JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Putins brokete veneskare

Den autoritære Vladimir Putin har veksande appell i Vesten, også i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin held nyttårstalen sin til det russiske folket 31. desember 2017. For mange europeiske nasjonalkonservative står styresettet til Putin fram som attraktivt.

Foto: Nikolsky / Sputnik / NTB scanpix

10326
20180112
10326
20180112

Samfunn

peranders@dagogtid.no

Den politiske aksjekursen til Vladimir Putin har stige bratt i Europa dei siste åra. Den russiske presidenten er no ei erklært inspirasjonskjelde for høgrepopulistiske parti i mange EU-land. Det franske Nasjonal Front og det austerrikske Fridomspartiet har eit formalisert samarbeid med Putins parti Sameint Russland, og Marine le Pen har kalla Putin for «den vestlege sivilisasjonens redningsmann».

Putin har blitt eit politisk førebilete for mange verdikonservative, for mange som er negative til innvandring og islam, og for mange EU-motstandarar og antiglobalistar. Også i Noreg får Putin og Russland no mykje rosande omtale, både frå høgrefløya og venstrefløya i politikken. Somme skribentar på venstresida uttrykkjer stor forståing for erobringa av Krim i 2014 og for rolla til Russland i krigen i Aust-Ukraina. Men den verkelege hyllinga av Putin kjem frå høgrefløya. Den verdikonservative forfattaren Hanne Nabintu Herland har til dømes utropa Putin til «den fremste politiske leiaren i vår tid».

Putins advokat

For å skjøne appellen Putin har i Noreg, er det naturleg å starte med idéhistorikaren Bjørn Nistad, som lenge var ganske åleine om å vere Putins advokat i Noreg. Nistad har vore ein trufast forsvarar for den russiske presidenten i debattspaltene i ei årrekkje. Han har òg skrive fem bøker om Russland, den siste er Putin-biografien Russlands redningsmann frå 2016. No meiner Nistad at det har blitt fleire som deler synet hans på Russland.

– Biletet av Putin har nok endra seg i Noreg, ja. Eg trur hovudgrunnen er Syria-krigen, seier Nistad.

– Dei fleste i Noreg ser at alternativa til Assad i Syria er mykje verre. Om islamistane kom til makta i Syria og andre land i Midtausten, ville det vere ein forferdeleg situasjon for Europa. Folk skjøner at det var dei russiske flystyrkane som stogga terrorgruppene i Syria.

– Putin får no rosande omtale frå folk både på ytre høgreside og på ytre venstreside. Kva kjem det av?

– Det er fordi dei har ein samanfallande idé om nasjonalstaten. Dei store partia i midten, Høgre og Arbeidarpartiet, trur på internasjonalisering og integrering. Men vanlege menneske er skeptiske til internasjonaliseringa. Dei klokaste langt ute på venstresida ser at om vi skal redde velferdsstaten, må vi ha ein nasjonalstat. Da er det naturleg å identifisere seg med den nye høgresida. Vi ser no at fleire tidlegare AKP-arar støttar Frp og er entusiastiske for Sylvi Listhaug. Eg meiner det er naturleg.

For den nasjonalkonservative høgresida finst det ikkje noko betre førebilete enn den russiske presidenten i dag, meiner Nistad.

– Putin forsvarer nasjonalstaten, nasjonale interesser og folks rett til å innrette seg som dei sjølve vil. Folk trur ikkje på globaliseringsprosjektet. Vi har ikkje noko demokrati i Vesten. Eliten berre manipulerer oss, folket er makteslaust.

– Meiner du at Russland er meir demokratisk?

– Ja, Russland er langt betre. Der gjer dei styrande det som fleirtalet i folket vil. 70–80 prosent av russarane støttar Putin. Noko slikt finn du ikkje i vestlege land, seier Nistad. Han meiner ordskiftet i Russland er friare og meir mangfaldig enn i Noreg.

– Det er mykje meir pluralisme på russisk fjernsyn. I debattane er det også folk som er mot Putin og ukrainske nasjonalistar. Folk i Noreg er redde for å seie kva dei meiner. Det er mykje farlegare å forsvare Putin i Noreg enn å kritisere han i Russland.

Kan straffe homofili

Nistad meiner at sjølve ideen om demokrati er annleis i Russland.

– I Noreg og andre vestlege land er det så mange omsyn til mindretalet, til maktbalanse og prosedyrespørsmål. Du kan ikkje endre noko med stemmeseddelen. I meiningsmålingar seier folk at dei er livredde for kva innvandringa vil gjere med velferdsstaten. Men eliten seier at vi har skrive under menneskerettskonvensjonen og flyktningkonvensjonen, så vi må gjere slik og slik. Eg meiner vi burde trekt oss frå konvensjonane og stengt grensene.

– Du er negativ til ideen om menneskerettar?

– Ja. Alle land må ha rett til å innrette seg som dei vil ut frå si eiga historie, kultur og tradisjon. Menneskerettane blir kalla universelle, men dei uttrykkjer berre verdiane til overklassen og middelklassen i vestlege land. Andre land har andre kulturar. Om folk flest i Russland eller Iran meiner at homofili er skadeleg, må dei få forby propaganda for homofili.

– Meiner du at dødsstraff for homofili er greitt?

– Nei, dødsstraff kan ein argumentere mot, det kan berre brukast i ekstreme tilfelle. Men om fleirtalet i eit land vil ha fengselsstraff for homofili, har ikkje andre land noko med å leggje seg opp i det.

– Ser du nokon problem med det russiske styresettet?

– Nei, ikkje med styresettet. Men Russland har framleis problem etter samanbrotet på 1990-talet. Putin gjer mykje bra, og Russland er på rett veg.

– Er det noko som helst du vil kritisere Putin for?

– Ja, eg meiner han har vore for atterhalden i Ukraina. Russland burde ha teke Aust-Ukraina med militærmakt i 2014. 10.000 er drepne i krigen i Aust-Ukraina, ingen vart drepne på Krim. Det ville vore best om Russland tok over også Aust-Ukraina. Men det ville jo blitt eit veldig internasjonalt oppstyr, seier Bjørn Nistad.

Felles interesser

Ingen parti i Noreg har erklært open støtte til Putin, slik fleire europeiske parti på høgrefløya har gjort. Men i Framstegspartiet har fleire leiande politikarar teke til orde for å avslutte Russlands-sanksjonane som vart innførte etter erobringa av Krim i 2014. Ein av dei er Christian Tybring-Gjedde, som er andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen.

– Noreg har mange gode grunnar til å samarbeide med Russland. Om vi demoniserer russarane, glid vi frå kvarandre som potensielle partnerar. Vi treng ein exit-strategi for å få slutt på sanksjonane. At russarane skal gje opp Krim, er utenkjeleg, og sanksjonane kan ikkje vare evig, seier Tybring-Gjedde.

– Annekteringa var eit brot på folkeretten. Men vi må ta inn over oss reaksjonen i befolkninga på Krim: Vi ser ikkje store demonstrasjonar der. Aust-Ukraina er ein alvorlegare konflikt. Men heller ikkje Ukraina er demokratisk, også Ukraina undertrykkjer si eiga befolkning.

Vesten og Russland har viktige felles interesser i kampen kampen mot IS og andre muslimske ekstremistar, meiner Tybring-Gjedde.

– Russarane har kjempa mot islamismen lenge. Dei kriga mot fundamentalistar i Tsjetsjenia i mange år, og dei har opplevd ekstremismen på kroppen. Vi har felles interesse med russarane i å stå opp for dei verdiane vi deler.

– Er Putins Russland eit demokratisk land, slik du ser det?

– Nei, det er det ikkje. Det er vanskeleg for opposisjonen å få tilgang til media, og alt er lagt opp til at Putin skal halde fram. Men det er mange former for demokrati. Det er mange meiningar om demokratiet i USA òg. Og det er ingen tvil om at Putin er kvalifisert til å vere president. Russarar flest føler stabilitet under Putin, og det er ikkje noko folkeleg opprør mot han.

– Putin har blitt ein inspirasjon for dei som er mot globaliseringa?

– Ja. Eg meiner Europa har gått altfor langt i retning multikulturalisme og grenselause samfunn. Folk kjenner seg ikkje att i dette. Den russiske nasjonalismen kan gå altfor langt. Men å halde saman som nasjon er ein styrke, og der trur eg Europa slit meir enn Russland.

– Har norske politikarar noko å lære av Putin?

– Ja, heilt sikkert. Putin har humor, han er folkeleg og stiller opp i ishockeykampar. Eg blir ikkje avskrekka av han. Putin utviser meir varme enn den amerikanske presidenten. Korleis han behandlar dumaen, veit eg ikkje. Det kan nok vere vanskeleg å vere i opposisjon til han. Men eg seier om Putin som Margaret Thatcher sa om Gorbatsjov: «He’s a man I could do business with», seier Tybring-Gjedde.

Sjølvråderetten

Det er kanskje ikkje så mykje skribent og kommunist Pål Steigan er samd med Christian Tybring-Gjedde om. Men også Steigan meiner at Vladmir Putin blir demonisert i Noreg, og at Noreg vil vere tent med å forbetre forholdet til russarane. På nettstaden Steigan.no blir den russiske krigføringa i Ukraina omtalt som ein kamp mot fascistiske krefter i Kiev.

– Noreg og Russland har ei rekkje felles interesser. Om vi tenkjer geopolitisk: Vi veit ikkje kor lenge vi er i allianse med USA, men vi veit at vi kjem til å vere naboar med Russland, seier Steigan. Han meiner den russiske debatten er mykje opnare enn i Noreg.

– Putin er ingen demokrat, men det er ikkje så mange verkelege demokrati i verda. Putin er ein sterk leiar i tradisjonen etter Peter den store, og han redda Russland frå undergangen. Han er ikkje populær utan grunn, seier Steigan.

– Russland har gått i retning av sterkare nasjonal kontroll. Også i Noreg har ideen om sjølvråderett vore sentral. For dei som vil ha eit Europas sameinte statar, er det som å banne i kyrkja. Men mange i Europa tenkjer i same banar. Mange ønskjer meir nasjonalt sjølvstyre. Det er stor misnøye med framandgjeringa av politikken og abdikasjonen overfor byråkratane i EU, meiner Steigan.

Hovudfienden

Det positive synet på Putin er utbreidd i underskogen av norske nettmedium for globaliseringskritikk, eliteskepsis og innvandringsmotstand. Men på den svært innvandrings- og islamkritiske nettstaden Document.no har vurderinga av Putin skapt splid. I romjula gjekk redaktør Hans Rustad hardt ut mot Helge Lurås, redaktør for nettstaden Resett, for å ha laga eit velvillig videointervju med Bjørn Nistad. Rustad avviser Nistads påstand om at Putin kan vere ein nyttig inspirasjon for nasjonalistar i Vest-Europa. «Putins nasjonalisme er en sjåvinistisk utgave som bygger opp under befolkningens uvitenhet, dårlige erfaringer med kapitalismen under Jeltsin, og russisk mindreverdsfølelse», skriv Rustad.

I kommentarfeltet til artikkelen har dette skapt stor usemje til Document å vere, og mange av debattantane er kritiske til redaktør Rustad. Den mest populære kommentaren er skriven av den tidlegare Pegida-leiaren og Demokratene-politikaren Max Hermansen, som konkluderer slik: «Vi har en hovedfiende, som vi bare MÅ overvinne; den muslimske invasjonen. Det blir lettere med russisk hjelp, enn uten.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– – I Noreg er det så mange omsyn til mindretalet, til maktbalanse og prosedyrespørsmål.

Bjørn Nistad, idéhistorikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis