Regjeringa vil fengsle fleire unge
Politi og politikarar erkjenner at ungdomsstraff utanfor fengsel ikkje fungerer for alle. No kan fleire mindreårige hamne bak lås og slå.
Ungdomskriminaliteten har auka dramatisk. Her har politiet rykt ut til Vestli T-banestasjon i Oslo etter meldingar om skyting og bråk mellom ungdomar ein laurdagskveld.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Bakgrunn
Ungdom og straff
Frå 2016 til 2018 auka talet registrerte straffbare forhold blant unge under 18 år frå nær 13 000 til nær 15 500.
I Oslo aukar òg talet på unge gjengangarar, og kriminaliteten dei unge gjengangarane står for er meir enn dobla sidan 2015.
Mindreårige over den kriminelle lovalderen på 15 år, kan dømmast til ungdomsstraff, samfunnsstraff eller fengsel. For mindre alvorlege lovbrot kan ungdomar òg få ungdomsoppfølging.
Noreg har per i dag åtte plassar i eigne ungdomsfengsel.
I 2017 vart 27 unge mellom 15 og 18 år sette i fengsel. Same år fekk 39 stykk ungdomsstraff og 383 fekk ungdomsoppfølging.
Kjelde: Årsrapport for Sekretariatet for konfliktrådene, Politiet og Oslo politidistrikt.

Fengsel
eva@dagogtid.no
Ein torsdagskveld tidleg i mai vart seks ungdomar haldne fast, trua med kniv og rana på vestkanten i Oslo. To personar vart gripne same kveld, mistenkte for rana. Begge var kjenningar av politiet og hadde vorte tekne for liknande forhold tidlegare. Dei var 13 og 14 år gamle.
Ei lita veke seinare vart det skote med automatvåpen mot ein Kiwi-butikk aust i Oslo, og NTB melde at politiet var på jakt etter ein gjerningsperson skildra som «en høy, tynn ungdom».
Etter eit drygt tiår med nedgang, har ungdomskriminaliteten dei siste åra auka dramatisk. Frå 2016 til 2018 auka talet på registrerte straffbare forhold blant mindreårige med nær 20 prosent, til 15.500. Samstundes går ei lita gruppe unge att i statistikken. Over halvparten av straffbare forhold blant barn og unge i fjor gjaldt personar gripne tre eller fleire gonger på eitt år.
I hovudstaden er kriminaliteten blant unge gjengangarar meir enn dobla sidan 2015, og valdsbruken blant dei under 18 år har auka. Oslo-politiet har difor bede om lovendringar som gjer det mogleg å straffe dei verste gjengangarane hardare enn i dag, mellom anna ved å fengsle fleire under 18 år.
Spørsmålet er politisk kontroversielt, og det vart avvist av justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) i brev til Stortinget i desember. Barneombod Inga Bejer Engh er òg sterkt imot å fengsle fleire mindreårige.
No kan dette likevel endre seg. Ap har bede regjeringa utvide talet på fengselsplassar for ungdom, og Høgre-landsmøtet har gjort vedtak om det same.
Vil auke
Justisminister Jøran Kallmyr (Frp) deler òg Oslo-politiet si vurdering om at unge multikriminelle må møtast med tøffare sanksjonar.
– Fengselsstraffer utan vilkår for unge mellom 15 og 18 år er eit av verkemidla eg trur vi dessverre må bruke meir av i framtida, sjølv om fengsling av barn skal vere siste utveg, seier han.
Høgres justispolitiske talsperson Peter Frølich stadfestar at regjeringa i fyrste omgang vil auke kapasiteten ved dei noverande ungdomsfengsla.
Det er fleire årsaker til det. Tidvis mangel på fengselsplassar for ungdom i dag er éi av dei. Dag og Tid har fått stadfesta, både frå eit ungdomsfengsel og eit vanleg fengsel, at det har hendt at ungdom under 18 har vorte sende ut av ungdomsfengsel og over i vaksenfengsel på grunn av plassmangel.
I tillegg er det behov for å møte dei mest kriminelle gjengangarane med såkalla «rask og følbar» respons, for tydeleg å syne at det dei gjer, får konsekvensar, ifølgje Frølich. I sistnemnde ligg ei erkjenning av at dagens reaksjonsform overfor ungdom, som vart innført i 2014, ikkje fungerer for alle og heller ikkje vert følgt godt nok opp i alle tilfelle.
Halvert fengselsbruk
Før 2012 var det meir vanleg å setje barn og unge under 18 år i fengsel, noko Noreg fekk sterk kritikk for internasjonalt. FNs barnekonvensjon seier at fengsel for mindreårige berre skal nyttast som ein siste utveg og i så korte tidsrom som mogleg, og at mindreårige ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne.
I 2012 vedtok Stortinget i staden ei såkalla ungdomsstraff som alternativ til fengsel utan vilkår og dei strengaste samfunnsstraffene for ungdom mellom 15 og 18 år. Ungdomsstraff kan gjevast ved alvorleg eller gjenteken kriminalitet, som grove ran, drapsforsøk, vald og grov kroppsskade, inkludert valdtekt, grove truslar, narkotikalovbrot og omfattande tjuveri. Strafforma byggjer på prinsipp og prosessar frå restorative justice, eller gjenopprettande praksis på norsk, der tanken er ei gjenoppretting av skadane frå lovbrotet.
I tilfella der det likevel er heilt naudsynt å setje mindreårige i fengsel, skal det skje i eigne ungdomsfengsel kalla ungdomseiningar i kriminalomsorga. Stortinget meinte i 2012 at det var behov for om lag ti plassar i slike ungdomseiningar.
Sju år etter er det oppretta totalt åtte slike. Talet på mindreårige som vert sette i fengsel, er meir enn halvert, frå 70 i 2012 til 27 i 2017, og rundt 200 mindreårige har fått ungdomsstraff sidan ho vart innført i 2014.
– Uheldig signal
Ungdomsstraff føreset at ungdomen samtykkjer, er motivert og ønskjer å endre åtferd. Han eller ho skal møte dei som er utsette for den kriminelle handlinga, saman med representantar for mellom anna kriminalomsorg, skule, barnevernsteneste og helse- og omsorgsteneste. I tillegg vert det sett opp ein plan med til dømes krav om frammøte på skule, jobb, ulike typar behandlingstilbod eller fritidsaktivitetar, og eventuelt opphaldsforbod eller innetider som ungdomen pliktar å følgje.
Eit av problema, ifølgje Oslo-politiet, er at nokre av dei verste unge kriminelle ikkje samtykkjer til ungdomsstraffa, og at det då går lang tid før lovbrota deira får konsekvensar.
– Det gjev eit uheldig signal om at dei berre kan halde fram i den kriminelle løpebanen. Dette inntrykket spreier seg òg fort blant ungdomen, seier Beate Brinch Sand, som er påtaleleiar i Oslo politidistrikt.
I fjor vart det registrert 182 unge gjengangarkriminelle under 18 år i Oslo. Blant desse er det i dag eit titals personar Sand meiner ikkje eignar seg til ungdomsstraff og i staden bør dømast til fengsel utan vilkår.
Resonnementet hennar er som følgjer: For desse unge kriminelle har det som regel vore forsøkt ulike tiltak både frå barnevern, skule og førebyggjande politi, utan hell, fordi ungdomen eller verja ikkje samtykkjer til tiltaka. Så gjer ungdomane kanskje nye lovbrot og vert vurderte for fengsel utan vilkår, og då samtykkjer dei ofte til ungdomsstraff i staden, utan at dei er vurderte som meir eigna til denne straffereaksjonen no enn før.
– Desse ungdomane treng stramme rammer også for å kome i posisjon til å gjere dei i stand til å ta imot hjelp. Mange har store psykiske problem eller rusproblem når dei kjem, og kanskje er det fyrst i ungdomsfengsel dei vert greidde ut for noko av dette, seier Sand.
Ingen statistikk
I 2018 enda nær éin av fire ungdomsstraffsaker med gjennomføringsbrot, ifølgje Sekretariatet for konfliktrådene. I tillegg var samtykke i enkelte saker trekt undervegs. Seniorrådgjevar Karen K. Paus i Sekretariatet for konfliktrådene seier likevel at utviklinga går i rett retning, for gjennomføringsprosenten i 2018 var på 74 prosent, som er det høgste nivået sidan ungdomsstraffa tredde i kraft.
Frølich vurderer òg dei samla resultata som gode, og seier det ikkje er aktuelt å kaste om på ungdomsstraffa som institusjon.
– Ungdomsstraffa er eit teikn på sivilisasjon og noko av det viktigaste vi har gjort i behandlinga av unge kriminelle. Ho fungerer for dei fleste. Men for enkelte typar kriminelle gjengangarar fungerer ho ikkje, rett og slett fordi dei ikkje bryr seg, seier han.
Eit anna problem er at det å ikkje gjennomføre ungdomsstraffa ikkje alltid får konsekvensar for ungdomane, seier Frølich.
Etter lova skal unge lovbrytarar som bryt møteplikta eller andre vilkår i ungdomsstraffa gjentekne gonger og ikkje syner teikn til framgang, verte dømde til å sone i fengsel i staden.
– Lova er heilt klar på at den subsidiære straffa er fengsel, men prosedyren er at det ofte ikkje fører til noko. Det har vi fått stadfesta, seier han.
Verken domstolane, Kriminalomsorga eller Sekretariatet for konfliktrådene fører i dag statistikk over kor mange av dei som avbryt ungdomsstraffa, som får fengselsstraff eller eventuelt andre reaksjonar i staden.
Seks millionar
Det finst ikkje tal for kva det i snitt kostar per person i ungdomsstraff eller samfunnsstraff, men det er ingen tvil om at gjennomføring av fengselsstraff per person generelt sett kostar staten langt meir enn gjennomføring av samfunnsstraff. Dette gjeld i endå større grad for ungdomar, for ein plass i ungdomseining har i snitt ein kostnad på nær seks millionar kroner – heile fem millionar meir enn ein plass i eit høgsikringsfengsel for vaksne.
Dei åtte plassane som finst i dag, er fordelte på to ungdomseiningar: fire plassar i Bjørgvin fengsel i Bergen og fire i Romerike fengsel. Eininga i Bergen vart etablert alt i 2009, og har i dag 24 tilsette i turnus, halvparten fengselsvakter og halvparten miljøterapeutar.
Åsmund Steine, som er assisterande fengselsleiar og har ansvar for ungdomseininga, seier målet er å gje dei innsette ungdomane faste og trygge rammer og eit så normalt liv som mogleg, med skulegang, meistring og omsorg, sjølv om dei er i fengsel.
– Vi tilpassar oss ungdomen for å få mest mogleg endring på kortast mogleg tid. Slik er det ikkje i vanlege fengsel. Der skal dei innsette i større grad tilpasse seg fengselet, ikkje omvendt.
Likt tilbakefall
Kva som har best resultat av ungdomsfengsel og ungdomsstraff, er vanskeleg å seie noko om. Éin grunn til det er at det ikkje finst tilbakefallsstatistikk for dei som har sona i ungdomseiningar.
Ifølgje Kriminalomsorga er tilbakefallet til kriminalitet etter straff gjennomført i samfunnet generelt sett, inkludert for vaksne, monaleg lågare enn for straff gjennomført i fengsel. Men dette stemmer berre for dei fyrste åra etter fengselssoning eller samfunnsstraff, ifølgje Ragnar Kristoffersen, som er forskar ved Kriminalomsorgas høgskule og utdanningssenter KRUS.
– Skilnadene forsvinn over tid. Etter fem år er tilbakefallet likt, på om lag 27 prosent, skriv han i e-brev til Dag og Tid.
Jamfører ein tilbakefallet til kriminalitet etter gjennomføring av samfunnsstraff versus fengselsstraff for heilt like lovbrot, endrar biletet seg endå meir. Då er sannsynet for tilbakefall større for dei som ikkje har sona i fengsel enn for dei som har vore gjennom fengselsstraff. Det er konklusjonane i studien «Incarceration, Recidivism and Employment», der fire forskarar har sett på data frå over 23.000 domfelte i Noreg i perioden 2005 til 2009 og korleis dei klarar seg fem år etterpå. Studien inkluderer òg mindreårige, men skil ikkje mellom dei og vaksne.
Katrine Løken, som er professor ved Norges Handelshøyskole og ein av forskarane bak studien, seier det i hovudsak er programma for arbeidstrening i fengsla som er den drivande faktoren for skilnaden, ikkje fengselsstraff i seg sjølv.
– Det å berre jamføre tilbakefall for dei som har sete i fengsel versus dei som har hatt samfunnsstraff, fungerer altså ikkje. I tillegg er det ting som tyder på at det vert gjort ting i fengsel som er bra, og som burde følgjast opp også utanfor fengsel, seier ho.
– Siste høve
Beate Brinch Sand meiner eit opphald i ungdomsfengsel, i rusfritt miljø, med dagtilbod i form av skule eller jobbtilvenning og takling av traume og opplevingar gjennom samtalar med psykolog, kan vere siste høvet for ungdomane til å kome seg på rett side av lova før dei vert 18 år og handsama som vaksne.
–?Mange ungdomar er ikkje vaksne nok til å sjå eige behov for hjelp, og difor er det nødvendig at dei ikkje sjølv får bestemme. Samfunnet vil ha større høve til å berge ein ungdom som får opphald i ungdomsfengsel, enn ein ungdom som vert dømd til ei ungdomsstraff han eller ho mest truleg ikkje klarar å gjennomføre, seier ho.
Frølich er òg overtydd om at ungdomsfengsel kjem til å ha betre effekt for enkelte enn det ungdomsstraff har hatt.
– Høgre vitja ungdomseininga på Eidsvoll i førre veke, der ein av dei innsette sa at det var det beste tilbodet han hadde fått heile livet, med faste rammer og god oppfølging. Eg trur det illustrerer poenget ganske godt. I tillegg må vi ta omsynet til samfunnet med i biletet. Nokre av desse hardaste kriminelle må òg haldast unna gata i ein periode, for å hindre at dei skadar og truar andre og trekkjer andre med seg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Fengselsstraffer utan vilkår for unge mellom 15 og 18 år er eit av verkemidla eg trur vi dessverre må bruke meir av i framtida.
Jøran Kallmyr (Frp), justisminister
– Det gjev eit uheldig signal om at dei berre kan halde fram i den kriminelle løpebanen.
Beate Brinch Sand,
påtaleleiar Oslo-politidistrikt
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.