Borehol i paradis
Riggselskapa som borar på norsk sokkel, har fått inn kring 365 milliardar kroner i riggleige sidan 2001. Likevel betaler dei svært lite skatt i Noreg.
Arbeid på riggen Maersk Inspirer på Volve-feltet i Nordsjøen, 2008. Operatørar som Statoil leiger inn riggselskap som Maersk til å stå for boringa på norsk sokkel.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Riggbransjen
Oljeselskapa på sokkelen hyrer riggselskap til å bore for seg
Medan oljeselskapa betaler høg petroleumsskatt, har riggselskapa vanleg selskapsskatt
Riggselskapa har fått 365 milliardar kroner i riggleige sidan 2001
Riggane er eigde av morselskap i skatteparadis
Dei norske filialane leiger inn riggane frå eigarselskapa
Ein NHH-studie frå 2015 synte at riggselskapa i Noreg har hatt påfallande låg avkasting sidan 2000.

ØKONOMI
peranders@dagogtid.no
Det er dyrt å drive oljeutvinning på kontinentalsokkelen, og sjølve boringa er det dyraste av alt. Nesten halvparten av investeringane på norsk sokkel går til boring, og den største utgiftsposten i boringa er leige av riggar og boreskip, skreiv historikar Espen Søbye i artikkelen «Borekostnadene på sokkelen: Knask eller knep?» på nettsidene til Statistisk Sentralbyrå i februar.
Dei såkalla operatørselskapa på norsk sokkel, med Statoil som det klart største, eig normalt ikkje riggane sine sjølve. Dei leiger inn boreriggar og boreskip frå internasjonale riggselskap. I artikkelen sin viser Søbye ved hjelp av investeringsstatistikken at oljeselskapa på sokkelen betalte 365 milliardar kroner i riggleige frå 2001 til 2016. Likevel betaler riggselskapa som står for boringa, svært lite i selskapsskatt til Noreg. «Eierne av flyttbare innretninger betaler lite eller ingen skatt til Norge da det normalt kun er driftsselskapene som er lokalisert her (riggene er normalt lokalisert i andre land med lav skatt)», skreiv Petter Osmundsen, professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, i Samfunnsøkonomen i 2012.
Det finst ingen samla oversikt over innbetalt skatt frå riggbransjen sidan 2000. Men vi kan gje ein peikepinn: Eit grovt overslag Skatteetaten har laga for Dag og Tid, indikerer at 30 riggselskap i 2013 betalte litt over 400 millionar kroner i skatt i Noreg. Same året betalte operatørselskapa over 30 milliardar i riggleige.
Men var verkeleg riggbransjen så ulønsam som desse tala tyder på? Og er ikkje oljenæringa høgt skattlagd i Noreg?
Høge ratar
Her må vi avklare rollefordelinga på sokkelen: Riggselskapa på norsk sokkel er underlagde eit anna skatteregime enn oljeselskapa. Medan oljeselskapa betaler ein særskild petroleumsskatt, og difor har ein nominell skatt på heile 78 prosent på overskotet sitt, skal riggselskapa betale normal selskapsskatt. Inntil 2015 var selskapsskatten på 28 prosent, frå i år er han på 24 prosent. Men i røynda har riggselskapa betalt svært lite i skatt, trass i enorme inntekter dei siste 15 åra. Frå byrjinga av 2000-talet vart riggratane mangedobla. Ein flytande rigg på norsk sokkel kunne koste litt over 100.000 dollar døgnet å leige i 2003. I 2014 var døgnprisen oppunder 600.000 dollar. Ein stor del av pengane som oljeselskapa betaler for boringa, går ut av landet i form av riggleige til morselskapa som er lokaliserte i ymse skatteparadis, påpeikar Espen Søbye i SSB-artikkelen.
Ussel avkasting
Ei masteroppgåve ved Noregs handelshøgskule frå 2015, med tittelen «Skatteplanlegging i den norske borebransjen», konkluderte med at riggselskapa truleg flyttar mykje av overskotet frå norsk sokkel til skatteparadis. Masteroppgåver kan vere så ymse, men i denne oppgåva er det nokre slåande funn. Dei to studentane bak studien, Tobias Pran Schmidt og Magnus Solvik, såg mellom anna på avkastinga til 76 norske filialar av internasjonale boreselskap frå 2000 til 2013. Her gjekk det fram at dei norske filialane i snitt berre hadde ei avkasting på investert kapital på 2,4 prosent. Det ville vere eit usselt resultat i dei fleste bransjar.
Rett nok har riggselskapa ekstremt dyrt utstyr og store utgifter som dei kan trekkje frå på skatten. Men når vi veit at mykje av denne tidsperioden var ein gullalder for oljebransjen, da oljeprisen var skyhøg og riggratane gjekk rett til himmels, er det vanskeleg å tru på ei så låg avkasting – særleg ikkje når den globale avkastinga til riggselskapa var 8,1 prosent i same periode. Om det verkeleg var så lite pengar å tene på norsk sokkel som den offisielle avkastinga tydar på, ville neppe noko riggselskap gidde å leige ut riggane sine her – i alle fall ikkje i periodar da det var ekstremt stor rift om tenestene deira internasjonalt. Men frå 2000 til 2013 auka talet på mobile boreriggar på norsk sokkel frå 24 til 36.
Ingen løyndom
Petter Osmundsen, som er professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger, har inga tru på at den oppgjevne avkastinga på 2,4 prosent for riggselskapa på norsk sokkel var reell.
– Det er ingen løyndom at det går føre seg skattetilpassing i riggbransjen. Skattestyresmaktene jobbar med dette feltet, men det er vanskeleg å kome nokon veg. Det same gjeld store delar av det internasjonale næringslivet: Mange av dei store selskapa betaler ikkje skatt i Noreg, seier Osmundsen.
Han peikar på at operatørselskapa som tener pengane sine på sal av olje og gass, og som skal betale den særeigne petroleumsskatten på 78 prosent av overskotet sitt på norsk sokkel, er underlagde langt strengare kontroll av norske styresmakter enn riggselskapa er.
– Operatørselskapa på sokkelen blir følgde opp på heilt andre måtar. Også oljeselskapa kan finne måtar å flytte ut overskotet sitt, men for dei er det vanskelegare.
Internprising
Korleis kan så milliardane frå boringa på sokkelen tenkjast å forsvinne ut av Noreg med minimal skattlegging? NHH-studentane Schmidt og Solvik gjev fleire plausible forklaringar, som alle heng saman med den komplekse organiseringa til riggselskapa: Eigarselskap, holdingselskap og driftsselskap held til i ulike land med ulike skatteregime. Ein mogleg metode for å flytte overskotet er at eigarselskapa (som er registrerte i skatteparadis) kan krevje høg leige frå det norske driftsselskapet for riggen som blir brukt på norsk sokkel. Da blir det lite overskot å skatte av i den norske filialen.
For skattestyresmaktene er det nær umogleg å seie kva som er ein reell marknadspris for riggar i slike høve, og dei fleste slike transaksjonar skjer internt i dei internasjonale konserna. På liknande vis kan morselskapet krevje godt betalt frå filialen i Noreg for ymse administrative funksjonar.
Ein annan mogleg metode er å laste den norske filialen tungt med gjeld, som så gjev selskapet frådrag på skatten i Noreg. Schmidt og Solvik påpeika i studien sin at rentebetalinga på gjelda i dei norske underselskapa somme år utgjorde over 100 prosent av driftsresultatet. Dei viste òg i studien at gjeldsandelen i dei norske filialane var over dobbelt så høg som gjeldsandelen til boreselskapa globalt. Det er lett å tenkje seg at dette kan ha med skatteplanlegging å gjere, men det er vanskeleg å dokumentere.
Vanskeleg matte
Det er vanskelege reknestykke her for styresmaktene, meiner professor Petter Osmundsen.
– Når riggane er registrerte i eit anna land enn Noreg, må overskotet frå verksemda på norsk sokkel fordelast mellom fleire land. Men kva del av konsernet er det som skaper verdiane? Er det riggen, som er registrert i eit lågskattland? Eller er det verksemda i driftsselskapet i Noreg?
– Riggselskapa betaler svært lite i skatt i Noreg. Og truleg vil få som ser dette utanfrå, synast at det er rimeleg, særleg i gode år for bransjen. Også arbeidet mannskapa til riggselskapa gjer i Noreg, er ein del av verdiskapinga. Ein kan òg hevde at det er ei grunnrente i riggbransjen, i alle fall når det er høgkonjunktur.
Vanskeleg å stogge
Problemet med å skattleggje riggselskapa på norsk sokkel rett, er velkjent for Skattedirektoratet. I ei høyringsfråsegn frå 2015 skreiv direktoratet at ein treng nye skattereglar for å hindre flytting av overskot ut av Noreg gjennom kunstig høge betalingar internt i konsernet, og viste særleg til borebransjen: «Vi ser det særlig innenfor riggselskaper hvor det er svært vanlig å organisere seg gjennom et driftsselskap i Norge som leier rigger/fartøy inn (…) fra selskaper hjemmehørende i lavskatteland. Ved denne type leie oppstår det ingen skatteplikt til Norge for riggselskapet, som sitter igjen med størstedelen av overskuddet.»
Med dagens lovverk er det ikkje lett å slå ned på bruken av internprising for å redusere skatten, erkjende Skattedirektoratet: «Dette gjør det svært vanskelig å hindre at store verdier flyttes ut av Norge.»
Økokrims fallitt
Det beste dømet på kor vrient dette feltet er for styresmaktene, er den såkalla Transocean-saka. I over ti år arbeidde Økokrim med ei skattesak mot tre av underselskapa i verdas største riggkonsern, pluss tre av rådgjevarane deira. Økokrim hevda at selskapa gjennom fleire interne transaksjonar i konsernet, mellom anna gjennom kjøp og sal av riggar, hadde unndrege kring 11 milliardar kroner i skattepliktig inntekt frå verksemda si i Noreg.
Saka enda med eit knusande nederlag for Økokrim og Riksadvokaten. I 2014 vart alle dei tiltalde frikjende i Oslo tingrett. I januar 2016 trekte Økokrim også ankesaka si til lagmannsretten. Økokrim-sjef Trond Eirik Schea måtte be alle dei tiltalde om orsaking, og dei vart tilkjende 42 millionar kroner i sakskostnader frå staten. No er det Økokrim sjølv som blir granska av eit utval nedsett av Riksadvokaten, for å finne ut korleis ein kunne mislukkast så totalt.
Nasjonalformuen
Sjølv om det ikkje er påvist straffbar skatteplanlegging til riggbransjen, forsvinn ikkje dei prinsipielle problema. Overskotsflytting skjer i dag truleg i dei fleste bransjar der fleirnasjonale selskap er involverte. Men når det gjeld petroleumsverksemda, er det ekstra alvorleg for Noregs del om delar av grunnrenta frå sokkelen faktisk lek ut til skatteparadis gjennom riggselskapa. Olje og gass er fellesskapens eigedom, og utgjer ein stor del av den norske nasjonalformuen.
Overskotet på sjølve utvinninga har som nemnt ein nominell skatt på 78 prosent. Men til gjengjeld kan Statoil og dei andre operatørselskapa på sokkelen trekke frå 78 prosent av investeringane sine. Og av investeringane utgjer altså boringa nesten halvparten. Riggratane på norsk sokkel er dessutan svært høge samanlikna med i andre land. Det er det fleire grunnar til, mellom anna høgt lønsnivå og særeigne tryggleikskrav på norsk sokkel. Men skattesystemet kan òg vere ei medverkande årsak. Når oljeselskapa på sokkelen har høve til å trekkje frå det aller meste av boreutgiftene på skatten, kan det ha svekt motivasjonen til å halde kostnadene nede, i alle fall så lenge oljeprisen var høg.
Det såkalla Riggutvalet, som studerte kostnadene på norsk sokkel på oppdrag frå regjeringa, påpeika i 2011 at verken riggselskapa eller oljeselskapa hadde sterk motivasjon til å spare: «Redere klarer å overføre driftskostnader tilnærmet fullt ut over på oljeselskapene. Oljeselskapene eksponeres kun for en mindre andel av disse kostnadene fordi de er fradragsberettiget i skatteberegningene. Dermed er det svake insentiver blant aktørene til å redusere driftskostnader.»
Skatteflukt
Når det er snakk om storselskap som gjennom internfakturering og andre grep smett unna skatt i landa dei opererer i, bruker ein gjerne gigantar som Google eller Starbucks som døme. Men i den grad nasjonalitet spelar noka rolle her, kan ein kalle Noreg ei stormakt i offshorebransjen. Ein god del av riggselskapa som opererer internasjonalt, har norsk opphav, til dømes Seadrill, med John Fredriksen som storeigar.
Denne bransjen har lenge vore svært tilpassingsdyktig i skattespørsmål. Da Noreg i 2006 tok ut riggselskapa frå den sjenerøse skatteordninga for norske reiarlag, rømde offshorebransjen landet. Dei selskapa som ikkje alt hadde flagga ut riggane til land som Bermuda, Caymanøyane eller Luxembourg, gjorde det da for å unngå å betale normal norsk selskapsskatt på overskotet sitt. Dette fortel noko om kva dilemma styresmaktene har når dei skal prøve å skattleggje selskap som opererer internasjonalt: Krev du normal selskapsskatt av dei, kan dei stikke til ei karibisk øy.
Når det gjeld petroleumsverksemda, har styresmaktene også eit anna dilemma: Om Noreg skattlegg riggselskapa hardare enn andre land gjer, kan det bli vanskeleg for oljeselskapa på norsk sokkel å få leigd inn riggar til å gjere jobben. Utan boreriggar stoggar oljeverksemda, og det blir i alle fall dyrt for Noreg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ingen løyndom
at det går føre seg skatte-
tilpassing i riggbransjen.
Petter Osmundsen,
professor i petroleumsøkonomi
Fleire artiklar
Utsnitt av ein illustrasjon henta frå boka «Norge fremstillet i Tegninger» av P.Chr. Asbjørnsen, utgjeven av Chr. Tønsberg (1848).
Foto: Joachim Frich
For 400 år sidan vart Kongsberg grunnlagd. I dag er byen eit levande stilmuseum.
«I dag har eg ikkje snakka med eit menneske. Eg har flytt på vasslangane, stelt meg mat, sola meg – og lese litt.»
Ensemblet til Sigurd Hole då dei spelte konsert på samtalefestivalen TronTalks ved foten av Tronfjellet.
Foto: Ragnhild Tromsno Haugland
Naturens advokat
Ensemblet realiserer ambisjonane til Hole på framifrå vis.
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.