JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Partiet utan misjon

KrF vil vera grenselaus i nestekjærleiken. Mest grenselause er dei i pengebruken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei tid var, og ei tid vart. KrF heldt digitalt landsmøte den siste helga i mai. Partileiinga sat på Hotel Bristol. Det er lenge sidan landsmøta vart haldne på stadar utan skjenkeløyve. Her sit nestleiar Olaug Bollestad og leiar Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

13804
20210604

KrF

KrF vart stifta på Bibelskulen i Bergen i 1933. Grunnleggjarane var misnøgde med at Venstre vart stadig meir sekulært. Misjonsmannen Nils Lavik vart ikkje nominert til Stortinget av Venstre. 

Etter krigen vart partiet landsdekkjande, særleg på grunn av kampen mot offentleg seksualundervisning og prevensjon.

Toppunktet på meiningsmålingane kom i 1997, då Kjell Magne Bondevik vart statsminister. Året etter kom partiet opp i 19,7 på meiningsmålingane. 

Valet i 2017 vart KrFs dårlegaste etter at dei vart landsdekkjande. 

KrF-programmet

SAMLA: Dei snakkar om forvaltaransvaret, men makter ikkje å prioritera. Terningkast 2

REALISTISK: KrF kan vel få gjennom noko auka pengebruk om dei hamnar på vippen.
Terningkast 3.

SPRÅK: Dei definerer knapt noko og preikar av garde utan å vera tydelege.
Terningkast 2

PROFIL: Dei vil gje noko til alle og fortel ikkje kva dei konkret meiner om abort.
Terningkast 1

jon@dagogtid.no

Å få tak i den vedtekne versjonen av KrFs program synte seg å vera vanskeleg. I skrivande stund er det ein månad sidan landsmøtet var ferdig, men noko vedteke program finst ikkje på det store internettet. Men etter fire forsøk på telefon fekk eg endeleg tilsendt eit Word-dokument. For å seia det slik: Det verkar ikkje som KrF er veldig offensive før valkampen.

Elles kan ein telja teikn når ein får oversendt eit program i Word. KrFs program er på vel 239.000 teikn med mellomrom. Det er ei bok, det. I huset åt Gud er det mange rom, og endå fleire ord. KrF ha vil «ha et særlig fokus på landbruk, skogbruk, fiskeri og havbruk som distriktsbaserte næringer med stort vekstpotensial basert på bærekraftig utnyttelse av fornybare ressurser». Eit særleg fokus, finst det eit usærleg fokus?

Fleire fattige?

Dessutan kjenner dei framtida: «Menneskeheten står overfor store utfordringer i årene som kommer: Antallet fattige i verden øker, og det blir større forskjeller mellom fattige og rike.»

Setninga står heilt i starten på programmet. Og eg spør meg sjølv: Kvifor skriv dei slikt? Jau, skriv Verdsbanken, «tala for ekstrem fattigdom gjekk opp i 2020», men, legg dei til, det skjedde på grunn av covid-19, og, ikkje minst, tala på verkeleg fattige gjekk opp «for fyrste gong på 20 år». Fyrste gong, der, altså. FNs tal er heilt klare: Målt i både absolutte og ikkje minst relative tal har fattigdomen i verda gått dramatisk ned. Ser vi på absolutt fattigdom, altså at ein lever på eksistensminimum, var talet i 1990 1,9 milliardar menneske, i 2008 1,2 milliardar og i 2015 734 millionar.

Jau, særleg i Vesten aukar skilnaden på dei som har minst, og dei som har mest. Det er fleire grunnar til dette, men det handlar i hovudsak om at eit par promille på toppen av inntektspyramiden, særleg etter finanskrisa, har fått høve til å stikka av. Vi treng ikkje å gå inn på dei uheldige sidene ved pengetrykkinga til dei store sentralbankane, men det vi verkeleg treng å vita, er at med unntak av no under covid-19, der dei vestlege nedstengingane har fått stygge konsekvensar for den fattige delen av verda, er vår historiske periode prega av ein utruleg nedgang i talet på fattige. Snikkarlærlingen frå Nasaret tok kan henda feil i utsegna om at dei fattige vil vi alltid ha mellom oss.

Kina og India

Kvifor er det slik? Slik er det særleg av di dei to mest folkerike landa i verda, Kina og India, saman med ein god del andre asiatiske land, veks som berre det. Og kvifor gjer dei det? Ikkje på grunn av utviklingshjelp, men fordi dei har vorte ein integrert del av verdsøkonomien og har omfamna marknadsøkonomi. Til og med FNs globale berekraftsmål, som KrF støttar heilhjarta, seier rett ut i mål nummer éin: «Andelen mennesker som lever i ekstrem fattigdom, har gått drastisk ned siden 1990.» Kapitalisme og frihandel er tvillaust grunnen til desse gode tala.

Når det er sagt, alle partiprogram har luftige innleiingar, og det er i og for seg forståeleg at eit parti som legg så sterk vekt på utviklingshjelp, meiner å vita at verda berre vert verre og verre. Når den einaste reiskapen ein har, er ein hammar, som det heiter, er det lett å sjå spikrar overalt.

Men heller ikkje i Noreg går det så bra: «De naturlige fellesskapene har over tid mistet ansvar. Individualisering, markedstenkning og offentlige ordninger har bidratt til å svekke viktige fellesskapsarenaer. Flere utviklingstrekk kan tyde på at ’samfunnslimet’ og samfunnets sosiale kapital, det vil si de sosiale nettverkene, tilliten til hverandre, opplevelsen av tilhørighet, deltakelse i samfunnet og følelsen av trygghet, er svekket.»

Underleg

Og jau, ein del kan tyda på at KrF har rett her. Vi får stadig færre born, stadig fleire unge vert uføre, og stadig fleire menn vert valde bort og må leva vaksenlivet utan familie og partnar. Både bedehuset og folkets hus står no tomme. Alkoholsalet har ikkje nett gått ned under covid-19. Og ja, det kan òg vera slik at «naturlige fellesskap» ­– kva no det måtte vera, KrF har det ikkje med å gje presise definisjonar – vert svekte av «offentlige ordninger» og «markedstenking».

Men her kjem det litt underlege: KrF, som har vore med på heile ferda, protesterer no mot all verda. For det er ikkje til å koma forbi: KrF har stått i spissen for EØS, meir frihandel, Nav-reforma, fleire trygder, auka offentlege stønader...  Ja, det er nesten ikkje den offentlege reforma, frihandelsavtalen eller offentlege stønaden som ikkje har KrFs merke på seg. Kvifor det slik? Historia fortel oss i grunnen det vi treng å vita, særleg dei siste åtte åra. KrF er eit sentrumsparti som er med på det aller meste, i byte mot litt meir offentleg stønad. Og det, dømt etter dette partiprogrammet, har dei tenkt å halda fram med å gjera.

Avsnittet om alt som går feil veg i Noreg, vert fylgt av eit avsnitt som fortel kva KrF meiner må gjerast for å få landet på fote. Det byrjar slik: «For å møte denne utviklingen vil KrF føre en politikk for å trygge velferdsstatens økonomiske fundament. Vi vil omstille olje- og gassnasjonen Norge, og gjennomføre et grønt skifte. Vi vil skape lønnsomme arbeidsplasser over hele landet ved å legge til rette for ny næringsvirksomhet.» Avsnittet vert avslutta med denne setninga: «KrF vil gi mer støtte til lokale bedrifter som skaper merverdi lokalt.»

Utan magemål

Det er ikkje mykje magemål hjå KrF. Dei meiner at offentlege stønadsordningar undergrev «naturlige fellesskap», og dei vil nedpioritera oljenæringa, og det samstundes som dei vil skapa «merverdi» gjennom «mer støtte» og «videreutvikle verdens mest miljøvennlige transportsystem» – noko Noreg elles ikkje er i nærleiken av å ha – gjennom ein storstilt pengebruk. Og enno har vi ikkje kome til pengebruken på barnefamiliar.

Nei, det er ikkje noko nytt i at norske parti vil nytta endå meir pengar, det er norma, det. Som Svein Gjerdrem sa det i eit seminar hjå Noregs Bank no måndag: «Respekten for penger og ressurser har tapt seg noe de siste årene.» Men hjå andre parti er det no og då spor av konsekvenstenking. Hjå KrF endar vi opp med eit parti som er mot det dei seier dei er for. For å vri på eit amerikansk uttrykk: KrF vil spara kaka medan dei et henne – alt medan dei seier at dei vil «følge handlingsregelen og tilpasse pengebruken og nye satsinger til situasjonen i økonomien».

Her siterer eg berre litt frå familiebiten. KrF vil: «Utvide foreldrepermisjonen med 4 uker til 53 uker. (…) Utvide foreldrepermisjon med 8 uker for fødsel med flerlinger. (…) Erstatte engangsstønaden og innføre rett på foreldrepermisjon til alle. Minstenivå skal være på 2G. (…) Barnetrygden skal løftes til 2000 kroner per måned for barn mellom 0–6 år, og til 1500 kroner per måned for de mellom 6 og 18 år. Barnetrygd skal ikke regnes med i grunnlaget for beregning av ytelser etter lov om sosiale tjenester og lov om bostøtte.»

Den langa oppramsinga av kva dei vil gjera i familiepolitikken, vert avslutta med denne setninga: KrF vil «gi en ekstra ferieuke per forelder med barn mellom 0–10 år.» Dette vert kjekt for arbeidsgjevarane, til dømes norske sjukehus og aldersheimar.

Verdipolitikk

Lat oss ei stund gløyma turnusplanar, økonomi og konsekvenstenking, det er i alle høve ikkje der KrF skal markera seg, i det minste ikkje i utgangspunktet. KrF vert fyrst og fremst oppfatta som eit verdiparti. KrF har hatt – i mangel på dei betre orda – flaks denne våren. Vi har fått ein abortdebatt. Kristensosialistar som Otto Hauglin (slå opp om du ikkje hugsar han) er heilt utrydda i Sosialistisk Venstreparti, som vil ha fri abort til veke 22. Abortloven, som har vart i 43 år og hatt brei støtte, er i spel. Ja, til og med KrFs næraste allierte, Venstre, vil ha fri abort til veke 18.

Det kanskje viktigaste i ein valkamp er å ha ein hovudfiende. Det var slik regjeringa Solberg overlevde etter det førre valet. Meiningsmålingane såg stygge ut, men så kom Sylvi Listhaug attende frå permisjon og hevda at Arbeidarpartiet ikkje var å lita på i innvandringspolitikken. Ap beit på, og, synte valdagsmålingane, innvandring vart det viktigaste temaet for veljarane i 2017-valet. Frp berga Erna Solberg. No er det KrFs tur.

Seier frå seg høvet

Denne gongen kan KrF gjera abort til eit hovudspørsmål og peika på at Ap vil danna regjering med SV. Her er det veljarar å henta, for sjølv om meiningsmålingar varierer alt etter korleis ein stiller spørsmåla, er det ikkje få som er for å halda på dagens abortlov.

Men nei. KrF, om vi skal tru på programmet, kjem ikkje til føra ein skarp valkamp i abortspørsmålet. Dei vil ikkje eingong seia konkret kva dei meiner om abort. Det skal koma ei endring, kanskje, kanskje ikkje.

KrF vil: «Arbeide for å erstatte dagens abortlov med en lov som legger til grunn at fosteret har menneskeverd, som er bedre tilpasset utviklingen innen medisinsk teknologi og som ivaretar hensynet til fosterets verdi og rett til liv, og den nødvendige ivaretakelsen av kvinnens trygghet og helse på en etisk forsvarlig måte. Dette må komme som et resultat av en bred forståelse for og tilslutning til en ny, oppdatert og mer etisk forsvarlig lov, en grundig offentlig utredning og en ansvarlig lovprosess.»

Odvar Nordli?

Jau då, det er gale å spøka om eit så alvorleg tema som abort, men som Odvar Nordli (no kjem det sikkert ein lesar og seier at det var ein annan som sa det fyrst) sa då han fekk sjå ein kamel – eller var det ein dromedar? – for fyrste gong: «Dette ser ut som ein hest laga av ein stortingskomité.»  

KrFs ynske eller ikkje-ynske om ein ny abortlov må vera eit resultat av eit særs stort komitéarbeid. Meiner ein som eit moralsk og ansvarleg individ at ein annan levande organisme, har menneskeverd, er ikkje svaret ei lang offentleg utgreiing. Då er svaret å få stogga drapet på eit medmenneske.

Når KrF ikkje eingong kan seia kva dei konkret meiner om abort og endar opp med abstrakte komitéformuleringar, kvar er vi då? Då er vi kanskje ein stad der KrF, med deira eigne ord, ikkje er ein del av den «naturlige fellesskapen» som vi no tenkjer at norsk partiflora er.  

KrF er vorten eit amalgam som truleg ikkje held. Jau, dei er kjende for å vera eit verdiparti, men dei er fyrst og fremst vortne eit pengeparti. Kva meinte til dømes kristenfolket om sex og slikt før? Før visste vi kva dei meinte om det. Dei var mot sex utanfor ekteskapet. No vil dei derimot tømma pengar over det feltet òg: «Ungdom mellom 16 og 26 år skal sikres gratis prevensjon.»

Mangslungen gruppe

Kristenfolket er vorte ei heterogen gruppe, men det meste av kamplysta er borte. Tenk berre på eit omgrep som Frelsesarmeen. Ja, det er, sjølv om vi ikkje lenger tenkjer på det, ein armé. Dei skal kjempa for Gud, og det synte grunnleggjarane ved å nytta eit militært uttrykk i namnet dei gav seg sjølve. Der kristenfolket var samla, var kampsalmane mange.

Eller tak eit ord som misjon, ordren som kristenfolket har om å omvenda dei som ikkje trur på den rette læra. Når eg søkjer i dokumentet, dukkar det opp 14 gonger, men aldri som eit eige ord, alltid som suffiks: Det er foreldrepermisjon og fødselspermisjon gjentekne gonger, og så éin gong som «ansvarskommisjon» og éin gong som «Korona-kommisjon».

Det dukkar ikkje eingong opp eit krav om å gje meir pengar til Kirkens Bymisjon. KrF er langt unna det misjonsfolket på Vestlandet som ein gong grunnla partiet. Men så er det heller ikkje så mange norske misjonærar att der ute i verda. Norske petrodollar, derimot.

Pengepartiet

Gong etter gong skriv dei om kor viktig «forvalteransvaret» er, og at det må «settes klare grenser for politikkens virkeområde.» Men kvar gong dei skal verta konkrete, endar dei med å nytta endå meir pengar på dei nolevande ved å utvida «politikkens virkeområde».

Etter at landsmøtet har vedteke ei radikal utviding av offentlege budsjett, kjem denne setninga mot slutten: «Godene skal fordeles rettferdig, samtidig som kloden skal overlates til våre etterkommere i minst like god stand som da vi fikk ansvar for den.» Ingen bonde som vil at eit av borna skal taka over garden, oppfører seg som KrF. 

«Ting fell frå kvarande. Senteret kan ikkje lenger haldast», skreiv W.B. Yeats i 1919. KrF trur dei kan halda kristenfolket saman ved å nytta pengar som lim. Men dagens kristenfolk er mangfaldig som samfunnet sjølv. Vi har radikalarane i bymisjonane som vil ha grenselaus innvandring, vestlendingen som er livredd muslimane, bestemora som græt tungt ved tanken på kvar ein abort, og ungdom som trur verda bryt saman i klimaapokalypse.

Det er nok lenge sidan eit KrF-landsmøte har sunge denne strofen: «Sett deg for et hellig mål, åpent det bekjenn! Stå i rekken fast som stål og kjemp som Daniels menn.»

Det er vanskeleg å stå som Daniel når ein har eit oljefond å ausa av. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

KrF vil ikkje eingong seia kva dei meiner om abort. Det skal koma ei endring,
kanskje, kanskje ikkje.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis