JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi skal verne dykk, sa soldatane, og stakk av

– Før 2014 var kvinner ingenting i samfunnet vårt. No kan vi alt.
Vi har òg lært oss å bruke våpen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Khidir Hamo Khwadida (i grått) overlevde den verste IS-massakren i august 2014. Han er ein av dei som framleis lever i flyktningleir i Nord-Syria.

Foto: Sara Baban

7722
20180518

Rojava

Rojava betyr Vest-Kurdistan og er området med kurdisk fleirtal nord i Syria.

Den demokratiske føderasjonen Nord-Syria utgjer det meste av landet nord og aust for Eufrat.

YPG (Folkets forsvarsstyrkar) er ein kurdisk milits som forsvarer Rojava, og som sidan 2014 har kjempa mot IS.

Den frie syriske hæren (FSA) vart oppretta i 2011 av desertørar frå regjeringshæren. FSA er i dag tett alliert med Tyrkia. Mange IS-avhopparar er no med i FSA.

IS – Den islamske staten – kjempar for å opprette ein islamsk stat i Midtausten. IS tok i 2014 kontroll over mykje av Syria og Irak, men mista nesten alle områda att i 2017. IS har styrkt seg att den siste tida.

Nord-Syria/Irak

erfolk@online.no

Denne meldinga får eg frå elleve jezidikvinner på eit kvinnesenter i Shengal. Dei overlevde den verste IS-massakren. Shengal er landsdelen til jezidiane i Irak, nokre mil aust for byen Mosul. Enkelte medium bruker helst det arabiske namnet Sinjar.

IS-massakren på jezidiane i august 2014 fekk plass i media i nokre veker. Vi har reist hit for å sjå litt av kvardagen til dei som overlevde. Eg vil òg høyre jezidiane sin versjon av det dramatiske døgnet da IS starta massedrapa. Finst det faktum som ikkje har nådd ut til omverda?

Religionen

Jezidiane er kurdarar. Jezidismen har fleire tusen år gamle røter. Religionen vaks fram i områda som i dag er staten Iran. I dei kurdiske landsdelane i Irak og Syria har eg møtt mange som seier at alle kurdarane var jezidiar fram til islamiseringa starta på 600-talet.

Andre meiner at jezidismen skriv seg frå ei splitting innanfor islam på 1100-talet. Eg veit ikkje kva som er rett. Men to ting er sikkert: Mange religionar har utvikla seg side om side i Midtausten og påverka kvarandre. Og menn i jezidisamfunnet har brukt religionen for å sikre eiga makt og undertrykke kvinnene. Kanskje ikkje heilt ulikt andre menn med annan religion?

Like sikkert er det at IS kunngjorde sitt syn på jezidiane i god tid før åtaket i Shengal. I nettidsskriftet Dabit skreiv dei at muslimane på dommedag må svare for korfor dei ikkje utrydda jezidiane tidlegare (Aftenposten 15. oktober 2014).

Flyktningleiren

Dagen før vi reiste til Shengal, møtte eg Khidir Hamo Khwadida i ein flyktningleir i Nord-Syria. Han skildra ein bestialitet bortanfor det eg trudde var mogleg. Eg såg at det var vondt å fortelje. For meg var det vondt å lytte. Ei av hendingane var slik: IS-krigarar drap og kokte ein liten unge. Så serverte dei kjøtbitar til kvinner som var utsvelta. Etter måltidet sa dei til kvinnene at «dette var ein av ungane dykkar». Khidir veit ikkje om kvinnene er i live.

Vegen frå flyktningleiren til Shengal er krunglete. Vi køyrde forbi eit øydelagt hus med ei handskriven melding på veggen: «Vi har kome hit for å halshogge.» Skribenten brukte den kurdiske dialekten sorani. Kurdarar i Iran og i nordlege Irak snakkar sorani.

– Han var kurdar frå Halabja-området, seier tolken vår.

Det er godt kjent at ungdomar derifrå har slutta seg til terroristorganisasjonen IS. IS er fleirnasjonal.

Vi nådde statsgrensa til Irak etter ein biltur gjennom ørkenliknande og nesten veglause strok. Storflaum hadde øydelagt bruer og vegar. Sjåføren frykta det verste for bilen. Soldatar frå den berykta sjiamilitsen Hashd Al Shabi serverte te og slo av ein prat da vi kom til grensa. Visumfritt og triveleg. Soldatar frå Forsvarseiningane i Shengal (YBS) venta på oss. Dei tok oss med til byen Khanesor.

Her må eg nemne at Shengal i dag er delt i tre. Den eine administrasjonen har band til regjeringa i Irak. Den andre har enda tettare band til den kurdiske regionen lengst nord i Irak. Klan- og partileiar Mesud Barzani er den sterke mannen der. Og den tredje har band til Den demokratiske føderasjonen Nord-Syria. Vi kjem ikkje lenger enn til denne delen av Shengal.

Kvinnesenteret

Dei elleve på kvinnesenteret i Khanesor er sterke. Dei overlevde massakren, men har framleis 6500 søstrer som vart borte. Ligg den nærmaste venninna i ei av massegravene? Selde IS henne som sexslave? Er ho framleis fange hos ei IS-gruppe? Samtalen vår viser at alle har slike spørsmål, men ingen svar.

Kvinnene møter oss med skepsis. Dei har hatt besøk av europearar før. Som har forstått og lova allsidig hjelp. Så har dei reist heim. Jezidikvinnene har ikkje eingong fått ei tilbakemelding.

Éi kvinne fortel at ho veit kor den døde dotter hennar ligg. Ho vil gjerne gravlegge henne på tradisjonelt vis. Men kurdiske soldatar – peshmerga – har hindra henne. Ho har ikkje kome fram dit IS kasta frå seg dottera. No er ho redd for at flaumen dei siste dagane har fjerna leivningane for alltid.

Kvar onsdag – kviledagen til jezidiane – møtest kvinnene for å oppsummere siste veka og legge nye planer. Å snakke med kvarandre er viktig. Dei går på husbesøk. Dei argumenterer for at menn dei møter, skal støtte kona si og andre kvinner. Dei hjelper sjuke kvinner og gir råd til dei som kjem til senteret og ber om hjelp.

To dagar i august 2014

Den siste veka har eg snakka med mange, både i Irak og i Syria. Eg har spurt korleis ein liten IS-styrke kunne starte massakreringa av jezidiane i eit område der Mesud Barzani hadde stasjonert ein peshmergastyrke på minst 7000 mann. Eg runda av gravearbeidet med eit par timars samtale med Dijwar Faqir. Han er leiar i YBS. Når han er usikker, svarar han «eg veit ikkje». Ingen spekulasjonar. Han var i Shengal den første veka av august 2014.

IS erobra millionbyen Mosul i juni 2014. Avstanden frå Mosul til Shengal er om lag som frå Hamar til Oslo. Mange jezidiar var redde. 2000 soldatar frå den irakiske regjeringshæren hadde vore stasjonerte i Shengal. Dei trekte seg ut i løpet av juli. Men Mesud Barzani, som da var president i Den kurdiske regionen i Irak, svikta ikkje. Peshmergastyrken vart verande. Dei hadde stridsvogner og tunge våpen.

Mange jezidiar fekk trugsmål frå IS. Nokre av dei snakka med peshmergaoffiserar om dette. Dei bad om tiltak i tilfelle IS-åtak. Fram til 2. august fekk dei tillitvekkande svar: «Ikkje ver redde. Så lenge peshmerga er i Shengal, er alle trygge. Peshmerga forsvarar Kurdistans verdigheit.» Dette førte til at folk vart verande.

2. august forsvann ein del av pesmergastyrken. Dei reiste i små grupper. Ingen kunne sjå omfanget av retretten.

Ei lita gruppe IS-krigarar starta massedrapa neste natt. Klokka halv tre gjekk mellom 100 og 200 av dei til åtak på to landsbyar: Gir Zerek og Siba Sheikh Khider. Landsbybefolkninga forsvarte seg i fem timar, med dei få våpna dei hadde. Ingen kom for å hjelpe dei.

Utpå dagen starta hovudstyrken på 7000 mann tilbaketrekkinga. Med stridsvogner og tunge våpen var dei militært sterkare enn dei første IS-styrkane som rykte fram. Peshmergahæren reiste mot grensa til Syria. Videoopptak viser korleis dei kryssar grensa. Så reiste dei tilbake til Irak litt lenger nord.

Dei overlevande på kvinnesenteret hevdar at president Mesud Barzani gav ordren om tilbaketrekking utan kamp. Dei seier at peshmergastyrken hans kunne ha stoppa dei militært underlegne IS-krigarane, eller i alle fall bremsa framrykkinga så mykje at jezidiane kunne ha kome seg unna. Tusentals liv kunne vore berga. Dei vil at ein domstol skal behandle klagene dei har mot Barzani.

– Og det første vi vil seie i retten, er at peshmergastyrken overlét oss til IS, seier ho som oppsummerer på vegne av dei elleve.

Kvinnene ber om hjelp til å få saka til ein internasjonal domstol, både mot dei som massakrerte og mot dei som gjorde massakren mogleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei overlevande på kvinnesenteret hevdar at president Mesud Barzani gav ordren om tilbaketrekking utan kamp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis