Tid for sjølvransaking
Heile Arbeidarpartiet må gå i seg sjølv etter kommunevalet, meiner Helga Pedersen.
Helga Pedersen under Ap-landsmøtet i vår. Ho trekte kandidaturet sitt til vervet som partisekretær før landsmøtet etter ein samtale med Jonas Gahr Støre.
Foto: Heiko Junge / NTB
peranders@dagogtid.no
Ei rekkje arbeidarpartiordførarar rundt om i Noreg må finne noko anna å gjere etter kommunevalet. Ein av dei er truleg Helga Pedersen i Tana, tidlegare nestleiar i Ap. Partiet har styrt kommunen i 32 år, men gjekk attende med 9 prosentpoeng frå førre val. Pedersen har framleis eit lite håp om å danne ein ny koalisjon. Men ho er klar på at Ap har gjort eit dårleg val både i Tana og Noreg elles.
– Først og fremst må vi ha ei open, ærleg og grundig vurdering av årsakene til at vi har hamna der vi er, seier Pedersen.
– Partiorganisasjonen må kjenne eigarskap til den prosessen, og vi må få fram kva medlemene har på hjartet.
– Kva skulle alternativet vere?
– Det ville vere ein smalare gjennomgang der dei som har vore ansvarlege for strategi og gjennomføring, gjer evalueringa sjølv. Vi må inkludere heile partiet i denne prosessen.
– Det høyrest ut som du har sakna noko slikt.
–?Eg etterlyste denne runden også etter valet for to år sidan. No må vi gjere det med tyngd og involvere partiorgana. Punkt nummer éin er å kome fram til ei sams røyndomsforståing som partiorgana kan kjenne seg att i. Det vil gje oss eit grunnlag for vidare vegval.
Melkøya-straff
Pedersen meiner rikspolitikken har medverka til det svake resultatet for Ap i Tana. «Det er nærliggende å tenke at dette er prisen for Melkøya», sa ho til NRK tysdag. Ho sikta til regjeringsvedtaket om å elektrifisere Equinor-anlegget på Melkøya, eit vedtak som medfører store naturinngrep i Finnmark.
– Melkøya-saka og alt styret i kjølvatnet medverka til dette resultatet. I tillegg kjem dei nasjonale trendane. Arbeidarpartiet lokalt må òg gå ein runde med oss sjølve, på same vis som det eg har etterlyst i partiet sentralt. Vi fanga ikkje opp styrken i høgrebølgja. Hadde vi gjort det, ville vi nok lagt opp valkampen litt annleis.
– Kva trur du er årsaka til høgrebølgja i valet?
– Eg skal ikkje vere bastant, men eg trur grunnen er at regjeringa ikkje har levert i tråd med forventingane. Da søkjer veljarane seg til andre. Eg er usikker på om det er ei reell høgredreiing blant folk eller ein protest, men eg hellar mot det siste. Uansett må vi gå i oss sjølve no.
Forankring
Pedersen understrekar at ho meiner regjeringa har gjort mykje bra.
– Her i Tana har det kome gratis barnehage og raskare avskriving av studielån. Men regjeringa har òg gjort djerve grep som lakseskatten, som er svært populær somme stader og upopulær andre stader. Melkøya-vedtaket er òg veldig kontroversielt, seier Pedersen.
– Det er bra at regjeringa tør å trø til, men mange saker har vore lite forankra i partiorgana. Når sakene så har kome, har vi lokalpolitikarane vore dårleg rusta. I blant har heller ikkje saksførebuinga vore god nok.
– Du opna for å stille som kandidat til vervet som partisekretær i vår. Kjem dette valresultatet til å auke presset for å få endringar i partileiinga til Ap?
– Det ønskjer eg ikkje å svare på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.