JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Republikanske smil kan fort endre seg til grimasar

Trumps parade med amerikanske heltar vert snøgt gløymd om økonomien stansar opp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mindretalsleiaren i Representanthuset, Nancy Pelosi, var særleg eit portrett av akutt politisk pine då Donald Trump heldt talen om rikstilstanden.

Foto: Leah Millis / Reuters / NTB scanpix

7817
20180209
7817
20180209

Av og til kan eit pinefullt andletsuttrykk seie meir enn tusen ord. Då president Donald Trump heldt sin første tale om rikets tilstand for eit par veker sidan, var den demokratiske sida av Representanthuset ein einaste smertegrimase.

Fjernsynssjåarane såg meir til visepresident Mike Pence og Paul Ryan, speakeren. Men årsaka til at fjesa deira vart stadig muntrare, hadde mindre å gjere med det Trump sa, enn korleis motstandarane deira såg ut.

Mindretalsleiaren i Representanthuset, Nancy Pelosi, var særleg eit portrett av akutt politisk pine. Ved eitt høve såg det ut til at eit stort stykke sitronskal hadde sett seg fast mellom to av tennene hennar. New Jersey-senatoren Cory Booker gjekk for gull i rynke-OL.

Talen til Trump var ikkje stor, men han var god. For eit år sidan, i innsetjingstalen sin, teikna han eit utriveleg bilete av «amerikansk blodbad». For to veker sidan utstråla han reagansk optimisme. Takk vere hans regjering, erklærte han, hadde ei «ny bølgje av optimisme sveipa over landet vårt».

Forgjengaren hans nytta ofte høve som dette til å fortelje emblematiske historier om «vanlege folk». Men Barack Obama var for distansert til at det verka som tenkt. Personane det galdt, høyrdest alltid ut som saksøkjarar i eit rollespel ved Harvard Law School. Om Trump er aldri så sjølvsentrert, makta han å nytte takketrikset gong på gong. Det var kystvaktoffiseren som berga minst 40 liv etter at orkanen Harvey råka. Det var brannmannen som berga nesten 60 ungar frå skogbrannar i California. Det var den tolv år gamle guten som melde seg frivillig til å setje tusenvis av amerikanske flagg på gravene til krigsveteranar.

I talen han heldt på det republikanske nasjonalkonventet i 2016, då han aksepterte å stille som presidentkandidat, snakka Trump om dei «gløymde menn og kvinner» han ønskte å representere. Her var dei. Sersjanten som berga ein kamerat som vart skadd i eit IS-åtak i Raqqa. Den nordkoreanske avhopparen som hinka tusenvis av kilometer på primitive krykkjer til fridomen. Mest minneverdig av alle var dei sørgjande latinoforeldra til to tenåringsdøtrer som vart drepne av den illgjetne MS-13-banden i 2016.

Det offisielle temaet for talen til Trump var «vårt nye amerikanske moment». Men det som gjorde talen verknadsfull, var dei nøye utvalde amerikanske heltane som var tydeleg gripne av applausen dei fekk.

Det vil seie, den republikanske applausen. For berre av og til var motstandarane deira villige til å innvilge nokre tilfeldige klapp. (Dersom Bernie Sanders kunne ha klappa for Trumps heltar med éi hand, ville han gjort det.) Bodskapen i media var at denne talen var retta til begge dei to politiske partia. Det motsette var tilfellet. Alt – særleg den hyklerske invitasjonen til å arbeide saman med motparten om innvandringsreform og infrastruktur – var meint å påføre det demokratiske partiet politisk pine.

«Amerikanarar er òg drøymarar», erklærte Trump, og terga dei på den andre sida som nyttar det ordet om illegale innvandrarar som vart bringa til USA som born, og som no står i fare for å bli kasta ut etter opphevinga av det såkalla DACA-programmet (Deferred Action for Childhood Arrivals) frå Obama-tida. Liksom for å gni det inn var ein av dei heilamerikanske heltane til Trump ein immigrasjonstenestemann med namnet Celestino Martinez.

Det verka. Tre fjerdedelar av dei som såg talen, tykte vel om han, ifølgje ei meiningsmåling gjennomført av CBS News. To tredjedelar sa at talen fekk dei til å kjenne seg «stolte». Berre 14 prosent meinte at politikken Trump snakka om, ville vere til skade for dei. Det stemmer at TV-publikummet var høgrevridd, men berre 42 prosent var republikanarar, medan 33 prosent var uavhengige. Om dei fekk med seg dette, hadde demokratane god grunn til å sjå skremde ut. Det einaste som har falle raskare enn bitcoins dette året, er demokratane si leiing over republikanarane i målingar som plar vere ein brukbar peikepinn om kven som kjem til å vinne kongressvalet i november. For seks veker sidan leia demokratane med 50 prosent mot 37 prosent. No er leiinga nede i 5 prosentpoeng (46 mot 41 prosent).

Det er to krefter som er i sving no, og begge er skadelege for demokratane. Den første er den langsame, langt frå stabile, men likevel merkbare stabiliseringa av Trump-administrasjonen etter kvart som stabssjefen John Kelly har festa grepet om Det kvite huset etter Steve Bannon. Den andre er økonomien. Den siste sysselsettingsrapporten ser ut til å rettferdiggjere det høgrøysta skrytet til Trump: ikkje berre vart 200.000 nye jobbar skapte i januar, men den gjennomsnittlege timeløna var 2,9 prosent høgare enn eit år tidlegare.

Dersom desse trendane skulle halde fram dei neste ni månadene, kan republikanarane vinne over den tradisjonelle forbanninga ved å sitje med makta – at partiet til ein ny president plar gjere det dårleg i mellomval. Om dei held fram i tre år til, vil Trump 2020 ikkje lenger vere så umogleg som dei fleste kommentatorane no reknar med.

Vil dei det? Vel, truleg ikkje. For det første tvilar eg på at Trump vil få mykje hjelp frå frisleppet av memorandumet frå Representanthusets etterretningskomité, som skuldar FBI og justisdepartementet for utilbørleg framferd i saka mot Carter Page, den tidlegare kampanjerådgjevaren for Trump som vart overvaka av FBI.

For det andre er det økonomien. Som eg skreiv i denne spalta i november, er den pengepolitiske festen offisielt over. Sentralbanken aukar rentene og krympar behaldninga av obligasjonar. Demografiske faktorar som redusert arbeidskraft, mindre sparing og meir forbruk etter kvart som folk vert eldre, bidreg òg til slutten på den 35-årige gunstige obligasjonsmarknaden. For eit par veker sidan datt botnen ut av marknaden. Og når tiårsrenta passerte 2,8 prosent-merket, gjekk det ut over aksjemarknaden òg – som så lenge har vore Trumps favorittprov på hans eigen stabile genialitet. Høgare løner er eit tviegga sverd: godt nytt for arbeidarar, dårleg nytt for investorar.

Når det gjeld «memorandumet», er det ikkje den «ingenting-burgaren» som demokratane vil ha det til, men det er heller ikkje nokon eksklusiv japansk wagyu-biff. Ja, det verkar underleg at den føderale domstolen Foreign Intelligence Surveillance Court ikkje var informert om at grunnlaget for søknaden om overvaking frå FBI, Trump-mappa til den tidlegare MI6-agenten Christopher Steele, var delvis betalt av Democratic National Committee og Hillary for America, via granskingsfirmaet Fusion GPS.

Det verkar underleg at saka er knytt til ei historie i Yahoo!News som Steele sjølv var kjelda til. Det verkar underleg at Steele var i direkte kontakt med ein som då var ein av nøkkelpersonane i justisdepartementet, Bruce Ohr, og at kona til Ohr var tilsett i Fusion GPS. Alle desse folka, pluss FBI-agent Peter Strzok og FBI-advokat Lisa Page, må ha vore temmeleg ivrige etter å sjå Trump tape for Clinton.

Men var mappa til Steele den einaste grunnen til at FBI undra seg over kva som gjekk føre seg mellom Trump Tower og ulike russarar? Nei. Har Trump vore heilt ærleg om kontakten mellom kampanjen hans og Russland? Nei. Kan dette memorandumet gjere noko for å avspore Robert Muellers etterforsking om denne kontakten? Det tvilar eg på.

Eg meiner framleis at dette ikkje er Watergate. Eg trur heller ikkje at økonomien går i retning av ein «stagflasjon» som på Nixons tid. Sjå likevel nøye på andletsuttrykka til leiande republikanarar i tida som kjem. Demokratane smiler kan hende ikkje, men dei kjem ikkje til å vere dei einaste som skjer grimasar.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Eg meiner framleis at dette ikkje er Watergate.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis