Olsson
Same kva som hender, er det best å halde seg heime. Det er den einaste logiske konklusjonen ein kan dra av eit stort Dagsavisen-intervju med tittelen «Samfunnsmodellen vår vil knake i sammenføyningene». Det er Torbjørn Røe Isaksen som meiner at «høy innvandring over tid ikke er forenlig med hvordan det norske samfunnet er bygd opp». Eit legitimt standpunkt, sjølvsagt, og den ihuga statsråden har sjølv peika på låg sysselsetting mellom innvandrarar som «en tikkende bombe under velferdsstaten». Men kven er spåmannen Olsson?
Det fulle namnet er Fingal Olsson, etter figuren den svenske komikaren Martin Ljung brukte i ei rad framsyningar på femtitalet:
«Är det inte Fingal Olsson som sitter der borte?
Nä, han er død.
Det är han inte, han rör ju på seg.»
Jubelen ville ingen ende ta i eit stykke revykunst som framleis er ein publikumsvinnar, når du høyrer det i opptak eit halvt hundreår etter. Det var Hasse Alfredson og Tage Danielsson som utarbeidde monologen, som Ljung utviklar vidare i ein tekst som tek for seg både «den lustiga humoren och den tråkiga humoren». Men kvar kjem humøret til statsråd Isaksen inn?
«Jeg har ikke noen hemmelig drøm om å bli partileder i Høyre», seier statsråden, og han tek sats: «La den hvite, urbane middelklassen som aldri har vært den del av en sånn diskusjon, kaste den første stein.» På biletet knytt til intervjuet er Isaksen sjølv væpna med eit uskuldig stykke treverk. Mitt naive spørsmål er: Kvifor blir endringar i samfunnet meir og meir framstilte som moglege trugsmål mot samfunnet? At det vil «knake i samfunnsmodellen» er meir og meir omkvedet no.
Gata der eg har halde hus i ein mannsalder, er under oppussing. Eit fargerikt fellesskap utan like speglar seg att i bydelen. Med vindaugo mine på vidt gap tonar musikken frå Miles Davis ut i gata. I dag med den vakraste av alle, «All Blues». Og det knakar lett i stillaset. Statsråden må høyre betre etter. Fingal Olsson lever enno.
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?