Protestparti mot posisjon
Industri- og næringspartiet ligg an til å ta plass i fleire kommunestyre til hausten. Men det overordna målet for partileiar Owe Ingemann Waltherzøe er å få fleire med arbeidslivserfaring inn på Stortinget.
Owe Ingemann Waltherzøe var i tvil om det var bryet verdt å nytte røysteretten. No leier han eit parti han vonar bryt sperregrensa nasjonalt i løpet av hausten.
Foto: Javad Parsa / NTB
INP
Står for Industri- og næringspartiet, som vart skipa i 2020.
Stiller vallister i 138 kommunar og fylke til hausten, i det som er partiet sitt fyrste lokalval.
Har gjort det godt på meiningsmålingar den siste tida, og nærmar seg sperregrensa på nasjonale målingar.

Politikk
eva@dagogtid.no
INP. Det er kan hende like greitt å lære seg forkortinga fyrst som sist. Går det slik meiningsmålingar no tyder på, kan Industri- og næringspartiet til hausten få inn representantar i fleire kommunestyre. Nokre stader kanskje også fleire representantar.
I Etne kommune fekk partiet nyleg 9,3 prosent på ei meiningsmåling, og i Austevoll 9,1 prosent, men også i Voss, Ullensvang, Askøy, Volda, Narvik og Ålesund har nykomaren som aldri før har stilt lister ved lokalval, no hatt målingar på over 5 prosent.
Nasjonalt var det oppe i 3,6 på VGs måling i april, medan Nettavisens partimåling denne månaden gav partiet 3,8 prosent, samstundes som Miljøpartiet Dei Grøne vart målt til 3,6 prosent.
Med 9883 betalande medlemmer kan partiet i omfang også ha gått forbi Noregs eldste parti, Venstre, som hadde 7219 medlemmer ved årsslutt. Og det endåtil før medlemmene til Helsepartiet, som INP er i ferd med å fusjonere med, er talde med.
– Vi byrjar altså å nærme oss halvparten av medlemsstorleiken til Høgre og håpar å kome inn i flest mogleg kommunestyre og fylkesting til hausten. I snitt trur eg vi kjem til å liggje på over 4 prosent nasjonalt før kommunevalet er over, seier partileiar Owe Ingemann Waltherzøe.
Av tvil og misnøye
Waltherzøe stiller til intervju på telefon frå Gudrun-plattforma i Nordsjøen, der han jobbar som prosessoperatør. Han har fleire år bak seg i oljebransjen og har tidlegare vore verneombod på Gullfaks-plattforma og også konserntillitsvald for Equinor-tilsette. Ideen til eit nytt parti fekk han etter valet i 2017, fordi han då sjølv byrja å tvile på om det var bryet verdt å nytte røysteretten.
– Eg syntest det var svært fortvilande å sjå at Erna Solberg tok med seg både KrF, Venstre og Frp og skipa ei regjering ingen nokon gong ville ha røysta på, seier han.
Påstanden utdjupar han med at det ikkje fanst fleirtal for innstramminga i abortloven som Høgre, Venstre og Frp gjekk inn for som kompromiss med KrF. Han synest òg Solberg-regjeringa hadde ei «overdriven satsing på klimatiltak» som kosta meir enn dei smakte, og ei «overdriven tru på marknadsliberalisme og overnasjonal styring frå EU», som folk ikkje ønskjer.
– Det verste var tilknytinga til Acer-avtalen (EUs tredje energimarknadspakke, journ. merk.), som vart gjord trass i svært gode åtvaringar på førehand. Særleg Frp skuffa stort i den saka, seier han.
Waltherzøe byrja skrive om det han reagerte på, og kva han ville gjort annleis, på ei Facebook-gruppe, og det vart starten på utforminga av eit partiprogram. I dag nærmar Facebook-gruppa seg 47.000 medlemmer, og Industri- og næringspartiet er formalisert som eige parti. Det vart stifta i 2020 «i erkjennelsen av at det er nærmest umulig å gå inn i et eller flere av de gamle styringspartiene og forsøke å endre noe», og for å få fleire folk med arbeidslivserfaring inn på Stortinget, står det på Facebook-sida.
– Men kva vil du oppnå, utover å protestere mot dei eksisterande partia?
– Hovudmålet vårt er å avskaffe fattigdom i det som er eit rikt land, seier Waltherzøe.
– Kvifor då eit Industri- og næringsparti?
– For å avskaffe fattigdom og utanforskap trengst det eit aktivt næringsliv og ein aktiv industri med gode rammevilkår, som kan skape fleire arbeidsplassar. Nokon må finansiere det spleisesamfunnet vi ser føre oss, seier han.
– De seier de er til for arbeidsfolk. Kven er det som ikkje er arbeidsfolk?
– Arbeidsfolk er så vel direktøren og næringslivsleiaren som industrimekanikaren, røyrleggjaren, gardsarbeidaren, helsearbeidaren, kontorarbeidaren, butikkarbeidaren, den uføre, den arbeidslause og pensjonisten. Det er alle som har eller har hatt skoa på i ulike delar av samfunnsstrukturen.
200 nye i døgnet
Dei fleste av medlemmene i partiet så langt er likevel tilknytte industri og næringsliv, ifølgje Waltherzøe: Fyrst var det i hovudsak oljearbeidarar som flokka seg rundt partiet, men no er det større spreiing blant industriyrka. Og enkeltsakene som har gjeve partiet flest nye medlemmer, er ifølgje partileiaren straumkrisa og prisveksten.
– Vi hadde over 200 innmeldingar i døgnet i ein periode i vinter. Det er jo synd. Vi ønskjer å vekse, men det er ikkje stas å ha ei handlingsramma regjering, for det går fyrst og fremst berre ut over folk flest, seier han.
Sjølv om han meiner det er Solberg-regjeringa som har skulda for nedgangstidene i Noreg no, skuldar han Støre-regjeringa for å ha gjort for lite for å takle situasjonen.
Løysingane til INP kan oppsummerast i følgjande hovudpunkt: Partiet vil utvikle, ikkje avvikle olje- og gassnæringa, verne om og styrkje tradisjonelle næringar, hjørnesteinsbedrifter, fiske og landbruk, ta vare på natur og miljø framfor å satse på det partiet kallar «symbolske klimatiltak» – eksemplifisert ved vindkraftutbygging, elektrifisering av sokkelen og klimaavtalen frå Paris, og partiet vil gå ut av EØS-avtalen og avslutte tilknytinga til EUs energiregulatorbyrå Acer.
– Er ikkje du uroa over klimaendringane?
– Jau, eg er uroa, og eg meiner absolutt Noreg bør delta i dugnaden med å gjere kloten til ein betre stad å vere, men vi bør fyrst og fremst delta på miljøsida, ikkje på klimasida.
– Kvifor skal ikkje vi bidra til å få ned klimautsleppa?
– Vi står for under éin promille av dei samla klimagassutsleppa i verda, og då er ikkje eingong det naturlege opptaket i hav, skog, myrar og grøntareal teke med. Med det inkludert har vi alt nådd klimamåla og pliktene i Parisavtalen.
– Men olje- og gassproduksjonen de vil halde fram med og vidareutvikle, står for store utslepp?
– Ja, men skal vi rekne ut frå det vi lagar, og ikkje det vi brukar, vert reknestykket heilt annleis. Då må vi få fråtrekk for alle bilar, bensin og olje, og alt anna som vi importerer. Då kjem vi kanskje endå betre ut.
– De vil verne om natur og miljø, men samstundes ha mykje ny industribygging, som også tek natur. Kvar går grensa mellom det som er ok og ikkje ok?
– Det går ikkje å skape utvikling i Noreg utan å etterlate fotavtrykk. Det vi er imot, er dei unødvendige fotavtrykka. Vindturbinar er unødvendige, ikkje berre fordi krafta i stor grad vert eksportert, men også fordi dei gjer straumprisen i Noreg dyrare. Dessutan kan vi oppgradere eksisterande vasskraftverk og ta ut potensialet der lenger, vi kan nytte oss meir av geotermisk varme og bølgjekraft, og så meiner vi i tillegg vi bør ønskje kjernekraft velkommen, og at kjernekraftutvikling er noko det offentlege må ta kontroll over.
– De vil også ut av EØS. Korleis vurderer du erfaringane med brexit?
– Det er for tidleg å seie enno. Dessutan er ikkje vi fullverdige medlemmer av EU, og det vert det feil å jamføre oppseiing av EØS-avtalen med brexit. Vi treng heller ikkje endre alle lovane vi har innført gjennom EØS, berre dei vi ikkje synest er fornuftige. Vi er fyrst og fremst ute etter å skrote kraftutvekslinga og Acer-tilknytinga, men den er uoppseieleg utan å fjerne EØS.
– Finst pengar nok
INP har vorte omtalt som ein rak motsetnad til MDG, men er ikkje lett å plassere utover det. Det vil, til liks med Sp, ta tilbake den politiske kontrollen med naturressursane og krafta, gjennomgå konsulentbruken i det offentlege, auke rekrutteringa til landbruket og reversere domstolsreforma, men går samstundes inn for å overføre alle helse- og omsorgstenester og eldrepleie frå kommunane til fylkeskommunane, for å ha meir statleg kontroll på tilbodet i kommunane.
Til liks med Frp vil partiet fjerne eigedomsskatt og bompengar, auke strafferammene monaleg og stramme inn asylpolitikken, samstundes som det vil auke trygdene og stønadene.
I tillegg vil INP kutte momsen på mat, drivstoff og klede, fjerne momsen på straum og nettleige, satse «aggressivt» på utbygging av kollektive løysingar og gjere kollektivtransport til «et brukervennlig gratistilbud», subsidiere flybillettar for fastbuande til dømes i Hammerfest, gjeninnføre brillestøtte for barn, gjere tannlegebehandlinga til ein del av det offentlege helsetilbodet, auke pensjonane og auke løyvingane til forsvar.
– Mykje skal få meir. Har de rekna på kva partiprogrammet dykkar kjem til å koste å gjennomføre?
– Nei, det er vanskeleg å rekne på når vi ikkje har tilgang til Finansdepartementet, slik andre parti har. Men ut frå tala vi klarar å plukke opp, veit vi at gratis tannhelse, til dømes, kostar om lag 10,4 milliardar kroner, og at det å fjerne eigedomsskatt vil bety 8 milliardar kroner i auka overføringar til kommunane. Men dette ser vi ingen problem med. Når regjeringa over ei helg klarar å reise 8 milliardar kroner til havvindsatsing, seier det seg sjølv at det finst pengar nok. Vi vil jo også kutte elektrifiseringa av sokkelen, som ligg an til å koste om lag 50 milliardar kroner berre for Equinors plattformer, seier han.
Mange frå gjerdet
I Oslo stel INP, ifølgje ei ny Norstat-måling for Aftenposten, ein god del veljarar frå både Sp og Frp. Nasjonalt får partiet ifølgje Waltherzøe også ein del veljarar frå Ap og etter kvart også Høgre – særleg i dei store byane.
– Ut frå våre eigne undersøkingar er dei fleste som kjem til oss, likevel det Fleksnes kalla sofademokratane – dei som har sete på gjerdet. Mange av desse landar hjå oss for tida, seier han.
– På den nyaste Aftenposten-målinga for Oslo hamnar de på vippen, men sitjande byrådsleiar Raymond Johansen frå Ap har alt lukka døra for samarbeid. Kven ser du føre deg at de kan samarbeide med?
– Vi skal vere høflegare enn Raymond og halde døra open for han når han må gå. Når det er sagt, kan vi samarbeide med alle i sak, også i Oslo, men det er klart at eit vonlaust karbonfangstanlegg på Klemetsrud ikkje kjem til å få røysta vår. Vi ønskjer også å prioritere eldreomsorg framfor fleire mil med sykkelveg, så slike ting krasjar. Men vi ønskjer å samarbeide frå sak til sak, og kjem ikkje til å gå ut og markere støtte til den eine eller andre sida.
– Ikkje hogd i stein
Men det går ikkje berre på skjener for INP. Partiet vert skulda for å vere udemokratisk, mellom anna fordi det har vedtekter som seier at partileiaren kan peike ut personar til lokale og sentrale leiarverv, og at vallister må godkjennast av sentralstyret. Tidlegare heitte det i vedtektene også at partileiaren skulle veljast for seks år om gongen, men det er ifølgje Waltherzøe no endra til tre år. Dei andre kritiserte punkta i vedtektene seier han at han har prøvd, men framleis ikkje lukkast med internt, å endre.
– Men kvifor ha slike vedtekter i utgangspunktet?
– Fordi vi såg kva andre nyoppbygde organisasjonar strevde med. Vi såg korleis Pensjonistpartiet nærast er rive frå kvarandre internt og korleis Norgesdemokratene og Folkeaksjonen nei til mer bompenger har hatt sine feidar. Vi ønskte å signaliserte at det å prøve å kuppe dette partiet, ikkje ville lukkast, fordi vi hadde vedtekter som ville stoppe det.
– De seier òg at dei som eventuelt skal representere partiet på Stortinget, om de kjem inn dit, skal ha minst fem års erfaring frå arbeidslivet eller som ufør, og at etter å ha sete i to periodar, så må dei ut i arbeidslivet igjen. Men vil ikkje det å ha uerfarne politikarar kunne gje meir makt til rådgjevarar og kommunikasjonskorps?
– Eg trur det vil bety mindre makt til dei, for her får vi politikarar som veit kva dei snakkar om, og som difor har mindre bruk for rådgjevarar. Ser ein på rådgjevarane til statsrådar i dag, er jo det også mykje unge folk med ny master i statsvitskap. Eg håpar politikarane våre kjem til å knyte til seg rådgjevarar frå næringsliv, og folk som har hatt skoa på.
– Samstundes har de og knytt til dykk medlemmer med erfaringar frå andre parti. Er ikkje politisk erfaring også ein nyttig kompetanse?
– Jau, og vi må nok innsjå at vi er nøydde til å tiltrekkje oss endå fleire med organisatorisk forståing. Det er ei erfaring vi har undervurdert litt i bygginga av partiet. Ein god del av dei lange diskusjonane vi har hatt internt, kunne vore unngått om folk hadde hatt meir organisatorisk bakgrunn.
– Men likefullt ein regel om maks to periodar?
– Det er fyrst og fremst eit signal om at vi ikkje ønskjer oss oppdrettspolitikarar, men det er ingenting som er hogd i stein.
– Vedtektene ligg ikkje på nettsida dykkar lenger. Kvar finn ein dei?
– Vedtektene er under endring, og endringsprosessen tek lengre tid enn vi hadde sett føre oss. Truleg tvingar det seg fram eit ekstraordinært landsmøte og val av sentralstyre etter kvart. I mellomtida vil vi ha merksemd på politikk og valkamp i staden for på vedtekter som skal endrast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi bør fyrst og fremst delta på miljøsida, ikkje på klimasida.
Owe Ingemann Waltherzøe, leiar av Industri- og næringspartiet
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.