Eg håpar dei i alle fall trudde på det sjølv, den raudgrøne regjeringa som kom med forslaget: at DAB-radioen skulle vere meir lønsam og meir effektiv, og at han kom til å mangedoble kanalkapasiteten og gje større mangfald for lyttarane.
Berre Frp sa nei i Stortinget. Alle dei andre sa ja til at Noreg skulle satse på det ingen andre land hadde prøvd før.
Som eit resultat har vi sete i heimen vestpå i sommar utan FM-nett, men med to nye DAB-radioar som tek inn lyd berre tidvis. NRK Alltid Nyheter har kome sporadisk, EKKO har sendt halve setningar og NRK Urørt er uhøyrt.
Bror min, som er bonde, skaffa seg nytt hørselsvern med DAB-mottak. Han gjekk for øyreklokkene som skulle vere best, sjølv om prisen på dei svara til slakteinntektene for meir enn tre lam. Han ønskte å kunne høyre radio heile dagen no som før. Det kan han også, med mindre han går inn i fjøset, der betongen er ein for tjukk bøyg for dei digitale signala.
Sjølv er eg blant dei som ikkje har skaffa DAB i bilen, sidan bilen er av typen som i løpet av relativt få år kjem til å vere verd mindre enn kva det kostar å installere radioen. Nyleg hadde eg såleis gleda av å køyre Stavanger–Oslo utan DAB. Det er fire fylke og fem timar med P4, Radio Norge og diverse lokalradioar, som alle i hovudsak spelar den same musikken igjen og igjen, berre avbrote av dei mange reklameinnslaga.
Eg hadde fortent ein premie. I staden fekk eg Siv Jensens oppmoding om å røyste Frp, og Høgre-reklamen som seier «Vi tror på Norge» – som alltid får meg til å lure på kva for andre slagordalternativ det stod mellom – fleire gonger i timen. Langs sørlandskysten sneik det seg to gonger også inn ein reklame med ei røyst som prøvde å forsikre om at «Ja, det går an å stemme KrF».
Dei raudgrøne høyrde eg ingenting frå, og det var kanskje like greitt. Hadde nokon på denne turen ymta frampå om at «Alle skal med» eller «Vi tror på hele Norge», hadde eg ringt Forbrukarrådet.
AU
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.