Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Vil gje mor meir tid heime

­– Dagens ordning er nærast kvinnefiendtleg, seier Kjersti Toppe, som vil ha Senterpartiet med på å ta permisjonsveker frå far og gje dei til mor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Toppe er stortingspolitikar frå Hordaland.

Foto: Torstein Bøe / NTB

4384
20210604

Samtalen

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant for Senterpartiet

Aktuell

Vil gjere endringar i foreldrepermisjonen

eva@dagogtid.no

Senterpartiet har landsmøte i helga og skal diskutere endringar i foreldrepermisjonen. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe vil ta permisjonsveker frå far.

– Kva er det som ikkje fungerer med dagens 15 veker til mor, 15 veker til far og 16 veker dei kan dele som dei vil?

– Det tek ikkje omsyn til eintydige helsefaglege råd om spedbarnsernæring og amming, som inneber at mor må kunne ta åtte månaders permisjon. For ein del kvinner som ammar, er det brutalt å gå frå å fullamme i seks månader, slik råda er, til å gå ut i full jobb når barnet er berre sju månader, som i dag. Hovudpoenget i forslaget mitt er å gje mor høve til å ha permisjon i 35 veker i staden for 31. Men det er ein minimum, det burde vore meir.

– Så 35 veker er framleis lite, slik du ser det?

– Ja, men det er ein start. Eg meiner mødrer burde få høve til å ta ut endå meir av den totale permisjonen, men det vert ein balanse mellom omsynet til kvinna og høve til amming, og kva eg trur det er mogleg å få til politisk, også i Senterpartiet. Og så er det ein balanse opp mot fedrekvoten, som eg òg meiner er viktig.

– For å ta omsynet til kvinna fyrst: Svekkjer ikkje forslaget ditt mors tilknyting til arbeidslivet?

– Det er dagens ordning som svekkjer rettane til mor og tilknyting til arbeidslivet, slik eg ser det. For det har vore stor auke i talet på mødrer som tek ubetalt permisjon. I 2017 tok tre av ti mødrer i snitt 13 veker kvar med ubetalt permisjon. Det er ein auke på 60 prosent sidan 2009. Og ubetalt permisjon gjev ikkje rett til sjukemelding ved sjukdom. Samstundes veit vi at om lag 50 prosent av fedrane ikkje tek ut heile fedrekvoten, og at familiane mistar dei vekene som ikkje vert tekne ut. Vi har altså verdas beste foreldrepengeordning, og så må mødrer ta ut ulønt permisjon fordi staten har ei for rigid fordeling. Det er nærast kvinnefiendtleg.

– Ein stad i partiprogrammet dykkar står det at utvidinga av fedrekvoten er viktig for at fedrar skal utvikle ein god og nær relasjon til barna frå fødselen av, og ta del i oppveksten deira. Er du ikkje samd i det?

– Jau, eg meiner fedrekvoten er viktig. Men no er han alt utvida kraftig, og vi ser at familiar er misnøgde med fordelinga og meiner dei får bestemme for lite sjølv. Når berre halvparten av familiane brukar opp fedrekvoten, syner det at ordninga ikkje er tilpassa det livet familiane lever.

– Men for enkelte fedrar inneber det kutt?

– Forslaget mitt kuttar ikkje mykje i alle høve. Der det kuttar, er i fedrekvoten. Om fedrekvoten går frå 15 til 11 veker, hindrar ikkje det far i å ta heile fellesdelen.

– NRK har alt meldt at det å tukle med foreldrepermisjonen vert dårleg motteke i Ap. Ser du nokon sjanse til å få ei endring gjennom i Stortinget?

– Ja, det gjer eg. Vi er grunnleggjande usamde med Ap i ein del ting i familiepolitikken, men vi har klart å arbeide saman før, samstundes som vi har teke vare på det som er viktige verdisaker for oss, slik dette er. Kontantstøtta vart ikkje skrota sist vi sat i regjering. Det var vår modell med målretting mot dei yngste som fekk gjennomslag.

– De går inn for å oppretthalde kontantstøtta no òg. Ser du ingen ulemper ved henne?

– Kritikken om at ho hindrar integrering, meiner eg vi tok grep for å møte då støtta vart fjerna for toåringar. No har barna fire år til å gå i barnehage før dei byrjar på skulen, og då fell ein god del av den kritikken vekk. Når det gjeld motargumentet om at støtta hindrar sysselsetjing, og at mor kjem raskt tilbake til arbeidslivet, meiner jo eg at arbeidslina for småbarnsforeldre er køyrd for hardt. Vi må akseptere at enkelte familiar treng og ønskjer meir tid, og meiner det er for tidleg med barnehagestart når barnet er elleve–tolv månader.

– Kor avgjerande vert familiepolitikken for Sp i eventuelle samarbeidsforhandlingar etter valet?

– Han vert viktig. Eg ønskjer ikkje ei regjering dominert av familiepolitikken til Ap, for han er ganske ulik vår. Vi må setje vårt stempel på det området òg. Elles er det ikkje stor vits i å sitje i regjering.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er dagens ordning som
svekkjer rettane til mor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis