JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Sosialisme i ein stat, kanskje ...

Raudt skyt med skarpt til alle kantar. Kva dei vil treffa, er usikkert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Raudt ynskjer å leggja ned oljenæringa, men fyrstekandidat i Rogaland Mimir Kristjánsson driv valkampt der han legg vekt på kor viktig oljenæringa er.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

13319
20210625

Raudt

Partiet er eit resultat av valkampsarbeid mellom krefter på venstresida. 

Raudt var i lang tid kontrollert av Arbeidernes kommunistparti AKP(m-l), eit maoistisk leninistisk revolusjonært parti som vart stifta i 1973. 

Partiet har så langt berre hatt to representantar på Stortinget, Erling Folkvord og den noverande leiaren Bjørnar Moxnes, som sit på Stortinget no. 

Raudt-programmet

SAMLA: Dette er ikkje eit partiprogram. Det er ei aktivistliste. Sjangerstryk. Terningkast 1

REALISME: Raudt er alltid fyrste ute med det siste. Noko får dei nok gjennom. Terningkast 2

SPRÅK: Dei skriv godt og energisk.
Terningkast 5erningkast 2

jon@dagogtid.no

Alle norske stortingsparti er demokratiske, men nokre er ekstra demokratiske, sa kanskje kamerat Napoleon: «Rødt jobber for et samfunn som er mer demokratisk enn dagens, et samfunn hvor de store beslutningene blir tatt i fellesskap. Vi kaller dette et sosialistisk samfunn», skriv Raudt i byrjinga på arbeidsprogrammet.

Og kvifor vil dei at fellesskapen skal få meir makt?

«For Rødt er kampen mot klasseskillene i Norge og verden den aller viktigste. Hele dette arbeidsprogrammet tar mål av seg å bekjempe Forskjells-Norge: å redusere forskjeller i makt, inntekt, rikdom, muligheter og frihet som er innbakt i det nasjonale og det internasjonale klassesamfunnet og som forsterkes av geografisk sentralisering.»

Men kva er «de store beslutningene»? Det er eit godt spørsmål. Her er mitt svar: Innanfor eit kapitalistisk samfunn, med eigedomsrett, kontraktsfridom, rettstryggleik og fri flyt av menneske, er dei verkeleg store avgjerdene som driv dei økonomisk skilja, individuelle. Det er faktisk så trist at det meritokratiske utdanningssamfunnet er sjølve drivaren for både sentralisering, skilnader og makt.

Klassereisa

Korleis ser ei typisk norsk «klassereise» ut? Før starta ho kanskje med at ein bondeson drog til Noregs tekniske høgskule (NTH) og utdanna seg sivilingeniør. Seinare trefte bondesonen kan henda ei jente som studerte medisin og også var frå bygda. Dei gifta seg, bygde hus i eit godt strok, kanskje Oslo vest, Asker eller Bærum. Dei fekk tre born, kjøpte seg hytte, far sparte gjerne litt i aksjar, mor fekk ein stor statsgarantert pensjon.

I tillegg var dei gode foreldre: Alle dei tre borna gjekk på skular saman med born med liknande bakgrunn. Dei flinke i desse kulla vart juristar, lækjarar, økonomar og sivilingeniørar. Då ekteparet døydde, arva dei tre borna, som var høgt utdanna, hadde gode jobbar og kanskje til og med hadde flytta til utlandet, 10 millionar kvar. Gjennom livet til desse to vart det teke ei rekkje avgjerder som var særs viktige for samfunnet, avgjerder som skaper store økonomiske skilnader.

Han som vart att

Bror til han som vart sivilingeniør, valde kanskje å taka over garden, fekk seg ikkje kone og tente 300.000 i året før han vart ufør og alkoholisert. I denne tenkte verda ville ingen taka over garden då han døydde, no står husa på garden til nedfalls.

Sagt i klartekst: Eit sosialistisk parti må hindra at det utviklar seg så store skilnader mellom folk og klasser og familiar, for slik som i soga over, kan vi ikkje ha det. Men ei slik utvikling er ikkje lett å stogga. Då må individuelle val hindrast eller minimerast.

Difor er «sosialisme» og «jarnhæl» ofte to ord som førekjem i same setning. Men slikt snakkar ikkje Raudt noko om. Det meritokratiske utdanningssamfunnet som har tappa småbyar og landsbygda for talent, høyrer med i kategorien «det vi ikkje kan tala om, teier vi om».

Raudt har ingen tankar om å hindra folk i å taka den utdanninga dei vil. Raudt aksepterer fri flytting, og folk skal framleis få spara i aksjar, byggja seg eigne hus og arva ein del. Raudt er ikkje eit sosialistisk parti, dei er eit sosialdemokratisk parti. Også i framtida vil nokre bondesøner gjera det godt og få born som tek seg godt lønt arbeid i utlandet eller på Aker Brygge.

Full nasjonalisering

Når det er sagt: Raudt er litt av eit sosialdemokratisk parti. Det dei ikkje vil gjera på individuelt nivå, skal dei jammen gjera på eit kollektivt nivå: «Fellesskapet bør eie all infrastruktur av betydning, uansett om den er fysisk, digital eller finansiell. Dette gjelder blant annet veier, jernbane, flyplasser, havner, telenett, strømnett, datasentre, internettlinjer og banker. Staten bør kjøpe seg opp i selskaper som Equinor, Telenor, Norsk Hydro, Yara og DNB og ta disse selskapene av børs. Staten bør søke å etablere nye statseide industrilokomotiver innen slike næringer som oppdrett, skogindustri og mineraler.»

Det er ingen stat innanfor noko demokratisk samfunn som eig så mykje av næringslivet som Noreg. Raudt vil at staten skal eiga mykje meir. I praksis seier Raudt at nesten heile ryggrada i det norske næringslivet skal hamna på offentlege hender.

Er det mogleg? Sjølvsagt. Det er berre å selja aksjar som Oljefondet eig i utlandet, og nytta pengane på kjøpa alt dette. Men kvifor? Av di Raudt vil «at offentlige eierposisjoner, statlige som kommunale, skal brukes aktivt for å oppnå politiske mål under demokratisk kontroll».

Kva er demokrati?

Raudt kjem heile tida attende til dette med «demokratisk kontroll». Eg forstår ikkje heilt kva det vil seia. Lat oss seia at det skjer, at nesten alt av viktig norsk næringsliv kjem på offentlege hender, kva er då demokratisk kontroll? Kva skal røystast over? Får til dømes eg noko eg skal ha sagt, dersom direktøren i DNB vil låna pengar til Yara, som vil byggja ein ny kunstgjødselsfabrikk i Dubai?

Skal Berit frå Bjugn få ha ei meining med i laget om Telenor vil byggja breiband til Utsira? Kven skal vurdera kredittrisikoen når ei statsverksemd låner pengane du har sett inn på bankkonto, ut til ei anna verksemd, når den same staten kontrollerer og garanterer for både verksemda som låner, og verksemda som låner ut? Finst det då kredittrisiko? Ja, kvifor skal vi ha bankar i det heile? Kan vi ikkje berre finansiera det heile via offentlege budsjett?

Spørsmåla eg ramsar opp, er spørsmål som i ulike former har vore diskuterte gjennom minst 150 år. Noreg prøvde delar av det Raudt skisserte under Gerhardsen. I praksis var nesten alt av lån og kredittrisiko på statlege hender, og vanlege folk fekk ikkje avgjera kva dei kunne investera i. Gerhardsen tok det folk sette inn på bankkonto, og bygde jarnverk i Mo i Rana for pengane.

Det heile braut saman av di folk byrja å låna direkte til kvarandre samstundes som Noreg vart ein stadig meir integrert del av verdsmarknaden. Sentralbanksjefen sat og godkjende lån til eit kraftverk i Hjørundfjorden. Var det demokrati?

Kapitalflyt

Det fyrste som må koma på plass under det nye systemet til Raudt, er valutakontroll. Alle fornuftige investorar vil stikka frå Noreg når det offentlege tek kontroll over alt sentralt næringsliv. Telia forstår at dei er ferdige i Noreg når det offentlege har teke kontroll over mobilmastene og fiberen.

Her er det mykje kapital som vil stikka av, med dei konsekvensane det får for den norsk krona. Tankar rundt konsekvensane av slikt gjer Raudt seg ikkje. Raudt har tenkt å taka kontroll over det alle meste av norsk sentralt næringsliv og underleggja det «demokratisk» kontroll, men dei fortel ingenting om kva som skal skje etter at dei har gjort det.

Slikt som Raudt vil prøva på, har vore prøvd før, og det gjekk dårleg. Raudt seier vi skal prøva igjen. Lat oss seia at tekoverksemdene i Ørsta i 1970 var statseigde. 60 prosent av alle lønsarbeidande kvinner i Ørsta arbeidde i tekoindustrien i 1970. Berre nokre år seinare var arbeidsplassane borte. Dei var utkonkurrerte.

Kva hadde skjedd om tekoindustrien var under «demokratisk» kontroll? Då hadde det vore naturleg, for å berga arbeidsplassane, å føra inn att tollen som var der før Bratteli inngjekk frihandelsavtalen med EF. Såpass forstår eg av Raudts programpost om likestilling at det er udemokratisk å kasta kvinner på dør.

Raudt seier dei vil ut av EØS og attende til handelsavtalen, men det var ein slik handelsavtale som fjerna tekoindustrien i Ørsta. Trur Raudt at EU går med på ein handelsavtale som gjev høve til å verna alt dette næringslivet Raudt har kjøpt mot fri konkurranse, av di det er underlagt «demokratisk kontroll»? Eg trur ikkje det.

Eg gjev opp

Ja, eg vel å kalla Raudt sosialdemokratisk. Dei har ikkje tenkt å kverrsetja alle aksjane dei vil ha tak i. Dei vil kjøpa dei. Dei vil heller ikkje regulera folks rett til å utdanna seg til kva dei vil, eller flytta kvar dei vil. Dette er ikkje den sosialistiske jarnhælen. Men sanninga er at det eksperimentet som Raudt vil ha oss til å setja i gang med, krev utruleg mykje som dei ikkje har tenkt over: tollmurar, fjerning av fri kredittdanning, stogg av kapitalflyt over grenser – lista kan gjerast mykje lengre.

I kortform: Den økonomisk politikken heng ikkje i hop: Raudt vil «At bankene skal være i felleseie fordi bankvesenet er viktig nasjonal infrastruktur», står det til dømes på side 7. Raudt vil «sikre at eventuelle økonomiske hjelpepakker til bankene må innebære statlig medeierskap og innflytelse», står det på side 8. Men når bankane er offentleg eigde, kvifor skal dei då ha offentlege hjelpepakker? Husbanken har heile tida vore eigd av det offentlege. Kan nokon hugsa at han har vore i konkursfare?

Ikkje reelt

Problemet med Raudts program er at det ikkje kan lesast som eit reelt program. Staten kan ikkje både eiga bankane og stilla krav til at dei må verta meir statleg eigde etter ei krise. Raudts program er som ein lang meny på ein restaurant. Du kan ha lyst til kjøpa og eta alt som er på menyen, men det har ikkje magen din plass til eller lommeboka di råd til.

Du kjøper den retten som du har mest lyst på eller råd til. Ein veljar som har lyst til å røysta Raudt, må ignorera nesten alt som står i programmet, og festa lit til at nett den programposten han eller ho liker, kan verta gjennomført. Noko anna val finst ikkje.

Det er elles ikkje berre Raudts program som er slik. Også politikarane i partiet er det. Dette står i programmet om oljenæringa: Raudt vil: «At ingen nye letetillatelser innvilges på norsk sokkel, heller ikke gjennom TFO-ordningen (tildeling i forhåndsdefinerte områder). 23., 24. og 25. konsesjonsrunde skal trekkes tilbake. At bare igangsatte og vedtatte utbygginger skal gjennomføres. Alle andre uoppdagede ressurser, funn og funn i felt skal forbli urørte.» Dette er sjølvsagt å leggja ned oljenæringa over dei komande tiåra.

Samstundes fører fyrstekandidat i Rogaland Mímir Kristjánsson ein intens valkamp der han legg vekt på kor viktig og bra oljenæringa er. Han taler gong etter gong om at vi «må snakka opp oljenæringa»: «Oljenæringen ligger ikke for døden. Den lever i beste velgående, til glede for norske skattebetalere. Haugesund, Stavanger og det sørvestlandske kystbeltet er fullt opp av bedrifter som lever av og med oljen. Men østpå skjønner de ikke det. De tror at vår industri er gammel og utdatert. De tror at all verdiskapning skjer i Oslo-gryta, og at den nye oljen er gründerverksteder og apper fabrikkert på Tøyen», seier han. 

Heng ikkje i hop

Nei, det heng ikkje i hop. Når eg melder program, prøver eg å finna logiske brestar og inkonsekvensar. Det er ein lett jobb, alle parti har slikt. Men det er nesten urettvis å prøva det same med Raudt. På den eine sida skriv dei som om vi framleis skal ha ein kapitalistisk marknadsøkonomi med fri vare- og kapitalflyt over grensene, på den andre sida vil dei nasjonalisera og «demokratisera» nesten alt som er av næringsliv. Men dette er to storleikar som ikkje kan sameinast.

Eller tak ei formulering om Equinor, og hugs at Raudt er veldig opptekne av klima. Dette skriv dei alt i tredje avsnitt: «Natur- og klimakrisa krever en radikal kursendring. Rødt kjemper for å få ned forskjellene og utslippene samtidig. Rødt jobber også for internasjonal solidaritet».

Men dette skriv dei om Equinor. Raudt vil: «Ta Equinor av børs, avvikle utenlandssatsingen i olje- og gassprosjekter og gjøre selskapet til et industrilokomotiv for samfunnsbygging i hele Norge.»

Brasil, då?

Kva inneber dette? Eg nektar nesten å tru at dei vil avvikla alle arbeidsplassane ute og leggja ned det Equinor har i utlandet. Gjer dei det, er det nokså brutale saker. Eg tippar dei meiner at det Equinor eig i utlandet, skal seljast.

Men er det god klimapolitikk når dei samstundes ikkje vil opna for nye felt og nye utbyggingar i Noreg? Skal den enorme satsinga Equinor har i Brasil for å auka produksjon der, overlatast til andre? Eg veit ikkje, og det veit nok ikkje dei som har vedteke dette programmet heller. Å leggja ned alt i utlandet er usolidarisk. Å lata andre halda fram med klimafarleg produksjon er dobbeltmoral.

Men så er det vel få om nokon som trur at Raudt har teke mål av seg til å verta eit statsberande parti med alt det fører med seg av ansvar og kompromiss. Raudt er på lik line med MDG, aktivistar som skyt med skarpt til alle kantar og gjer seg ei von om at dei av og til treffer noko som kan visa seg å vera heldig å avliva.

Den neste raudgrøne statsministeren må bera langt fleire staurar enn Erna Solberg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Raudt vil: «Ta Equinor av børs, avvikle utenlandssatsingen i olje- og gassprosjekter og gjøre selskapet til et industrilokomotiv for samfunnsbygging i hele Norge.»

Sitat frå Raudts program

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis