JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Vil gje løn for klimastrevet

Politikarar flest vil skjerme folk flest frå upopulære og drastiske aukar i klimagassavgifter. Ein idé utforma for avgiftsskye amerikanarar inspirerer fleire parti.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Karbonskatt til fordeling er i prinsippet enkelt: Dieselbilistane, til dømes, skal betala ei avgift for utsleppa sine direkte til elbilistane, ikkje via staten og Stortinget. Problemet oppstår når politikarane skal setje prinsippet ut i livet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

12341
20210507

Karbonskatt til fordeling (KAF)

Karbonskatt til fordeling er eit framlegg til klimaløysing lansert i USA av klimaforskar James Hansen i 2009.

Prinsippet går ut på å leggje avgift på klimaskadeleg åtferd.

Den innsamla summen skal fordelast uavkorta på innbyggjarane, slik at dei som forureinar, totalt betaler meir enn dei som ikkje forureinar.

KAF er utforma som eit system som kan innførast nasjonalt og internasjonalt.

Politikk

christiane@dagogtid.no

Klimaavgifter er ikkje for pysar. To og eit halvt år har gått sidan rørsla vi best kjenner som «dei gule vestane», protesterte i gatene i Paris. Demonstrantane var misnøgde med dei sosiale levekåra sine, og dropen som fekk det kjende begeret til å renne over, var ein planlagd auke i drivstoffavgifta.

Halvtanna år er gått sidan politikarar vart tekne på senga av eit bompengeopprør framfor kommune- og fylkestingsvalet. Det gav sterkt utslag på valresultata i fleire av dei store byane.

Dei kraftige protestane viser tydeleg kvifor det sit langt inne for enkelte politikarar å skru opp prisane på CO2-forbruk. Ei høg CO2-avgift kan føre til at ein del av oss køyrer bil sjeldnare og forureinar mindre, og ho kan på den måten medverke til at Noreg når målet om å halvere – eller meir enn halvere – utsleppet av klimagassar innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Ei slik høg avgift kan òg føre til at dei av oss som ikkje har eit godt alternativ til dieselbilen, vert hardare råka enn andre.

Så kva gjer ein? Alle dei politiske partia er på leit etter måtar å gjere klimaomlegginga som kjem, så eteleg som mogleg. Ein teori som tener til inspirasjon, tilbyr direkteoverføringar på konto, på line med barnetrygda.

Enkelt prinsipp

Prinsippet er enkelt: Ein legg ei avgift på all bruk av CO2. Pengane frå avgifta går ikkje inn på statsbudsjettet, men i ein eigen pott. Alle pengane i potten vert førte tilbake som ei flat utbetaling til forbrukarane (les: innbyggjarane) til dømes ein gong i månaden. Slik vil dei som har brukt mindre CO2 enn gjennomsnittet, vinne på ordninga, medan dei som har brukt meir, vil tape. Sagt på ein annan måte: Dei som har forureina mykje, får smake pisken i systemet, dei som har forureina lite, får gulrota.

Ideen er over ti år gammal og vart først lansert av den amerikanske klimaforskaren James Hansen, truleg med tanke på avgiftsskye amerikanarar. Han gav teorien namnet «karbonskatt til fordeling», forkorta til KAF, blant kjennarar. Forskaren såg at klimaendringane representerte eit alvorleg trugsmål, og at det hasta å fase ut fossile brennstoff. Dermed utforma han ei oppskrift som fall i svært god jord ein del stader, mellom anna i den norske miljørørsla.

Hansen såg for seg at KAF kunne innførast både nasjonalt og internasjonalt, men i denne artikkelen er diskusjonen avgrensa til norske forhold.

Mykje diskutert

Teorien er så enkel at han kan synast vakker, på same måte som eit reknestykke med to strekar under svaret. Alt går opp. CO2-avgifta kan aukast mykje og kjapt, utsleppa går ned. Dei verste konsekvensane av klimaendringane vert stoppa, folk får pengane tilbake, og alle er glade.

Kanskje er det det enkle og effektive med ideen som har gjort at folk i mange og heilt ulike miljø har vorte fascinert av han. I USA og Canada har ordninga ein eigen grasrotorganisasjon, Citizens Climate Lobby. I Canada har ein versjon av ordninga vorte innført i enkelte provinsar.

I Noreg vedtok Naturvernforbundet å støtte innføringa av KAF i 2015, den borgarlege tenketanken Civita gav i same år ut ein pamflett om KAF med tittelen Karbonavgifter som nullsumskatt. Leiar for miljøstiftinga Zero, Marius Holm, skreiv om ordninga i VG i 2019 under tittelen «Avgiften alle vil elske!».

Stadig ser vi avisinnlegg som omtalar ordninga i nesten forelska ordelag, som når Henry D. Jacoby, professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT), skriv i The Guardian i januar i år at «The ‘carbon dividend’ is so elegant that it seems too good to be true. Governments should make it a post-pandemic priority.»

Men toler ein slik vakker teori møtet med den norske røynda?

Tredobla avgift

Den politiske våren 2021 kan med rette verte hugsa som den våren då Stortinget ikkje klarte å samle seg om eit klimaforlik. Det er fleirtal på Stortinget for å tredoble CO2-avgifta til 2000 kroner per tonn innan 2030, men opptrappinga vil måtte skje i statsbudsjetta kvart år. Korleis ho skal trappast opp, og korleis dei som vert hardast råka av henne, eventuelt skal kompenserast, vil verte valkampmateriale. Dessutan har korkje Framstegspartiet eller Senterpartiet stilt seg bak den planlagde CO2-auken, fordi dei meiner at han vil råke både industrien og folk flest for hardt.

Kva slags klimagassavgift og kompensasjon partia ser for seg i tida som kjem, vert klarare og klarare jo fleire landsmøte som vert gjennomførte. Vil vi sjå KAF gå frå skrivebordet og ut i det norske samfunnet? Nja.

KAF har, i åra sidan teorien vart lansert, vorte diskutert i fleire parti på både raud og blå side av den politiske skiljelinja. Han kan appellere til dei som ikkje vil ha auka skattar, sidan pengane ikkje er tenkt kanaliserte inn i statsbudsjettet. Han kan òg appellere til dei som ønskjer meir omfordeling, fordi han i praksis kan verke omfordelande. Blant tilhengjarar vart det oppfatta som eit mogleg gjennombrot då Arbeidarpartiet opna for KAF i 2019.

Ein kikk i partiprogramma som er vedtekne og under utforming, viser at alle partia anten leitar etter måtar å skjerme folk frå upopulær avgiftsauke på, eller går imot avgiftsauke i det heile. Ingen av partia kopierer KAF i rein form, slik den amerikanske forskaren gav råd om, men fleire parti på venstresida og i sentrum har utvikla eigne variantar av ordninga.

Original og kopi

Kjært barn har mange namn. MDG kallar det klimaløn, SV kallar det folkebonus, partiet Raudt kallar det klimarabatt. Alle ordningane er inspirerte av KAF, men har det til felles at dei er meir kompliserte enn originalen.

Både SV og Raudt vil ha ei øvre inntektsgrense og ei geografisk fordeling på utbetalingane. Også MDG vil gjere klimaløna geografisk og sosialt rettvis, for å sitere frå programmet.

MDG-nestleiar Arild Hermstad forklarar at han ikkje ser for seg at heile CO2-avgifta skal gå attende til folk, men at ei ekstra bensin- og dieselavgift på personbilar skal fordelast. Dei i distrikta er tiltenkt dobbelt så mykje som dei i byane, fordi dei treng bilen meir. Utbetalinga er også tenkt utdelt uavhengig av alder, slik at småbarnsfamiliar får meir enn andre.

– Det gode nyhendet her er at noko som handlar om klima, kjem inn på kontoen som ei gulrot. Alle vil sjå sjekken, seier Hermstad.

– Kvifor er fordelinga avgrensa til bensin- og dieselavgiftene?

– Vi har også hatt ein diskusjon om vi skal ha med fly, men vi har ikkje landa om det skal gjerast. Vert summane for små, vert det mykje papirarbeid og liten effekt.

– Vil dei som ikkje bur i distrikta, men pendlar inn til byane, verte kompenserte på nokon måte?

– Dei vil kome dårlegare ut og betale meir inn enn dei får attende dersom dei forureinar mykje. Mange utan bil vil kome betre ut, slik også dei i distrikta som køyrer mindre, vil det.

– Har KAF noka framtid i Noreg?

– Det er fleire parti på venstresida som kjem etter og no snusar på ordninga. Det er positivt. Vi treng nye måtar å gjere ting på. Om ein berre skal setje opp ei avgift, er det vanskeleg å få gjennomslag for det.

Ulike variantar

Slik meiningsmålingane ser ut no, ligg SV, MDG og Raudt an til samla å verte på storleik med Senterpartiet åleine. Og no vil det kanskje overraske enkelte at det også i Senterpartiet finst politikarar med interesse for KAF. Ein miljøallianse i programkomiteen foreslår, i dissens med fleirtalet, å greie ut ulike ordningar for å kompensere for CO2-avgift til privatpersonar, til dømes bygd på ei karbonavgift til fordeling. Fleirtalet slår derimot fast at dei går imot KAF, fordi dei ikkje trur på at ordninga kan utformast rettferdig sosialt og geografisk.

Arbeidarpartiet, som opna for KAF for eit par år sidan, har vurdert seg fram til ei løysing med enkelte trekk som liknar, men som likevel skil seg sterkt frå originalen ved at tilbakebetalinga skjer over skattesetelen og då ikkje som ei flat avgift. Den klare koplinga mellom klimavennleg åtferd og tilbakebetaling vert borte.

Ap går no inn for å bruke inntekter frå auka CO2-avgift til å senke skattane for folk med gjennomsnittleg og låg inntekt. Med utgangspunkt i reknestykke frå Statistisk sentralbyrå hevdar Ap-arane at auka avgifter som gjev lågare skatt på arbeidsinntekt, stimulerer verdiskapinga og sysselsetjinga.

Stortingsrepresentantane Espen Barth-Eide og Eigil Knutsen grunngjev i ein fersk kronikk i E24 kvifor dei ikkje vil tilbakeføre avgiftsinntektene direkte til folk:

«Å dele ut inntektene fra avgiften direkte kan være krevende å fordele rettferdig mellom fattig og rik, og stimulerer ikke økonomien på samme måte som når avgiften brukes til lavere skatt på inntekt fra arbeid», skriv dei.

På høgresida går ingen av partia inn for KAF. Stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V) kallar ordninga ein omveg og seier avgiftsinntektene må nyttast til skatte- og avgiftslette, som er med på å forsterke klimatiltak, skal ein få ned utsleppa raskt nok.

KAF light

Kva med Marius Holm i Zero, som for to år sidan meinte folk ville elske CO2-avgifta, berre dei fekk pengar attende? Har han framleis tru på KAF?

– Eg har tru på ordninga i den forstand at ho er fornuftig. Om ho vil verte innført, er eit anna spørsmål, seier han.

Holm meiner framleis at KAF er eit godt verkemiddel for å skru opp CO2-avgifta til eit så høgt nivå at det fører til utsleppskutt. Han meiner alternativet, subsidiar, vil medføre ein dyrare klimapolitikk. Han peiker også på at KAF vil føre til ei betre fordeling enn høge avgifter utan tilbakebetaling.

Zero-leiaren har sjølv vore blant dei som har argumentert for at tilbakebetalinga bør vere ein flat sum utdelt til alle, og at omfordeling mellom folk bør skje i andre ordningar. På same tid ser han at ei slik utforming kan verke urettferdig.

– Analysen er at rike forureinar meir enn dei fattige. Det er rett om ein samanliknar dei svært fattige og svært rike. Men ser ein på dei store inntektsgruppene, er det ikkje alltid slik. I den norske middelklassen finn vi til dømes dei 350.000 elbileigarane. Dette er i hovudsak nye bilar som i snitt er eigde av folk med høg inntekt.

Holm trur dermed at ein vil sjå mange unntak frå statistikken som viser at rike forureinar meir enn fattige.

– Parti som MDG, SV og Raudt går inn for ein slags «KAF light». Ordningane er ikkje optimale teoretisk sett, men i praksis har også eg vorte tilhengjar av desse ordningane, seier han.

– Arbeidarpartiet vil føre CO2-avgiftene tilbake til folk via lågare skattar til dei med låg inntekt. Er ikkje det ei vel så god ordning?

– Skattelettar kjem og går og synest ikkje så godt. Om ei ny regjering set ned skatten til dei med inntekt under 600.000 kroner, kan det vere signifikant, men det hjelper lite om Espen Barth-Eide i Ap seier at skatteletten kjem av klimaavgifta. Koplinga vert for vag. I KAF er koplinga tydlegare: OK, du betaler ei avgift, men du går i null.

– Suppe

Også Gunnar S. Eskeland, professor ved Norges Handelshøyskole, var ein av dei som for ein del år sidan vart overtydd om at teorien frå James Hansen var godt handverk. Ja, i Dagens Næringsliv skreiv han at ordninga kunne vere genial.

Slik han såg det, innebar KAF å «sparke sosialistspøkelset ut av klimapolitikken», fordi det alltid vil vere gode føremål å bruke avgiftsinntektene på.

«På begge sider må utgiftspopulistene avvæpnes: Det er mange gode offentlige formål», skreiv han.

Det dei norske partia går inn for i dag, har Eskeland derimot inga tru på.

– Det er berre suppe. Det alle har til felles, er at dei eigentleg vil ha pengane til andre ting. Heile poenget med KAF er jo at du skal bryte bandet mellom pengane og staten. KAF må styre heile beløpet tilbake til hushalda. Dei treng kjøpekrafta og skal røyste for politikken, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Heile poenget med KAF er jo at du skal bryte bandet mellom pengane og staten.

Gunnar S. Eskeland, professor ved NHH

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis