Rein på flyttefot
Ein rapport tinga av Energidepartementet tilrår vinterbeite for Fosen-sijtane i Østerdalen. Det har skapt reaksjonar i Tolga og Os.
Rein vandrar kring i Storheia vindpark.
Foto: Heiko Junge / NTB
Samtalen
Finn-Arne Haugen, prosjektleiar i Nibio
Aktuell: tilleggsbeite for Fosen-reinen
Samtalen
Finn-Arne Haugen, prosjektleiar i Nibio
Aktuell: tilleggsbeite for Fosen-reinen
sofie@dagogtid.no
Konflikten mellom reindriftssamane på Fosen og vindkraftutbyggjarane såg ut til å vere uløyseleg. Men i desember 2023 vart det altså inngått ein minneleg avtale mellom Sør-Fosen sijte og Fosen Vind, og i mars i år kom Nord-Fosen sijte og Roan Vind også fram til ein avtale. «Avtalen skal bidra til å sikre videre reindrift, avbøte driftsmessige ulemper, samt gi et grunnlag for fremtidig kulturutøvelse for Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida i et generasjonsperspektiv», kan me lese på Regjeringen.no.
Ein del av denne avtalen er at det skal vere mogleg å ta i bruk eit tilleggsareal for vinterbeite utanfor Fosen reinbeitedistrikt. Men kvar skal dette området utanfor Fosen vere? Energidepartementet sette i gang ei utgreiing. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) presenterte denne månaden rapporten Utredning av mulig tilleggsareal for vinterbeite for Sør-Fosen Sijte og Nord-Fosen Sijte.
– Det er ei komplisert sak, men oppdraget me fekk frå departementet, var avgrensa og konkret å arbeide med, seier prosjektleiar Finn-Arne Haugen i Nibio.
– Korleis kom de fram til kva område som skulle vere med i vurderinga?
– Dei områda som er med i utgreiinga, og som er utgangspunktet for vurderingane, er i oppdragsteksten definerte til å liggje utanfor samisk reindriftsområde, utanfor Trollheimen reinbeiteområde, og dei skal helst ikkje liggje innafor villreinområde. Så skulle det også vere ein akseptabel avstand frå Fosen. Og kva som er akseptabel avstand, skulle avklarast med reindriftsutøvarane dette gjeld. Legg me saman desse føresetnadane, kjem me fram til dei områda som me har sett på. Det er også andre område som er eigna for vinterbeite, men dei er sette av til villrein. Så av dei områda som var eigna, var det berre eitt me ville tilrå.
Nibio tilrår området Håmmålsfjellet-Sålekinna i Østerdalen. Dette grunngjev dei med at det er meir enn stort nok beiteareal til begge sijtane. I tillegg til dei nemnde kriteria er omsyn til topografi – for bratt og ulendt terreng gjer det vanskelegare å samle dyra når dei skal flyttast, og gjev også fare for snøskred – og naturleg nok tilgang til mat viktige punkt i vurderinga. Og i Østerdalen er landskapet både oversiktleg og har mykje reinlav. Ifølgje rapporten gir dette gode tilhøve for ro under beite, gjeting, tilsyn og samling av rein. Men er det ikkje også villrein i Tolga?
– Området me har tilrådd, er ikkje eit villreinområde, men villreinen er i nærområdet. Hodalen skil det tilrådde området for tamrein og villrein i Aust-Tolga. I rapporten har me peika på at det er ein fare for at tamreinen kan blande seg med reinen i Aust-Tolga villreinområde. Difor har me også sagt at her må me vurdere sperregjerde for å hindre at det skjer.
– Skal ein setje opp gjerde i naturen, går jo dette utover friluftslivet. Er ferdsel i naturen og verdien av allemannsretten ikkje viktig nok til å ta med i heilskapsvurderinga?
– Det er eit poeng, men du må hugse på at 40 prosent av Noreg er samisk reindriftsområde. Så mange stadar lever reindrift og friluftsliv godt saman. Dersom Håmmålsfjellet-Sålekinna blir brukt til samisk reindrift, kan me håpe at det er mogleg her òg.
Som ein mogleg konflikt peikar Haugen på at reinen kan tråkke sund skiløyper.
– Men så skal jo reinen berre vere der nokre månader om vinteren, så det er jo i ein avgrensa periode det kan vere utfordringar med dette, seier han.
Rapporten ser på fleire moglege konfliktar som kan oppstå: Rein kan kome inn på jordbruksareal, bustadområde, hyttefelt og alpinanlegg. Det er òg ein fare for at rein blir påkøyrd dersom han kjem inn på vegar og jarnbane. Så kva kan gjerast?
«Det kan ta flere år før man har nok erfaring med et nytt vinterbeiteområde til å ha full oversikt over behov for konfliktdempende tiltak», og «[f]orebygging av konfliktområdene handler i stor grad om gjeting, sperregjerder og inngjerding av innmark og bebyggelse», kan me lese på side 54 i rapporten.
Forfattarane meiner behovet for gjerde kjem an på kor mykje ressursar som blir lagde i gjeting. På same tid er det viktig at ikkje tamrein og villrein blandar seg. Elles peikar forfattarane på at konflikt om beiteressursane i utmarka mellom reindrift og husdyrhald «anses i utgangspunktet for å være lav». Grunngivinga her er at vinterbeite ikkje vil verke «nevneverdig» inn på tilgangen på sommarbeite.
– Kva krav blir lagde på reineigarane sjølve for at dei skal kunne bidra til å dempe eventuelle konfliktar med «vertskommunen»?
– Me har peika på konfliktdempande tiltak, men det er ikkje opp til oss å avgjere kven som skal ta tak i konflikten, og kven som har ansvaret.
Sidan reinen skal fraktast frå Fosen og til tilleggsbeitet, trengst det oppbygging av infrastruktur både på Fosen og i området der vinterbeitet skal vere. Igjen er det ikkje noko fasitsvar: «Å fastsette det endelige behovet for infrastruktur og logistikk er vanskelig før tilleggsarealet har vært utprøvd over noen år.»
Sijtane har sjølv kome med innspel til kva dei kan kome til å trenge. Mellom anna lagerbygning, parkeringsplass og snuplass, tilgang til vatn og beitehagar der reinen kan vere mens han ventar på transport.
– Rapporten kjem med fleire punkt som forklarar korleis transporten av reinen skal gå føre seg. Har de sett på ulempene og stresset dette fører med seg for reinen, samanlikna med ulempene og stresset det er å vere på Fosen?
– Nei, og det er eigentleg to ulike ting. Det å vere på Fosen er ikkje ein del av oppdraget vårt. Det er inngått ein avtale om at dei skal ha høve til å ikkje ha rein på Fosen. Så det har me ikkje vurdert. Når det gjeld stress ved dyretransport, så finst det ei forskrift som skal sikre god dyrevelferd. Og den transportavstanden det er snakk om her, er innafor krava i forskrifta.
– Eit vinterbeite vil, som me forstår ut frå behovet for infrastruktur og potensielle konfliktar, få konsekvensar for kommunane det gjeld. Kvifor har ikkje representantar for kommunane Tolga og Os blitt involverte i prosessen?
– Me har nemnt i rapporten at me ikkje har hatt kontakt med lokale styresmakter og næringsliv. Grunnen er at dette er ei utgreiing som baserer seg på ei reindriftsfagleg vurdering. Den lokale prosessen er departementet i gang med no, det har ikkje vore ein del av oppdraget til Nibio.
– Men flytting av reinflokkar til Østerdalen vil jo ha konsekvensar for andre enn reinen?
– Jo, men det me har gjort, er å peike på eit eigna område, så står det att mange ting i denne saka som ikkje høyrer til oppdraget me har fått. Det er ikkje tvil om at det er mykje som skal vurderast. At me har tilrådd eit område, betyr ikkje at alle utfordringar er løyste.
– Det er, som du seier, ei kompleks sak. Kor tungt meiner du rapporten dykkar skal vege i heilskapsvurderinga til styresmaktene?
– Me har gjeve eit bidrag til eit avgjerdsgrunnlag. Så får dei som skal ta avgjersla, også avgjere om og eventuelt kor mykje tilrådinga vår skal vektleggjast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?