JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Regjeringa vil stramme grepet om Svalbard

Lokalstyreleiar Terje Aunevik meiner Svalbardmeldinga svarar på fleire av utfordringane Longyearby-samfunnet står overfor – men ikkje alle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regjeringa vil innføre turistskatt på Svalbard og gjere det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og verte buande på øygruppa. Bilete er frå sentrum av Longyearbyen.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

8744
20240607

Samtalen

Terje Aunevik

lokalstyreleiar i Longyearbyen (Venstre)

Aktuell

Ny Svalbardmelding

eva@dagogtid.no

I den nye stortingsmeldinga om Svalbard varslar regjeringa at ho vil styrkje den nasjonale kontrollen og byggje opp under norsk nærvær på øygruppa. Sidan førre svalbardmelding i 2016 har verda endra seg – og ikkje berre geopolitisk. Lokalt er den norske gruvedrifta snart heilt avvikla, og samfunnet i Longyearbyen er i større grad basert på arbeidsplassar innan reiseliv, forsking og høgare utdanning. Folketalet har i tillegg auka, talet på utanlandske statsborgarar har stige, og både tenestetilbod og infrastruktur i Longyearbyen er under press.

Regjeringa sitt svar er å gjere det meir attraktivt for nordmenn å flytte til og verte buande på Svalbard. Ho vurderer mellom anna skatteendringar og endringar i trygdeavgifta som i praksis berre vil omfatte utanlandske statsborgarar. I tillegg vil ho la staten ta større ansvar for energiforsyninga i Longyearbyen, innføre ein turistskatt som skal finansiere utgifter til infrastruktur og offentleg tenesteyting, og vurdere avgrensingar i cruisetrafikken til Svalbard.

Samstundes seier regjeringa at folketalet, tenestetilbodet, bustadmassen, næringsaktivitet og forskingsstasjonar og -infrastruktur bør vere på same nivå som i dag – og ikkje utvidast i omfang.

Lokalstyreleiar Terje Aunevik (Venstre) har budd i Longyearbyen i 25 år, og han seier dei merkar godt at det er nye tider, og at den tidlegare hovudnæringsvegen for byen er vekke.

– Det har vore sårt å leggje ned gruvedrifta, ikkje berre fordi ho har vore ein vesentleg del av identiteten til byen, men også fordi det skjer noko i eit samfunn når industriarbeidsplassane forsvinn. Det påverkar logistikktenester og vareflyt, talet på servicebedrifter og beredskapsfunksjonar. Mange av funksjonane dette samfunnet treng, har henta ressursar frå industriarbeidssfæren, og det er ikkje alt som går an å løyse med berre akademikarar.

– Svarar meldinga på utfordringane lokalsamfunnet står overfor?

– Eg finn att ein del av bodskapen som vi frå eit samla lokalstyre har formidla til Oslo, i meldinga. Vi har vore tydelege på at energiforsyning her, frå transport til lagring og distribusjon, så vel som vassforsyning og avløp, ikkje berre er kritisk infrastruktur. Det er kritisk infrastruktur av nasjonal verdi. Då kan ikkje kostnader og drift overlatast til ei stadig hyppigare utskifta befolkning i Longyearbyen. Dette er tryggingspolitikk, og ikkje berre i dagens tryggingspolitiske situasjon, men uansett situasjon. Og dette svarar meldinga på. Regjeringa vil vurdere andre løysingar for den kritiske infrastrukturen.

– Kva med utfordringane knytte til industriarbeidsplassane som forsvinn?

– Her er ikkje meldinga like tydeleg. Eg er ikkje uroa for at arbeidsplassane ikkje vert erstatta. Men regjeringa ønskjer ikkje næringslivsutvikling som bidreg til vekst, ho vil stabilisere befolkninga. Poenget mitt er at vi treng næringsutvikling sjølv om vekst ikkje er hovudmålet. Elles risikerer vi at reiselivet tek fullstendig over her, og det er ingen tente med, heller ikkje reiselivet sjølv. Vi må syte for at dette vert eit attraktivt samfunn å flytte til, og at folk som kjem, vert her lenger enn no. Eg synest det er meir urovekkjande at nordmenn bur her over kortare tid enn før, enn at prosentdelen nordmenn går ned.

Lokalstyreleiar Terje Aunevik (Venstre) har budd i Longyearbyen i 25 år.

– 930 personar, eller 36 prosent av befolkninga, i Longyearbyen i dag er utanlandske statsborgarar, noko som er ein auke frå 31 prosent i 2016 og 15 prosent i 2008. Kva er hovudgrunnen til endringane i folkesamansetninga?

– Det er nok fleire årsaker til det, men gruvedrifta har historisk vore norske arbeidsplassar, medan reiselivet som no har kome inn og erstatta mange av årsverka, rekrutterer mykje meir internasjonalt. Gruvedrifta har også vore ein stabil leverandør til familiesamfunnet på Svalbard og ført til lengre butid enn det vi ser innanfor reiselivet.

– Kva er butida i dag?

– Det siste talet eg såg, var rundt fire år i snitt, men nokre arbeidsplassar har større turnover enn andre. No går vi inn i eit skuleår med store utskiftingar etter ein stabil periode. Så dette kan svinge. Ifølgje siste statistikk frå Statistisk sentralbyrå er det likevel ein trend at nordmenn er her kortare tid enn før.

– Kva er det viktigaste som må gjerast for å endre på det, slik du ser det?

– Økonomi er eit openbert område. Verdien av låg skattesats for Svalbard er for lenge sidan eten opp av dei høge levekostnadene her, og det er mykje uro og frykt for ytterlegare hopp i kostnader som energi og kommunale avgifter.

– Regjeringa vil styrkje det norske nærværet, men seier altså at byen ikkje skal vekse. Det inneber at nokon må ut. Korleis vert det teke imot i eit lokalsamfunn?

– Dette skapar sjølvsagt diskusjon og uro. Vi har òg nett vore gjennom ein periode med ein del uro, knytt til endringane i røysterettsreglane (som innebar at utanlandske statsborgarar mista røysteretten med mindre dei hadde vore folkeregistrerte i Fastlands-Noreg dei tre siste åra før dei flytta til Svalbard, journ. merk.). Det var ei vanskeleg sak. Vi har jo innbyggjarar som har budd her like lenge som meg, og som har vore aktive i både politikken og i lokalstyret, men som brått fekk beskjed om at dei ikkje kunne vere her lenger. På den bakgrunnen kan signala i stortingsmeldinga både overtolkast og oppfattast som noko som skapar ytterlegare skilje.

– Vi risikerer at reiselivet tek fullstendig over her,
og det er ingen tente med.

Terje Aunevik

– Men regjeringa vil no vurdere å auke arbeidsgjevaravgifta for norske arbeidsgjevarar som tilset personar utan medlemskap i folketrygda, og i tillegg vurdere å auke trygdeavgifta for same gruppa. Dette vil jo auke skilnadene og favorisere norske arbeidstakarar?

– Jau, det kan ein seie, og eg veit at det er mange som opplever at skilnadene aukar. Men dette med å oppretthalde norske samfunn på Svalbard har vore del av dei overordna svalbardpolitiske måla – som det er brei politisk semje om på Stortinget – sidan 1980-talet. Så kan ein sjølvsagt meine kva ein vil om det, men måla ligg no der, og dei er vanskelege å oppnå utan at det får konsekvensar for nokon. Samstundes er regjeringa no tydeleg på at utanlandske statsborgarar skal ha lønns- og arbeidsvilkår som norske når ho vil innføre allmenngjeringsloven på Svalbard, så her vert det både gjeve og teke. Meldinga presiserer òg at utanlandske medborgarar er viktige for Longyearby-samfunnet.

– Bidreg stortingsmeldinga til å auke eller redusere skilnader?

– Ser ein på økonomien, synest eg meldinga peikar mot utjamning, i og med at lønns- og arbeidsvilkår no skal regulerast ved lov. Når det gjeld endringar i arbeidsgjevaravgifta og trygdeavgifta for dei som kjem hit frå andre land, står det att å sjå korleis dei vil slå ut, men somme vil nok oppleve det som diskriminerande, sjølv om det i større grad gjeld arbeidsgjevarane. Samstundes går det an å snu på det og seie at Noreg er raus i måten Longyearby-samfunnet er skrudd saman på. Dei som flyttar hit utan arbeidsløyve og utan visum eller søknadsprosess, og skaffar seg bustad og jobb, vert jo direkte del av det velferdssamfunnet Longyearbyen er. Dei får over natta eit stort sett av rettar og tilgang til tenester som det er få andre samfunn i verda som tilbyr.

– Så til turistskatt og moglege avgrensingar av cruisetrafikken. Du er ikkje redd det gjer det mindre attraktivt å vere turist på Svalbard?

– Nei, eg trur Svalbard som destinasjon og område er så unikt og eksepsjonelt at interessa ikkje kjem til å gå ned. Men reiselivet kan ikkje vekse inn i himmelen, så då må ein prise det høgt eller avgrense det. Så dette er gode tiltak, som vi også har ønskt. Turistskatten skal òg gå til infrastruktur og fellesgodetiltak lokalt, så den er blant dei beste tiltaka.

– Det har vorte sett av ekstra midlar over statsbudsjettet til straumstøtte i Longyearbyen den siste tida. Vart koldrifta lagd ned for raskt, slik du ser det?

– Eg har vore ein forkjempar for kolgruvedrift på Svalbard. Kolgruvene leverte viktige råvarer til den metallurgiske industrien på kontinentet. Men føringane er lagde, og det er vanskeleg å ta ein omkamp om det no.

– Fornybar energi skal fasast inn så raskt som mogleg, skriv regjeringa. Men så langt er de avhengige av diesel frå fastlandet. Det er eit sårbart opplegg.

– Ja, det er det, og vi har hatt store utfordringar no i oppstartsfasen, men dette er også snø som fall i fjor. No vert det arbeidd med ei konseptvalsutgreiing om framtidige energikjelder, og her har vi høve til å få til store ting.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis