Galmannsdiplomati kan stille stormkast
Trump er kringsett heime, men kan berge seg ved hjelp av usannsynlege sigrar ute.
Europeiske leiarar – særleg den tyske kanslaren Angela Merkel – trudde dei hadde rett til den amerikanske tryggingsparaplyen, gratis. Då hinta Trump om at USAs skyldnad overfor Nato kan hende ikkje var utan vilkår, når det kom til stykket.
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB scanpix
Somme lag – vanlegvis dei eg held med – har ein tendens til å vinne heime og tape borte. Det same gjeld enkelte amerikanske presidentar. Dei mest varige sigrane til Lyndon Johnson vart vunne gjennom lovgjeving (borgarrettane og The Great Society), men presidentskapen hans vart øydelagd utanlands, i Vietnam.
Med Woodrow Wilson var det omvendt. Han vann utanlands – han fekk slutt på første verdskrigen og skipa Folkesambandet – men tapte heime, då han mislukkast med å få sambandet ratifisert av Senatet og vart råka av hjerneslag i prosessen.
Slik det no ser ut, eitt og eit halvt år etter valsigeren hans, verkar det som Donald Trump er dømd til heimleg katastrofe. Rett nok vann han for seg ein prominent ny konvertitt for ei par veker sidan, i rapparen Kanye West. «Du treng ikkje vere einig med Trump», tvitra han førre onsdagen, «men mobben kan ikkje få meg frå å like han. Vi har begge drakeenergi. Han er bror min.».
Slikt skal ein ikkje seie, og som ventande var, braut helvetet laus. Men for Trump var dette ein einsleg solstråle på ein elles mørknande himmel. Robert Muellers etterforsking rullar nådelaust vidare, omfanget aukar for kvar veke, som ein stor, isnande kaldfront. James Comey er på turné med boka si og dryp skinheilage dropar om personlegdomen til presidenten i kvart intervju han gjev. Presidentens gamle flamme, med det høvelege namnet Stormy Daniels, er heller ikkje ferdig med presidenten. Verst av alt er den menneskelege skya Michael Cohen, Trumps tidlegare rådgjevar, som driv rundt Manhattan for tida, tung av den fuktige dampen til potensielt kriminaliserande prov.
Samanlikna med alt dette er dei siste historiene om fråfall blant personalet knapt verde å nemnast. Trumps kandidat til å leie departementet for veteransaker, presidentlækjaren Ronny L. Jackson, måtte trekkje seg for kort tid sidan etter skuldingar om uakseptabel åtferd. Same dagen vart leiaren for miljøvernetaten, Scott Pruitt, grilla av ein representanthuskomité for etiske feilsteg og sløsing med pengar.
At presidenten er tyngd av dei lokale vanskane, er klårt. For to veker sidan ringde han til favoritt-TV-showet sitt, Fox & Friends, for å lufte frustrasjonane sine. Det var ein tirade som fekk til og med dei trumpofile programleiarane til å sjå groggy ut.
Og likevel kunne dette døyvast, om ikkje gjerast til inkje, av eit par store sigrar i andre land. Det er ikkje fordi han er så glad for å vere i lag med Trump at det franske motstykket hans, Emmanuel Macron, kom til Washington for to veker sidan. Det er fordi europearar ikkje kan kome unna at Donald Trump er den mektigaste mannen i verda, kor mykje dei enn avskyr personlegdomen hans. Monsieur Macrons smisking er strategisk, til liks med alt det andre han gjer.
Som Pokémon-figuren Pikachu – på langt hald kan Trump likne litt på han – har Trump ei Pokémon-superkraft. Sjølv om han er i ein konstant tilstand av distraksjon, har han eit ufeilbarleg instinkt for veikskapen til alle motstandarane sine. Jeb Bush trudde han var sjølvsagd som presidentkandidat for republikanarane; Trump sikta seg inn på den «svake energien» hans. Hillary Clinton meinte presidentembetet var hennar; Trump sikta seg inn på den høge kjeltringfaktoren hennar.
Det same har han brukt i utanrikspolitikken. Europeiske leiarar – særleg den tyske kanslaren Angela Merkel – trudde dei hadde rett til den amerikanske tryggingsparaplyen, gratis. Då hinta Trump om at USAs skyldnad overfor Nato kan hende ikkje var utan vilkår, når det kom til stykket. Før ein rakk å seie «Auf Wiedersehen, lieber Freund», fauk forsvarsbudsjetta i vêret.
Den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un trudde han kunne teste atomstridshovud og langdistanserakettar av hjartans lyst. Trump truga han med «eld og vreide», samstundes som han la press på Kina om å innføre sanksjonar mot Pyongyang. Har du sett på maken; den «vesle rakettmannen» krossa den demilitariserte sona førre fredag og tok dei første stega mot fred på den koreanske halvøya.
Javel, eg veit at Kim ikkje er den første nordkoreanske leiaren som har gjort ein avtale for så å bryte han. Likevel, sjølv vanekritikarar av presidenten er blitt nøydde til å vedgå at han har gjort større framsteg i Korea-spørsmålet på eitt einaste år enn forgjengaren – han med dei velforma talane – gjorde på åtte år. Det syner seg at galningens teori om diplomati verkar, om verda verkeleg trur ein er galen.
Iran trudde dei kunne skrive under atomavtala med Obama og få oppheva sanksjonane, samstundes som dei heldt fram med den opprørande og blodige innblandinga i Irak, Syria og Jemen. Så entrar Trump scenen, rakkar ned på atomavtalen og blæs nytt liv i USAs tradisjonelle alliansar med Israel og Saudi-Arabia. Inn kjem demonstrasjonar i iranske byar mot regjeringa.
Neste ut er sjølvaste storingen: Kina. Det verka som verda gjekk Xi Jinpings veg i fjor. Han var vert i Davos, «verdas mektigaste mann» på framsida til The Economist. Sjølv superkrafta til Trump såg ut til å svikte han i Mar-a-Lago, der han heldt seg til det globalistiske manuskriptet som stort sett var skrive av Goldman Sachs-folk.
Men så, på veg heim frå rundturen i Asia i fjor, tok presidenten til fornuft. Den mektigaste mannen i verda var ikkje Xi. Det var Han, Han sjølv, «the Donald». Og den beste måten å syne det på var å truge Kina med handelskrig. Den kinesiske reaksjonen – offentlege løfte om motåtak, private tilbod om å lempe seg – fortel alt ein treng å vite. Dei liker ikkje å bli overgått med blanke tollvåpen.
Ekspertane på utanrikspolitikk vil seie at Trumps kroniske mangel på førebuing vil få Asia-politikken hans til å mislukkast. Kan hende. Men ekspertane på heimleg politikk sa nett det same om valkampen hans i 2016.
Richard Nixon hadde ikkje mykje å drive valkamp på i 1972. Ettersom demokratane kontrollerte Kongressen, hadde han ikkje fått gjennom mange lovframlegg. Han hadde innført løns- og priskontroll i ein misforstått freistnad på å stogge inflasjonen, og det var berre så vidt over 50 prosent av veljarane som meinte han gjorde ein god jobb. Men demokratane nominerte ein venstrevridd kandidat, senator George «amnesti, abort og syre»-McGovern.
Nixon knuste McGovern med den eine utanrikspolitiske sigeren etter den andre. Han vitja Kina og møtte formann Mao i februar 1972, så reiste han til Moskva i mai og underteikna to avtalar om avgrensing av atomvåpen. Den 26. oktober erklærte Henry Kissinger at det var gode utsikter til fred i Vietnam. McGovern vann i berre éin stat.
Donald Trump kan oppleve ei tilsvarande krise i 2020, med den forskjellen at riksrettsaka kan ha starta før han stiller til attval. Inflasjonen kjem til å vere høgare når den tida kjem. Trump vil ikkje ha noko anna val enn å satse på utanrikspolitikken i valkampen.
Han kjem til å tape heime. Men han kan framleis vinne på bortemål.
Einerett: The Sunday Times /
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ekspertane på utanrikspolitikk vil seie at Trumps kroniske mangel på førebuing vil få Asia-politikken hans til å mislukkast. Kan hende.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»