JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Siste stopp Nato

Både Finland og Sverige ser ut til å slutte seg til den nordatlantiske forsvars­alliansen. Den finske politikaren Heidi Hautala meiner det er den naturlege enden på ei lang reise.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Både den svenske statsministeren Magdalena Andersson og den finske kollegaen hennar Sanna Marin ser mot Nato.

Foto: TT News Agency / Reuters / NTB

5236
20220513

Samtalen

Heidi Hautala

finsk politikar og visepresident i Europaparlamentet

Aktuell

finsk Nato-medlemskap

jesper@dagogtid.no

Torsdag morgon vart det klart at både den finske statsministeren og presidenten går inn for Nato-medlemskap. Det skjer med rekordstor stønad i folket. 76 prosent av finnane ønskjer finsk Nato-medlemskap, syner ei spørjeundersøking som allmennkringkastaren Yle har gjennomført.

Heidi Hautala er visepresident i Europaparlamentet. Ho representerer det finske partiet Vihreä liitto (svensk: Gröna förbundet). Intervjuet vart gjort onsdag ettermiddag – før det var klart kva statsministeren og presidenten ville lande på.

– Russland har lenge vore ein potensielt farleg granne for Finland. Kva har halde Finland frå å søkje om Nato-medlemskap fram til no?

– Det har vore rikeleg med sjansar til å skjøne at regimet til Putin ikkje kjenner grenser når det gjeld aggressivitet mot uavhengige naboland. I desse dagar tenkjer eg ofte attende på den tidlegare finske utanriksministeren Alexander Stubb, som alt i 2008 åtvara om at krigen i Georgia kom til å verte eit vendepunkt. Mange politikarar flira av han den gongen. I så måte var anneksjonen av Krim og Aust-Ukraina i 2014 ein mykje større vekkjar i Finland. Det endra måten Russland vart diskutert på i den finske opinionen. Faren vart meir reell. Alt då kom Nato-debatten mykje nærare.

– Men kvifor først no?

– I praksis fall den finske nøytraliteten med EU-innmeldinga i 1995. Likevel heldt den tryggingspolitiske identiteten fram med å vere prega av synet på seg sjølv som ein alliansefri stat – eit annleisland mellom aust og vest som ikkje skulle provosere Russland. Det var ei urealistisk forståing av tryggleik. Den 24. februar var i så måte ein stor vekkjar, av di det synte at Putin ikkje vik tilbake for eit fullskala militæråtak mot eit uavhengig granneland. Det var heilt uventa.

– Er det rett å ta ei så strategisk viktig utanrikspolitisk avgjerd på så kort tid?

– Nei, men du kan heller seie at det er den naturlege slutten på ei lang reise. For det første ville det ha vore kunstig om Finland no plutseleg gjorde ein U-sving. Etter Sovjetunionens fall har alle dei utanrikspolitiske avgjerdene i Finland peika i retning av tettare integrasjon med Vesten. Retninga på denne reisa har heile tida vore klar. Sjølv til den grad at Finland er betre utrusta for Nato-medlemskap enn fleire Nato-land. Sidan byrjinga av 90-åra har samstillinga av det finske forsvaret med Nato-standardar vore svært konsekvent.

Foto: Manu Rantanen

– Etter 1945 har ikkje Finland hatt større konfrontasjonar med verken Sovjetunionen eller Russland. Er ikkje det prov på at avspenningspolitikken har fungert godt for Finland?

– Jo, men du må hugse på at den såkalla «venskapsavtalen» med Sovjetunionen ikkje var ein avtale mellom like partar. Han var berre det beste av dårlege alternativ. I etterkrigstida inneheldt forholdet til Sovjetunionen eit element av pretensjon. Finland profitterte òg på det spesielle tilhøvet og dei økonomiske banda til Russland. Det vart ein brå slutt då Sovjetunionen braut saman.

– Noreg og Sverige har aldri vore under russisk styring – det har Finland. Korleis pregar det Moskvas blikk på Finland?

– Finland har aldri vore ein del av den russiske kulturelle sfæren. Få finnar er russiskspråklege. Så ein kan ikkje samanlikne det med Putins syn på Ukraina som ein del av den russiske nasjonen. På den måten er vi meir verna. På den andre sida har vi ei 1340 kilometer lang grense som eit praktisk problem.

– Og andre vegen?

– Det finst ei feiloppfatning om at vi i Finland har vore gode til å forstå Russland. Eg trur ikkje det er sant. Vi var aldri heilt integrerte i den russiske sfæren. Folk i Estland, Litauen og Latvia forstår Russland mykje betre. Dei var trass alt under russisk okkupasjon i 55 år. Så eg trur vi har fått ny respekt for erfaringane deira. Den finske erfaringa har alltid vore prega av ein slags dobbeltmoral. På den eine sida følte ein seg tvinga til ein god relasjon med Russland, og på den andre sida tente Finland på dei tette økonomiske banda. Men det har aldri vore nokon kulturell nærleik.

– Eit svensk og finsk medlemskap flyttar alliansen nærare strategisk viktige område i Russland. Kan det føre til ei vidare opptrapping av konflikten?

– Det finst ikkje eitt absolutt trygt val. Ein kan sjølvsagt diskutere kva risikoen vil vere. Men om Finland vert med i Nato eller ikkje, har Russland synt seg viljug til å gå til åtak på eit uavhengig granneland. Eg vil heller seie at det nordaustlege Europa vert meir samanvove og stabilt. I sum trur eg dei tryggingspolitiske omsyna til både dei nordiske og dei baltiske landa fell saman. Difor er vi avhengige av eit tett samarbeid i heile austersjøområdet.

– Kor viktig er det å ha med seg Sverige?

– Finland og Sverige har dei siste åra utvikla eit nært militært samarbeid med felles manøvrar og kapasitetar. Sidan dei to landa er næraste allierte frå før, ville det ha vore uheldig om vi tok ulike val.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I praksis fall den finske nøytrali­teten i 1995.

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis