. Bollestad tok utgangspunkt i at ho har arbeidd i helsevesenet.
Hadia Tajik (Ap) fortalde om det å sjå det vesle hjartet slå på skjermen og reflektere over at dette er grunnen til at patriarkatet har ønskt å ha kontroll over kvinnekroppen: Han er i stand til å bere fram eit liv.
Mani Hussaini (Ap) snakka om dei to barna sine – og alt kvinner må stå i.
– Den nye abortlova gjer det kanskje bitte litt enklare å stå i ein alt vanskeleg situasjon, sa han.
Truls Vasvik (Ap) trekte inn dotter si, Thea, som gir han motstand når dei snakkar om politikk over fredagstacoen, mens Ingvild Kjerkol (Ap) og Hege Bae Nyholt (R) påpeika at dei er jamgamle med abortlova.
Hege Bae Nyholt (R) heldt eit flammande innlegg til forsvar for ei ny abortlov. Bjørnar Moxnes talte ikkje denne dagen.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Nyholt vil ha meir prat om kvinnehelse generelt.
– Fem graviditetar, herr president, er berre to barn i mitt liv, sa ho.
– Og det er heilt vanleg.
Carl I. Hagen (FrP) fortalde at då forslaget til lova om sjølvbestemt abort blei behandla i Stortinget 31. oktober 1974, blei det nedstemt med éi stemme.
– Herr president, den eine stemma var mi, sa han.
Og han har angra. I dag vil han at kvinner som vel å avbryte svangerskapet, skal sleppe å spørje andre.
Kjærleikens mirakel
Morten Wold (FrP) blei bestefar i oktober og heldt eit kjensleprega innlegg.
– «Før du hadde vore her ein time, var eg villig til å døy for deg.» Slik, herr president, er kjærleikens mirakel.
At alle skal få rett til å stanse eit svangerskap i veke 18, når fosteret har blitt eit lite barn, vil han ikkje forsvare, sa han, sjølv om han understreka at det er kvinna sitt val.
Framstegspartiet var delt. Carl Ivar Hagen angra på at han stemde mot abortlova i 1974, og stemde for å utvide grensa til 18 veker no. Bård Hoksrud stemde mot.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Tone Wilhelmsen Trøen (H) i helse- og omsorgskomiteen argumenterte, som Schou og Wold, med at i veke 18 er det ikkje lenger snakk om ein abort. Ein må føde eit barn.
Også Hårek Elvenes (H) ønskte seg fleire etiske refleksjonar rundt det faktum at eit barn på 18 veker har det meste, men inga stemme.
– Den logiske konsekvensen av den medisinske utviklinga burde vere at ein la eit føre-var-prinsipp til grunn og var forsiktig med å utvide abortgrensa, sa han.
Anna Molberg (H) sa at ho fryktar fleire abortar på sikt. Dei som er vande med ei 12-vekersgrense, vil ikkje bli spesielt påverka av den utvida grensa, sa ho.
– Men kva med dei yngre og kommande generasjonane?
Den som roper høgast
Mange som tok ordet tysdag, viste til offentlege rapportar og forsking som ligg til grunn for lovendringa. Mathilde Tybring-Gjedde (H), til dømes, nemnde historier om kvinner med barn med kromosomavvik som har blitt møtte med ei forventning om å ta abort.
– Eg stussar litt over at nokre er skråsikre på at å utvide abortgrensa ikkje vil fungere normdannande, når kunnskapsgrunnlaget er såpass tynt, og når vi veit at endring i normer skjer gradvis og over lang tid.
Ojala fortalde om livet med ein funksjonshemma bror, der foreldra måtte kjempe for å gi han eit verdig liv.
– Kva har dette med abort å gjere, tenker du kanskje.
Jo, det handlar om korleis vi ser på sjukdom og dei som er annleis, sa ho.
Irene Ojala (Pasientfokus) argumenterte blant anna for at vi må ønske barn med nedsett funksjonsevne velkomne.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Jenny Klinge (Sp) minte oss på at fleire bør få barn tidlegare, då «kroppen til kvinnfolka er best eigna». Jo seinare vi får barn, jo større er risikoen for komplikasjonar.
– Eg skulle ønske vi kunne tale meir om det vakre ved å la naturen gå sin gang, framfor det evige problemfokuset kring det å få ungar.
Gravide Abusland sa at ho var representant for dei som synest dagens abortgrense er klok.
– Polariseringa av debatten som vi har sett den siste tida, meiner eg er skadeleg, sa ho.
– Det gjer meg trist når debatten blir nedgradert til eit nivå der den som roper høgast, er den som får komme til orde.
Andreas Sjalg Unneland (SV) valde å vere positiv: Ei ny lov er eit lyspunkt i ei verd der det går i feil retning.
Ein kan ikkje forby abort, berre trygg abort, sa han.
Eit godt eksempel
Mange såg ut over grensene. At abortrettane blir innskrenka, er ei farleg utvikling, sa Abid Raja (V). Noreg må vere eit godt eksempel.
– Vi kan ikkje nøye oss med å ha våre eigne sysaker i orden.
Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) talte om at kampen for fri abort ikkje er tilbakelagd. Millionar av kvinner bur i eit land der abort er kriminalisert.
– Det skal vi ikkje stå stille og sjå på, sa ho.
Barne- og familieminister Toppe og Sp på si side støttar ikkje paragraf 4 i lovforslaget, om at retten til fostertalsreduksjon blir likestilt med retten til abort. Vi kan ikkje samanlikne det å fjerne éin av to tvillingar med ein ordinær abort, sa ho.
– Kvifor Noreg skal vere blant dei mest liberale på dette feltet, er vanskeleg å forstå.
Aydar, derimot, peika på at Island og Nederland har sett grensa til veke 22 eller 24. Dei har tilpassa seg tida vi lever i, sa ho.
Fryktinngytande
Ojala argumenterte for at vi må tole at nokon vel å få eit barn med nedsett funksjonsevne, og staten må gi familiar som treng det, avlastning. Ho er bekymra over at teknologiske framsteg medfører at det blir født færre med Downs, til dømes. Ho viste til ei NRK-sak om at i underkant av 9000 nordmenn treng personleg assistanse, og at det kosta staten 35 milliardar kroner i 2023.
– Men er det sånn at alle vi andre er berekraftige samfunnsborgarar økonomisk?
Det er ikkje dei med funksjonsnedsettingar som har skapt klimakrisa, sa ho.
– Vi må spørje oss om vi pushar kvinner over ei grense.
Ojala forsvarte nemndene fordi dei kan skape refleksjon hos den gravide kvinna.
Å få andre spørsmål enn du får av familie og venner, kan vere frigjerande, poengterte ho.
Uansett etterlyste ho, som fleirtalet, nemnder som ikkje er «fryktinngytande», «nedverdigande», «audmjukande» og «skremmande», og som ikkje har ei dobbeltrolle der dei skal både rettleie kvinna og avgjere om ho får ta abort eller ikkje.
Underkommunisert
Ifølge lovforslaget skal dei nye nemndene bestå av tre personar, der den eine er jurist, og der det er ei overvekt av kvinner. Bollestad argumenterte for at det er viktig at nemnda består av fagpersonar, som i andre tilfelle der pasientar må ta ei vanskeleg avgjerd.
Så sant nemnda er ei støtte, og ikkje dømmande, er ho ein styrke, sa ho.
– Kvifor må ein på død og liv ta vekk denne moglegheita?
Raudt argumenterte nemleg hardt for å skrote nemndene. Aydar kritiserte særleg FrP. Hoksrud på si side viste til at FrP ikkje er aleine om å forsvare ordninga. Menneskeverd, som har samla 50.000 underskrifter, hevdar at nemnda bidrar til å avdekke abortpress.
Dette er underkommunisert, sa Hoksrud: Når fristen blir utvida med seks veker, blir det enklare for familie eller andre å presse kvinna til å ta abort.
Maria Selbekk i Menneskeverd leverte 50.000 underskrifter til Sandra Bruflot (H) i helse- og omsorgskomiteen før behandlinga av den nye abortlova tok til. Bak Bruflot står Tone Wilhelmsen Trøen (H).
Foto: Cornelius Poppe / AP / NTB
Wold la inn eit forslag om å utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 14, utan at han hadde «grunn til å tru at det blir vedtatt».
Innestemme
Det så å seie alle var einige om, er at dei som må ta abort, må få støtte, rettleiing og oppfølging. Helseminister Vestre argumenterte for at også dei som spontanaborterer, skal ha rett på oppfølging, og at dei som får avslag på søknaden om å ta abort mellom veke 18 og 22, skal få oppfølging. I tillegg må Stortinget evaluere ordninga etter fire år.
Mange uttrykte at dei var stolte. Det vanka skryt og takksemd. Andre var glade for at folk snakka «med innestemme», som blant andre Kjerkol sa. Bruflot understreka at samarbeidet om den nye lova har vore godt, men at kjenslene har vore sterke.
– Det er sterke meiningar hos alle som har ei personleg meining om abort, og det er ikkje få i vår komité, sa ho.
I ei lang rekke voteringar etter debatten måtte dei 168 stortingsrepresentantane reise seg eller bli sittande.
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Derfor blei det mange ord mot ord. Om balanse, dilemma og dikotomiar. Det ufødde barnet. Den gravide kvinna. Mytar og sanning. Tru, tvil og mistru.
– Kvifor denne mistrua til norske kvinner, spurde Hussein i ei av fleire replikkvekslingar med Bollestad.
Kvifor stoler ikkje KrF på kvinners moral, spurde ho.
Enkelte uttrykte eit sakn etter respekt for andre syn.
– Vi er ikkje kvinnefiendtlege, sa Abusland til Aydar, som hevda at enten er ein for at kvinner skal bestemme sjølv, eller så er ein for at andre skal bestemme over henne.
Ingjerd Schie Schou (H) kunne fortelje at ho gjekk under «Ja til abort»-parolen i 1975 og 1976. I år stemde ho nei til å utvide abortgrensa. Sjølve graviditeten er som før; det nye er at i dag kan eit 22 veker gammalt barn overleve.
– Lover er normgivande. Ein tilpassar seg, sa ho.
– Hjartet startar i veke 8.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE