Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Religiøse krefter står bak

– Det verkar som splittinga mellom homovenlege og homofiendtlege land vert stadig større.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Her vert russiske homoaktivistar beskytta av politiet etter at motdemonstrantar gjekk til åtak på dei under ein demonstrasjon i St. Petersburg.

Foto: Dmitry Lovetsky / NTB scanpix

4600
20170818

SAMTALEN

PÅL VEGARD HAGESÆTHER

Sosiolog og journalist

AKTUELL

Har gjeve ut boka Skeivt ut, som handlar om reiser i seks av homofobiens land

ottar@dagogtid.no

Det seier Pål Vegard Hagesæther. Han har vitja seks land der vilkåra for homofile er vanskelege, og reisene har gått til Russland, India, Uganda, Iran, Tyrkia og Jamaica. I boka Skeivt ut fortel han om møte med «skeive» i desse landa.

– Kvifor eit slikt bokprosjekt?

– Eg registrerte at det stadig kom nyhende om ekteskapslover og nye rettar for homofile i vestlege land, men samstundes gjekk det i negativ lei i andre land. Eg ville vita meir om kvifor dei ikkje lét seg påverka av det som skjedde i resten av verda.

– Kvifor valde du desse seks landa?

– Det var land som hadde opplevd konkrete tilbakeslag og undertrykking, men det finst også land som eg valde bort av di dei var for farlege eller for vanskelege å reisa til som journalist.

– Risikerte du noko?

– I Uganda var eg med på ein skeiv filmfestival. Hadde styresmaktene fått vita om han, ville dei kanskje ha stengt han og arrestert arrangørane. Eg har ikkje risikert mykje samanlikna med det intervjuobjekta dagleg opplever.

– Dei set livet sitt i fare?

– Ja, men i boka er dei grundig anonymiserte. Det gjeld til dømes alle eg intervjua i Iran. I andre land finst det aktivistar som kjempar for rettane til homofile, og dei kjenner styresmaktene frå før.

– Risikerer folk fengselsstraff ved å vera «skeive» i alle desse landa?

– Nei, folk risikerer ikkje fengselsstraff ved å ha sex med personar av same kjønn i alle landa, men dei gjer det viss dei vert veldig synlege, viss dei kjempar for rettane sine, går i parader eller uttalar deg i media.

– Kvar er det verst å vera homofil?

– Lovverket er verst i Iran. Faren for vald er kanskje størst på Jamaica. Haldningane blant innbyggjarane er truleg verst i Uganda. Men det er nok verst å vera homofil i landa i Midt-Austen, og aller verst er det i IS-kontrollerte område i Syria og Irak.

– Du hevdar at i alle dei seks land er religiøse krefter ein viktig faktor bak tilbakeslaget for homofile. Kvifor er det slik?

– Å ha kontroll over seksualiteten i eit samfunn er svært symbolsk av di det styrer nytt liv. Det får store konsekvensar for livsstilen og for korleis samfunnet ser ut. Difor har alle religionar lagt stor vekt på å kontrollera seksualiteten. Det har vorte slik at i alle dei store verdsreligionane er sterke krefter negative til homofili, kanskje med unnatak av buddhismen. Ein grunn til at det går i negativ lei, er at religiøse krefter har fått meir makt.

– Korleis kjem det til å gå i åra frametter?

– Det kan vera at det er eit mellombels tilbakeslag no, slik det var i kampen for røystrett for kvinner og lover mot raseskiljet. Men dei siste åra har me sett teikn på at dei liberale verdiane står for fall, også i land som har vorte rekna til Vesten.

– Det som overraskar mest i negativ lei, er Jamaica?

– Dei siste ti åra har det vore enorm framgang for rettane til homofile i Mellom- og Sør-Amerika, men det finst unnatak. Tidlegare britiske koloniar arva ei lov som set forbod mot homofil sex. På grunn av ein spesiell machokultur og den sterke påverknaden frå kyrkjene har Jamaica vorte ein versting i regionen.

– I Russland møtte du Vitalij Milonov, som er omtalt som propagandalovas far. Kva er det spesielle med denne lova?

– Ho set forbod mot såkalla utradisjonelle familieformer, og blant det er homofili for personar under 18 år. Lova forbyr nesten all kommunikasjon om homofili, anten det er på skulen, i filmar, bøker eller på internett, viss det kan tenkjast å nå ungdommen. Milonov trur at homofili kan smitta.

– Korleis er situasjonen for homofile i Russland?

– Stabilt dårleg. Homofile kan leva eit greitt liv i dei store byane, om dei lever i løynd, men når dei byrjar å kjempa for rettane sine, risikere dei bøter eller at det for følgjer for karrieren. I Tsjetsjenia vart mange plasserte i ein konsentrasjonsleir der dei vart torturerte.

– Kva overraska deg mest på reisene dine?

– Eg var på ferie i Tyrkia for ti år sidan, og vart positivt overraska over det liberale og opne homolivet. Då eg kom tilbake no, hadde det skjedd ei stor endring. Folk var både deprimerte og skuffa. Det er forbod mot homoparadar, og folk vert arresterte over ein låg sko. Folk fryktar at homofile skal verta tekne med i dragsuget i oppgjeret med gulenistane. Reisene til Tyrkia var dei tristaste eg gjorde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Alle religionar legg stor vekt på å kontrollera seksualiteten»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis