JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Store lovnader, lite handlingsrom

Hurdals-plattforma lover store nye løyvingar. Samstundes vil den nye regjeringa følgja handlingsregelen og auka eksporten. Det går neppe i hop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mykje av den nye regjeringsplattforma handlar om klima. Der er nasjonalbudsjettet verkeleg dårleg nytt for Støre og Vedum.

Foto: Victoria Klesty / Reiters / NTB

13800
20211015

Hurdals-plattforma

Hurdals-plattforma er rik på lovnader, men manglar heilt kostnadsoverslag.

Korkje flystasjonen på Andøya eller Ullevål sjukehus vert berga.

Det vert derimot høgskulen på Nesna.

Sp går også med på å auka CO2-avgifta.

Politikk

jon@dagogtid.no

Kva handlingsrom har den nye Sp-Ap-regjeringa, som enno ikkje har fått eit namn? Eit delsvar finn vi nesten heilt bak i nasjonalbudsjettet, som vart lagt fram på tysdag, dagen før Hurdals-plattforma vart presentert. Der finn vi kor mykje oljepengar kvar regjering har nytta dei siste 40 åra. Stoltenberg II nytta 555 milliardar frå Oljefondet dei åtte år dei sat. Regjeringane til Erna Solberg har nytta 2006 milliardar gjennom dei åtta åra dei har sete, berre vel 10 prosent kom av koronaepidemien.

Regjeringane Solberg har til saman nytta 400 milliardar mindre enn dei kunne ha nytta etter handlingsregelen, og nei, Sp og Ap har ikkje nett vore negative til stor pengebruk. Men om Solberg hadde nøgd seg med å nytta berre dobbelt så mykje som Stoltenberg II, hadde også den nye Støre-regjeringa fått nyta godt av det same som alle andre regjeringar dei siste 14 åra har fått høve til, å auka løyvingane til alle gode føremål. Ein billion meir på Oljefondet hadde gjeve eit ekstra handlingsrom på 30 milliardar per år. Men det går ikkje lenger. Skal handlingsregelen fylgjast, syner både nasjonalbudsjettet og den siste perspektivmeldinga, er dei gode dagane over. Dei eldre skal ha sitt.

Lite skattelette

Ei trøyst hadde vore om Solberg hadde nytta ekstrapengane til å setja ned skattane. Då kunne Støre-regjeringa ha sagt at dei ville reversera usolidariske skattelettar. Men heller ikkje det vert heilt lett. 90 prosent av den auka oljepengebruken har gått til å auka dei offentlege utgiftene, berre 10 prosent har gått til skattelette. Dei tala er tilfeldigvis nett dei same som Stoltenberg II hadde. Norske regjeringar plar vera nokså like.

Men nasjonalbudsjettet har også eit godt tal. Det syner seg at arbeidsdeltakinga har kome opp i 68,8 prosent, som er det høgste talet sidan 2012. Det er godt under talet for 2007, då arbeidsdeltakinga var 72 prosent, men den sterke auken i arbeidsdeltakinga etter pandemien gjev meir i skattar og mindre trygdeutgifter. Det kan forklarast med at EØS og Schengen vart sette på vent. Folk fekk ikkje høve til å reisa inn i Noreg i same grad som før.

«I enkelte næringer kan innenlandsk arbeidskraft til en viss grad ha erstattet lønnstakere som har forlatt landet. Blant annet har nedgangen i antall ikke-bosatte lønnstakere i bygge- og anleggsnæringen fra juli 2019 til juli 2021 blitt full ut motsvart av flere bosatte lønnstakere i denne næringen. (…) Antallet nye innvandrere falt også kraftig under koronapandemien, særlig fra land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Også dette kan ha bidratt til økningen i arbeidsstyrken som andel av befolkningen», skriv Finansdepartementet i nasjonalbudsjettet. Det høyrest nesten ut som det er skrive av den nye finansministeren Trygve Slagsvold Vedum.

Dårleg klima

Mykje av den nye regjeringsplattforma handlar om klima. Der er nasjonalbudsjettet verkeleg dårleg nytt for Støre og Vedum. Statistisk sentralbyrå (SSB) har korrigert ein tidlegare reknefeil. Då Sveinung Rotevatn la fram dei forsterka måla i Parisavtalen, lovde han at Noreg skulle kutta utsleppa med 45 prosent i ikkje-kvotepliktig sektor, transport, landbruk og avfall, mellom 2021 og 2030. Det utgjorde 16,6 millionar tonn.

No syner det seg at det rette talet skulle ha vore 23,3 millionar tonn, seier SSB: «For å nå regjeringens mål om 45 prosent reduksjon i utslippene tyder anslag på at det vil være nødvendig med ytterligere virkemiddelbruk utover det som kvantifiseres i klimaplanen», som det står. Det vert ikkje kjekt å vera korkje landbruks- eller samferdsleminister dei komande åtte åra.

Hurdals-plattforma til Støre-regjeringa ber preg av å ha vore skrive før framlegginga av nasjonalbudsjettet. Den nye regjeringa forpliktar seg til klimamåla til den gamle regjeringa: «Norges ambisiøse klimamål forplikter hele regjeringen og alle deler av samfunnet. Målene skal nås.» Sp forpliktar seg også på det sterkaste verkemiddelet for å nå måla utanfor kvotepliktig sektor, ein radikal auke i CO2-avgiftene: «CO2-avgiften skal gradvis økes til om lag 2000 kroner frem mot 2030.»

Rett nok vert det lova at særskilde grupper og næringar skal vernast, men utan ei høg generell CO2-avgift vert dei alt langt på veg umoglege måla i Paris-avtalen – eller «mer krevende (…) mål», som det står i nasjonalbudsjettet – endå meir umoglege.

Distriktsbensin?

Korleis gjekk det med målet som både Ap og Sp har om at distriktskommunar skal få lægre drivstoffprisar enn meir urbane strok, ein politikk som økonomar meiner er umogleg å få til å fungera godt i praksis? Skal til dømes Lier ha lægre drivstoffprisar enn Drammen og Asker? Det gjekk slik: Den nye regjeringa vil innrette «miljø- og klimaavgifter sosialt rettferdig, og differensiere disse geografisk der det er mulig og hensiktsmessig». Her er tolkingsrommet vidt, som det heiter.

Men éin ting er dei samde om. Dei beste dagane for store elbilar er over. Elbilar som kostar meir enn 600.000 kroner, skal få meirverdiavgift, rett nok ikkje for heile verdien, berre for delen over 600.000. Den største sigeren for landbruksinteressene er elles at regjeringa garanterer at det ikkje skal koma avgifter på utslepp frå «biologiske prosesser». Det er ein kode for metan, som særleg kyr og sau slepper ut.

Eit anna teikn på at nasjonalbudsjettet kom litt for seint, er lovnadene i skatte- og avgiftspolitikken. Dei lover å halda «det samlede skatte- og avgiftsnivået for folks inntekter uendret». Dessutan garanterer dei at selskapsskatten ikkje skal opp. Noko som skal ned, er den såkalla aksjerabatten og verdien på næringseigedom. Der strammar dei i røynda kraftig til i formuesskatten. Verdien på aksjar og næringseigedom skal setjast til 80 prosent.

Ja til fritak

Men den største kjelda til auka skilnader i formue her til lands, den såkalla fritaksmodellen, skal halda fram. Fritaksmodellen er enkelt sagt at kapitalavkasting og utbyte ikkje vert skattlagde før dei hamnar på dei personlege kontoane til eigarar av kapitalen. Så lenge du reinvesterer pengane du tener på kapital, får du ikkje anna enn overskotsskatt. Alt den nye regjeringa vil gjera, er å syta for at systemet ikkje vert uthola, noko den gamle regjeringa òg arbeidde med.

Det skal heller ikkje koma auke i eigedomsskatten. Rett nok vil dei at eigedomsskatten skal spegla marknadsverdien, men det skal skatten alt gjera i dag. Samla sett er skatte- og avgiftsopplegget ein torn i augo på SV. Ja, det vert ein liten auke i formuesskatten om regjeringa får det som ho vil. Men den førre regjeringa har redusert skatte- og avgiftsnivået med 38 milliardar årleg. Den største reduksjonen har kome på kapital, i form av redusert formuesskatt, men særleg i form av redusert overskotsskatt, som igjen har gjeve dei rike høve til å investera meir og betala mindre.

Ei lita innstramming i formuesskatt og ein viss auke i lønsinntekter over 750.000 vil i beste fall berre gje marginal nedgang i formuesulikskap. At den nye regjeringa vil tetta nokre smotthol, endrar neppe mykje heller. Dessutan seier den nye regjeringa også nei til grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa, som kunne ha gjeve fleire milliardar i auka skatteinntekter, og av ein eller annan grunn vil dei avvikla den forhøgde arbeidsgjevaravgifta i finanssektoren.

Auka skatt?

Om ein skal spå, og det skal ein helst ikkje, må SV få nokre sigrar i skattepolitikken, sidan både Ap og Sp har lova at dei vil laga statsbudsjett saman med SV. Her lyt vi tru at det er rom for auka omfordeling innanfor lovnaden om å halda det samla skatte- og avgiftsnivået uendra, men òg om vi samanliknar med Stoltenberg II. Når Solberg-regjeringane har redusert skatte- og avgiftsnivået med 38 milliardar, er det neppe eit veldig stort nederlag gradvis å gå attende til skattenivået det siste året under Stoltenberg II, særleg sett i lys av at også Stoltenberg II reduserte skattenivået.

Støre-regjeringa har gjeve seg fallhøgd gjennom lovnaden om ikkje å auka det samla skattenivået, men regjeringa er ei mindretalsregjering, og slike regjeringar må svelgja kamelar. Dessutan treng den nye regjeringa mykje meir pengar, særleg sett i lys av at ho lover å halda handlingsregelen, og kanskje særleg av di den nye regjeringa vil gjera Oljefondet meir politisk.

Dei vil opne «for at SPU kan investere mer i infrastruktur for fornybar energi og annen klimateknologi». Ein illustrasjon på at dette er dyrt, er aksjemarknaden så langt i år: I 2021 har kolselskapa noterte på verdas børsar gått opp med 371 prosent. Selskap som driv med alternativ energi som sol og vind, har gått ned med 15 prosent. 3 prosent av verdiar som går ned, er mindre enn 3 prosent av verdiar som går opp.

Eksport

Regjeringa lover å føra ein «aktiv næringspolitikk», som historisk sett har vore ein eufemisme for auka statsstøtte. Dessutan lover dei å auka eksporten med minst 50 prosent innan 2030, utanom olje og gass. Det tyder på at store ressursar, både i form av kapital og arbeidskraft, må overførast frå tenestenæringane til eksportnæringane, og det lover den ny regjeringa i ei tid då Noreg går med rekordhøge eksportoverskot fordi omverda har investert så lite i olje og gass.

Sjølv om Hurdals-plattforma ikkje konkretiserer kva eksportsatsinga skal kosta, seier det seg sjølv at kostnadene vert høge. Nokon må betala rekninga for slik lovnader, og dei er det mange av: Regjeringa vil inngå «gjensidig forpliktende klimapartnerskap, der fellesskapet bidrar med støtte til omlegging og teknologiskifte til lav- og nullutslippsløsninger», og legge «til rette for storskala battericelleproduksjon i Norge, gjennom å sikre næringen rammebetingelser som i større grad er konkurransedyktige internasjonalt», altså subsidiar i direkte eller indirekte form.

Dessutan er det ikkje å koma forbi at auka eksport utanom olje og gass må føra til lægre levestandard for nesten alle nordmenn. Den einaste måten vi kan nytta Oljefondet på, er gjennom underskot på handelsbalansen. Oljen har vore nytta til sparing. Så lenge vi går med handelsoverskot, aukar vi sparinga. Og så lenge sparinga aukar, set vi til side konsum vi kunne hatt her og no. Rett nok kan vi nytta pengane på Oljefondet til å importera arbeidarar som skal arbeida i eksportnæringa, men det inneber ikkje anna enn at vi gjev sparepengane til dei nye arbeidarane og dei som får tilsetja dei. Eksportoverskot er alltid auka sparing.

Delvis freding

Så var det olje- og gasspolitikken. Alt denne veka la Raudt, MDG og SV fram eit forslag om å stogga leiteboring. Dette avviser regjering totalt: «Det ordinære konsesjonssystemet skal ligge fast. Det skal fortsatt gis tillatelser til å lete etter olje og gass i nye områder. Leting skal i denne stortingsperioden hovedsakelig skje gjennom forutsigbar tilgang på leteareal gjennom tildeling i allerede forhåndsdefinerte områder (TFO).»

Men dette er i røynda starten på ei rett nok lang avvikling av oljenæringa. No er det vanskeleg å seia kva «hovedsakelig» tyder, men «allerede forhåndsdefinerte områder», vil seia at oljenæringa ikkje får tilgang på område som det ikkje er opna for leiteboring i frå før. Denne endringa har rett nok den største aktøren i oljenæringa alt teke inn over seg. Equinor seier sjølv at nesten all leiteaktivitet i framtida skal gå føre seg nær alt eksisterande infrastruktur for olje- og gassproduksjon.

Men denne regjeringa vert etter alt å døma den fyrste regjeringa som ikkje opnar opp nye TFO-ar. Ho vert neppe den siste. Det tyder på at vi truleg går glipp av ein del inntekter i framtida. I haust var utgreiinga av Sentralbankhøgda aust for Bjørnøya ferdig. Granskarane meinte å påvisa store ressursar. Området ligg utanfor dagens TFO-ar. No seier neppe SV seg nøgd med at det ikkje vert nye TFO-ar. Men formuleringane i Hurdals-plattforma er såpass sterke at det verkar lite sannsynleg at SV skal få ein endå større siger.

I denne stortingsperioden kan difor oljenæringa halda fram som før. I tillegg seier Hurdals-plattforma ja til det nye oljeskattregimet som regjeringa har lagt fram, noko som inneber at oljenæringa får høgre likviditet i starten på prosjekt, og det reduserer risikoen ved ny aktivitet. Men nedgangen i oljeaktivitet byrjar no.

Frp og innvandring

Det partiet som har lide mest av Sps framgang, er Frp. Det var særleg frå dei Sp hausta veljarar over til ei ny regjering. Frp får ikkje mange vinstar av Hurdals-plattforma. Oljenæringa skal halda fram, satsinga på vegar likeins. Rett nok kan partiet peika på CO2-avgift og statsstøtte til klimaomlegging og elektrifisering av sokkelen, men der har partiet stått for ein del av det same under Solberg.

Då står i hovudsak innvandringsfeltet att. Der er Hurdals-plattforma nokså vag. Ho seier dei vil prioritera kvoteflyktningar, men regulera talet på basis av kor mange asylsøkjarar som kjem og får opphald. Her må Frp venta til neste asylbylgje før dei får vita konkret kva som skjer.

Det Hurdals-plattforma har til felles med plattforma til Solberg-regjeringa, er at ho er rik på lovnader om auka utgifter, men svært vag på kva slags innstrammingar som skal koma. Problemet for Støre og Vedum er at om dei skal halda på handlingsregelen, som dei lover, så har dei langt mindre å nytta pengar på.

Arven frå Solberg er at handlingsrommet er brukt opp. Går verdas aksjemarknader ned, kan dette verta verkeleg vondt, om Støre ikkje så vil bryta handlingsregelen. Og i det ikkje så fjerne blinkar Paris-måla.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nedgangen i oljeaktivitet byrjar no.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis