Respiratordiplomatiet
Paradoksalt nok ser Kina ut til å hauste store vinstar på koronapandemien.
Kinesiske arbeidarar i Lianyungang produserer smittevernutstyr for eksport til Europa. Kina er den største produsenten i verda av smittevernutstyr og medisinar, og det gjev landet ein sterk posisjon no.
Foto: Wang Chung / ChinaImages / NTB scanpix
Utanriks
peranders@dagogtid.no
I januar og februar var det ikkje lett å sjå for seg at Kina skulle bli ei leiestjerne i kampen mot koronaviruset. Det var i Hubei-provinsen i Kina at viruset dukka opp og tok liv i tusental, og kinesiske styresmakter gjorde krisa langt større enn ho burde fått lov til å bli: Dei undertrykte informasjon, knebla varslarar og reagerte for seint på trugsmålet, og følgjene vart katastrofale.
På den tida skreiv Kina-kritiske kommentatorar om koronakrisa som ein mogleg Tsjernobyl-augneblink for det kinesiske kommunistpartiet. Ulukka ved atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986 undergrov tilliten til det politiske systemet i Sovjetunionen, og kanskje noko liknande kunne skje i Kina?
«Leiarskap»
Sjølvforskyldt eller ikkje, i starten av februar såg Kina verkeleg ut til å vere hjelpetrengande, og vestlege land stilte opp. USA sende 18 tonn med smittevernutstyr og respiratorar som bistand, og utanriksminister Mike Pompeo lova 100 millionar dollar i støtte til Kina og andre koronaråka land. Dette «viste sterk amerikansk leiarskap overfor sjukdomsutbrotet», skreiv Pompeo i ei pressemelding. Der stod òg dette: «USA er og vil bli verande verdas mest sjenerøse donor. Vi oppmodar resten av verda til å engasjere seg like sterkt.»
Berre dryge to månader seinare ser verda mildt sagt annleis ut.
Kina-reklame
No i slutten av april har Kina teke posisjonen som den handlekraftige supermakta, den velorganiserte staten som klarte å stagge epidemien. Kinesiske styresmakter held no fram sigeren sin over koronaviruset som eit døme på kor velfungerande statsapparatet deira er. «Kinas karakteristiske styrke, effektivitet og fart i denne kampen har fått brei anerkjenning», oppsummerte ein talsmann for kinesisk UD 6. april. Handteringa av pandemien blir no brukt som reklameplakat for regimet i Beijing.
Mange andre stader i verda har derimot smitten vore ute av kontroll dei siste to månadene, med fæle konsekvensar. Dei offisielle dødstala i USA og i fleire europeiske statar er mykje høgare enn dei kinesiske, og helsevesenet i land som Italia og Spania har knelt under trykket frå pandemien. Og kinesarane treng ikkje lenger hjelp. I staden er det dei som sender andletsmasker, respiratorar og anna livsviktig utstyr til andre land i kampen mot koronaviruset.
Fort i gang
Og det skal Beijing ha: Samanlikna med situasjonen i februar ser det ut som om samfunnet og økonomien i Kina har kome i gang att forbløffande raskt. Ein diktaturstat har høve til å setje i verk meir hardhendte tiltak i ei krise enn eit liberalt demokrati har, og brutal effektivitet kan ha bidrege til å stogge smittespreiinga i Hubei. Men det vil ikkje seie at diktatur er den einaste eller beste medisinen mot det nye koronaviruset. Ei rekkje langt meir liberale og demokratiske land, både i Asia og i Nord-Europa, har klart å bremse epidemien tidlegare og meir effektivt enn Kina klarte.
At leiarane i Beijing framstiller handteringa si av koronaepidemien som ein suksess, er ikkje så lite frekt sett i lys av korleis dei takla virusutbrotet dei første vekene og månadene. I tillegg heftar det tvil ved dei offisielle tala for både døde og smitta i Kina. For ei veke sidan jekka kinesiske styresmakter til dømes opp talet på koronadøde i byen Wuhan med 50 prosent.
Men det er ikkje lenger mange som hevdar at koronaviruset skal skake det kinesiske kommunistpartiet, og samanlikninga med Tsjernobyl verkar fjern. I staden har handteringa av pandemien i fleire vestlege land fått kritisk merksemd, ikkje minst måten USA har møtt krisa på.
Suez-krisa
Dei siste vekene har skribentar i publikasjonar som Washington Post, The Guardian og Foreign Affairs trekt parallellar mellom den britiske audmjukinga i Suez-krisa i 1956 og USAs klossete handtering av koronapandemien dei siste månadene. Slik det mislukka forsøket på å ta kontroll over Suez-kanalen i 1956 synte at Storbritannia ikkje lenger var ei verdsmakt, kan koronakrisa bli ståande som hendinga som viste at USA ikkje lenger er den leiande staten i verda, skreiv til dømes Kurt M. Campbell og Rush Doshi i Foreign Affairs 26. mars.
Parallellen til Suez-krisa haltar på mange måtar. I 1956 hadde USA for lengst gått forbi Storbritannia som stormakt, anten ein brukar økonomiske eller militære målestokkar. Slik er slett ikkje maktforholdet mellom Kina og USA i dag. Men det er trekk ved koronakrisa som syner at den internasjonale posisjonen til USA er langt svakare enn før. Og den utviklinga handlar ikkje berre om Donald Trump.
Naken keisar
Ein ting er at koronaviruset har synt store veikskapar i den amerikanske beredskapen og i statsapparatet, frå Det kvite huset og nedover gjennom kommandolinene. «USA, som har vore vand til å tenkje på seg sjølv som det beste, mest effektive og mest teknisk avanserte samfunnet i verda, er i ferd med å bli avslørt som ein keisar utan klede», skreiv Anne Applebaum i The Atlantic 15. mars. Den spådomen har stått seg nokså godt. Både regjeringa og byråkratiet i USA har fått hard kritikk for sommel, vakling og fatale mistak dei siste vekene.
No når titusentals amerikanarar er døde og økonomien er i kneståande på grunn av epidemien, og det er ikkje så rart om USA inntil vidare har nok med sitt. Men Trump og regjeringa hans viser heller ikkje politisk vilje til ta noka leiande rolle i den globale kampen mot koronaviruset. I dette ligg det eit brot med amerikansk politikk dei siste 75 åra.
Mjuk makt
USA har ført an i kampen mot ei rekkje alvorlege sjukdomar internasjonalt sidan andre verdskrigen, frå malaria, tuberkulose og polio i dei første tiåra, til aids og ebola i nyare tid. Det ligg meir enn altruisme bak dette strevet: Satsinga på internasjonal helsebistand har vore ein del av den mjuke maktutøvinga til USA og var med på å byggje opp legitimiteten og truverdet til supermakta i resten av verda, både under og etter den kalde krigen. USA hadde stort sett den fremste medisinske ekspertisen og dei største ressursane, og det verka naturleg at USA skulle gå i front når ebola eller andre epidemiar truga. Ofte var den mjuke maktbruken til USA meir vellukka enn den harde. Til dømes har truleg det store aids-programmet som George W. Bush sette i gang i Afrika, hatt langt betre effekt på posisjonen til USA i verda enn Irak-invasjonen til same president.
Mykje av den amerikanske bistanden til helseføremål har vore kanalisert gjennom Verdshelseorganisasjonen (WHO), der USA har vore største bidragsytar sidan stiftinga i 1948. Sist veke kunngjorde Trump at USA ville fryse løyvingane til WHO i påvente av ei gransking av måten organisasjonen har handtert koronapandemien på. Det finst saktens ting å kritisere WHO for, truleg også i denne saka. Men å fryse løyvingane til organisasjonen som skal koordinere arbeidet mot pandemiar, nett i det verda blir herja av den verste pandemien på hundre år, verkar ikkje særleg klokt.
Opna for Kina
I sum har koronakrisa opna eit særs godt høve for Kina til å stå fram som ansvarleg stormakt og global velgjerar, og kinesarane har brukt høvet til fulle. Så snart epidemien kom nokolunde under kontroll på heimebane, kunne Kina setje det mektige industrimaskineriet sitt i sving for å produsere medisinsk utstyr til verda. Og det er først og fremst på dette viset at Kina har fått ei leiarrolle i kampen mot koronaviruset: som leverandør av dei varene som nesten heile resten av verda no har desperat behov for. Sidan 1. mars har Kina selt eller donert medisinsk utstyr til kring 100 land, skriv The New York Times. På berre ein månad sende Kina fire milliardar andletsmasker, 16.000 respiratorar og nesten tre millionar koronatestar ut i verda, skreiv AFP 6. mars.
Og blant bistandsmottakarane var USA. I byrjinga av april leverte Kina 1000 respiratorar til den hardt koronaråka delstaten New York. På det tidspunktet krangla guvernør Andrew Cuomo offentleg med president Trump for å få meir bistand, og dei føderale styresmaktene i USA hadde ikkje meir enn 400 ekstra respiratorar å tilby.
Kvar for seg i EU
Kina har òg vore velgjerar i Europa sidan byrjinga av mars. Også for dei som vona at EU skulle ta meir internasjonalt ansvar når USA vende seg innover, har koronakrisa vore eit vonbrot. Kvart EU-land har hatt meir enn nok med å berge sine eigne borgarar, og har hatt fint lite ressursar å hjelpe andre med. Medlemslanda har til og med konkurrert med kvarandre om å få tak i smittevernutstyr, og for eit hardt råka land som Italia har det vore svært lite hjelp å hente frå EU.
Den italienske EU-ambassadøren Maurizio Massari skreiv eit vonbrote innlegg på nettstaden Politico 10. mars og klaga over at ikkje eitt einaste EU-land hadde respondert på dei italienske bønene om hjelp da epidemien verkeleg tok av i Italia. «Berre Kina responderte. Dette er definitivt ikkje eit godt teikn for den europeiske solidariteten», skreiv Massari, og koronakrisa har fått oppslutnaden om EU-medlemskapen til å falle som ein stein blant italienarane. Kina leverte på si side 1000 respiratorar, to millionar vernemasker og 50.000 koronatestar til Italia i mars.
Adjø, solidaritet
Sidan det var så liten solidaritet EU-landa imellom, er det ikkje overraskande at det var null å hente for land utanfor unionen. Serbia, som er i søknadsprosess om EU-medlemskap, prøvde å få kjøpt medisinsk utstyr frå vesteuropeiske land i mars, men fekk avslag. EU-kommisjonen hadde til og med laga eit eige direktiv for å hindre medlemslanda i å eksportere smittevernutstyr til land utanfor unionen.
«Europeisk solidaritet eksisterer ikkje. Det var berre eit eventyr», sa den serbiske presidenten Aleksandar Vucic. I staden fekk Serbia smittevernutstyr og respiratorar levert frå Kina. «Utan dykk kan Europa knapt forsvare seg sjølv», sa Vucic til den kinesiske ambassadøren da utstyret kom til landet.
Farleg avhengige
Vi er framleis i ein tidleg fase av koronapandemien, og det er ingen gjeve å seie korleis denne krisa kjem til å endre maktforholda i verda. At Kina paradoksalt nok ser ut til å ha styrkt posisjonen sin, vil ikkje seie at landet no overtek rolla som den leiande makta i verda. Det kan òg føre til at mange land vil prøve å bli mindre avhengige av kinesarane.
Denne krisa har gjort det synleg kor farleg det kan vere å bli så avhengig av eitt produsentland. Da forsyningslinene frå Kina vart mellombels brotne på grunn av koronautbrotet, vart det til dømes synleg kor avhengig verda er av kinesisk medisinproduksjon. Det er ingen dristig spådom at både USA og Europa truleg vil satse på meir heimeproduksjon av medisinar, smittevernutstyr og somme andre livsviktige varer etter dette. Likevel: Den kinesiske posisjonen som verdas største fabrikk er det vanskeleg å rokke ved. At det økonomiske tyngdepunktet i verda hamnar i aust, er ei tilbakevending til den historiske normalen, etter nokre hundreår med vestleg dominans. Og med økonomisk makt følgjer det politisk makt.
Derimot er det ikkje gjeve at Kina skal ha så lite konkurranse om den mjuke maktutøvinga i verda som i dag. Under Trump har USA ført ein politikk som er best eigna til å støyte frå seg allierte, med stadig nye bisarre utspel, truslar, straffetoll og sanksjonar. Samtidig har kinesiske leiarar satsa på multilateralt samarbeid, investeringar, handel og bistand – ikkje ulikt den politikken amerikanarane førte overfor venlegsinna og nøytrale statar i tiåra etter andre verdskrigen.
Det er uvisst kor lang tid det vil ta før leiarskapen i USA gjenoppdagar fordelane med alliansebygging og mjuk maktutøving. Men så langt i denne krisa ser det ut til at det er dei kinesiske andletsmaskene som har vunne flest nye vener, medan amerikansk diplomati ligg i respirator.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Europeisk solidaritet eksisterer ikkje. Det var berre eit eventyr.»
Aleksandar Vucic, president i Serbia
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.