Tucker Carlson eggjar til hat mot USA
Den nye dokumentarfilmen til Tucker Carlson er utforma for å skape mistillit til dei viktigaste institusjonane i landet, meiner Anne Applebaum.
Tucker Carlson, som har sitt eige program på fjernsynskanalen Fox News, har laga ein dokumentarfilm saman med regissør Scooter Downey.
Foto: Richard Drew / AP / NTB
Overalt kring deg flimrar det valdsscenar – eksplosjonar i Bagdad, IS-folk som skjer halsen over på ein vantru, kaoset kring Capitol i Washington 6. januar. Ein ser skakande bilete av vald og brutalitet; ein høyrer lyden av nerveslitande skrik; ein kjenner på stormen av redsle og sinne.
Men så dukkar det opp ein roleg, sympatisk mann, kledd i skjorte. Han forklarer det heile. Han bind dei flimrande bileta saman; han gjev meining til dei forvirrande lydane; han plasserer alt det du nyss har vore vitne til, i ei einskild forteljing. Desse historiene er forvirrande, seier han, fordi dei er sette i scene eller manipulerte.
Ingen av dei har nokon gong vore det dei ser ut som. Under dei ligg det ei djupare sanning: Bra folk, ærlege menneske, sanne amerikanarar, patriotar, folk nett som du, er blitt lurte. Mørke krefter på innsida av den amerikanske regjeringa stelte i stand denne fæle biletsamlinga for å trykke deg ned, for å rydde deg av vegen, for å gjere ende på deg. Når alt kjem til alt, gjev det meining.
Kjernen
Dette er kjernen i plottet og strukturen i Patriot Purge, dokumentarfilmen produsert av Tucker Carlson og Scooter Downey. Den første av tre delar går no på strøymetenesta Fox Nation. Vi kjem attende til det om litt.
Du veit kven Carlson er, mannen i skjorta: den i overkant velkledde propagandisten som vart ekstremist etter at karrieren som moderat republikanar slo feil. Den levande, pustande definisjonen av ordet kynikar.
Downey, ein mindre kjend person, har regissert tidlegare dokumentarfilmar, inkludert Hoaxed, ein forsvarstale for Mike Cernovich, mannen bak konspirasjonsteorien om Pizzagate, og andre tilhengjarar av alternativhøgrerørsla på nettet. Hoaxed var meint å skulle skape kjensler av fare, sinne og mistillit til «media». Patriot Purge nyttar den same kombinasjonen av valdelege, kjapt vekslande filmsnuttar, skummel musikk og alvorsame «vitne» for å utløyse kjensler av fare, sinne og mistillit knytte til FBI, det amerikanske militæret, Det kvite huset, dei amerikanske styresmaktene i det heile.
Konspirasjon
For å skjøne heile omfanget av konspirasjonen, må sjåarane få med seg alle dei tre episodane. Men alt i den første episoden er målet for dette prosjektet klart. Poenget er å framstille det som hende 6. januar, som ein operasjon under falskt flagg, utklekt på innsida av dei djupaste laga i den amerikanske «djupstaten» – og dermed skape tvil om alt det som vil kome ut av høyringane i Kongressen om 6. januar, alt som blir avslørt av alle undersøkingane utførte av Washington Post eller kringkasta fjernsyn, alt det FBI får opp i dagen.
For Fox-sjåarar vil dette vere ein enorm letnad. Dersom ein kan oversjå alle forstyrrande fakta, treng ein ikkje lære noko. Republikanarar i Kongressen og det Det kvite huset under Trump treng aldri å klandrast for åtaket sitt på konstitusjonen. Folket som støtta dei, vil aldri måtte stille spørsmål ved støtta.
Like viktig – ikkje minst på lengre sikt – er det at dokumentarfilmen medvite er laga slik at sjåarane skal stille spørsmål ved dei viktigaste samfunnsinstitusjonane i landet, dei som amerikanske konservative til no har festa lit til. FBI-agentar var ein gong gode gutar som sytte for lov orden. No er dei ein vondsinna klikk som stelte til ein falsk demonstrasjon 6. januar («ei honningkrukke») med det som mål å få med seg patriotiske amerikanarar – for så å forfølgje og undertrykkje dei.
Det amerikanske militæret var ein gong heltar som nedkjempa fiendane våre. No er dei væpna styrkane ein del av den same konspirasjonen, når dei freistar identifisere dei same amerikanske patriotane og «reinske militæret for alle opprørske røyster». Dette, åtvarar somme, kjem til å vere «krigen mot terror 2.0», frå «dei same korrupte krinsane i Washington som fremjar løgna om heimleg kvit terrorisme».
Eksistensielle fiendar
Som ein tilleggsbonus vil denne forteljinga òg hjelpe til med å overtyde nokre amerikanarar om ikkje å tru på resultatet av det neste valet. Dersom FBI og militæret kan lage falske scenario, kvifor kan ikkje lokale valstyre gjere det same? Dersom noko så viktig som åtaket på Capitol kan forfalskast, kvifor ikkje ein siger i eit presidentval?
Mange av sjåarane trur sjølvsagt alt at 2020-valet «vart stole». Desse siste «avsløringane» vil berre vere nytt krydder i konspirasjonssuppa dei har putra i i årevis. Dei som alt hadde mista trua på amerikanske institusjonar, lærer no å hate dei. Dei som ikkje lenger stoler på USAs valde eller militære leiarar, lærer å sjå på dei som eksistensielle fiendar.
Underleg nok blir ikkje Patriot Purge vist på dei vanlege kabelkanalane til Fox News, men på ei separat strøymeteneste, Fox Nation, som det må betalast ekstra for. Kan hende er det for å tene ekstra pengar; kan hende er det fordi selskapet har ein snev av skuldkjensle for å vise ein dokumentarfilm skapt for å få amerikanarar til å vende seg mot militæret og FBI.
Aukande hat
Ein talsperson for selskapet har alt kravd at ein av nettstadene informerer tydeleg om at det er Fox Nation, ikkje Fox News, som sender dokumentarfilmen. Da eg kontakta Fox News for å spørje kvifor dei ikkje sjølve kringkastar ein dokumentarfilm som den mest populære programverten deira både er med i og har produsert, sende ein talsperson meg ei pressemelding som lova «eksklusivt innhald» frå Carlson til strøymetenesta, men fleire spørsmål ville ho ikkje svare offisielt på.
Uansett, resultatet er at mange av dei som ville blitt mest sjokkerte av denne glatt emballerte, høgtidsdystre produksjonen, ikkje kjem til å sjå han, og difor vil dei heller ikkje skjøne den auka mistanken, tvilen og frykta blant dei som har sett dokumentarfilmen.
Så sjå på dette som ei åtvaring frå ei som har sett han: Hatet mot USA og amerikanske institusjonar kjem til å auke. Det vil bli meir gjengs og akseptabelt – særleg blant konservative som ein gong trudde på landet sitt og var stolte av det.
Anne Applebaum er medarbeidar i The Atlantic, medlem av SNF Agora Institute ved Johns Hopkins University og forfattar av boka Demokratiets svanesang. Politikk som svikter og vennskap som tar slutt (2021), omsett til norsk av Jan Grande.
Einerett: The Atlantic / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Desse siste «avsløringane» vil berre vere nytt krydder i konspirasjonssuppa dei har putra i
i årevis.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement