JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

11178
20240712
11178
20240712

Maktskiftet kjem av valsystemet: fleirtalsval i einmannskrinsar. Medan Europa går til høgre, går Storbritannia til sentrum–venstre, no også Frankrike. Var det ikkje Lenin som sa noko slikt som at det kan gå tiår utan at noko hender, og så kjem ei veke då alt skjer? Sjølv Lenin kan ha gode poeng.

Etter Jeremy Corbyn og katastrofevalet for Labour i 2019 er det inga lita bragd Keir Starmer har utført for å få partiet electable så fort. Labour har no eit fleirtal på 176 i Underhuset, opp frå 211 til 412 mandat.

Britiske veljarar har synt at dei kan kasta seg om på drastisk vis, og som i Frankrike ser vi mange som røystar taktisk. Især har dette kome Liberaldemokratane til gode. Mange har røysta på dei for å fjerna toryar.

Liberaldemokratane er partiet med det beste samsvaret mellom prosenttalet på røyster og talet på plassar i Underhuset (opp 64 til 71 plassar).

For Labour gjev valsystemet eit anna utslag: Partiet har 34 prosent av røystene, men erobrar 64 prosent av plassane i Parlamentet.

«Fengsla er så stappfulle at Starmer vil sleppa mange fangar laus.»

Skottland endra seg

Kor drastisk omskifta har vore, ser ein særleg i Skottland. I 2015 hadde Labour der berre éin representant i Westminster. No fekk det skotske Labour 37 i London. SNP, det skotske nasjonalistpartiet, gjekk attende frå 39 til 9 plassar.

Skottane sette eit uavhengig Skottland på vent. Viktigare var det å verta kvitt toryane i London gjennom Labour. I tillegg kom misnøye med skandalar og påstandar om økonomisk misleghald på øvste SNP-leiarnivå i Edinburgh, og vonbrot over politikken SNP har ført på heimebane.

Konservativ uttynning

Tilbakegangen til toryane utanfor England viste seg særleg tydeleg i Wales. Der har dei konservative ingen representantar att i Underhuset. Årsaka ligg i godt valarbeid frå det walisiske partiet Plaid Cymru, seier kontaktane mine i Cardiff. Dette partiet fekk fire plassar, opp to.

Det klassiske britiske topartisystemet har med andre ord slått sprekkar. Styrken til Liberaldemokratane er eit prov på det. At Reformpartiet under Nigel Farage fekk inn fem, understrekar òg dette poenget (4,7 prosent av røystene). Farage har ete seg inn på dei grøne engene til dei konservative og utløyser dermed ein smertefull debatt om kor langt til høgre dei skal leggja seg for å tetta til dette politiske rommet.

Dei grøne fekk inn fire. Det er eit dårleg teikn for det britiske demokratiet at frammøteprosenten var så låg: 58 prosent.

Kanalsystemet avgjorde

Det var den namngjetne engelske historikaren Lewis Namier (1888–1960) som såg det klarast: Organisasjonar og grunnlover er som sluser i eit kanalsystem. Dei leier vatnet – les: opinion og veljarar – inn i regulerte, ofte føreseielege retningar.

Kanalslusene hevar og senkar vatnet etter behov. Dei held kontroll, så lenge naturen ikkje druknar kanalane i regn eller tørkar dei ut – for å vera i biletet. Ved slike katastrofar kan sjølv ikkje dei beste forfatningane berga oss.

Det fekk tyskarane erfare 30. januar 1933, då rikspresident Paul von Hindenburg gav Hitler makta med heimel i paragraf 48 i Weimar-forfatninga. Det var ei av dei mest progressive grunnlovene i Europa den gongen, og paragraf 48 var frå grunnlovsgjevarane si side nettopp meint å hindra slike slag.

Ikkje fleirtal i folket

Namier kjem med ein gong opp i minnet når ein skal analysera det britiske valet 4. juli. Det var ikkje fleire britar som røysta Labour no enn ved valet i 2019. Labour kjem til makta med berre om lag ein tredel av veljarane bak seg. (Det same skjedde for Thatcher.)

Men valsystemet gjorde at røystene fordelte seg betre og gav full utteljing. For dei konservative var det ein katastrofe, dei fekk færre plassar enn nokon gong.

Difor kan vi endra litt på Stein Rokkans klassiske oppsummering av norsk politikk: Røyster tel (i valet på folk som skal fylla storting og kommunale råd), men ressursar avgjer (når konkret politikk skal hamrast ut). I Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland leidde kanalane, det vil seia valsystemet, til ein av de største valsigrane for Labour i dette hundreåret.

Det uinspirerte valet

John Curtis, den britiske Henry Valen, summerte det kanskje best opp: Britane røysta meir mot toryane enn for Keir Starmer, som er oppvaksen i ein arbeidarheim og oppattkalla etter Keir Hardie (1856–1915), stiftaren av Labour i 1901.

Har Curtis rett? Eg er ikkje så sikker. Britane ser fyrst og fremst ut til å vilja ha normalitet – etter Boris Johnsens «partygate» og klovneri, og Liz Truss’ 49 dagar som statsminister, med eit katastrofebudsjett som sette fyr på næringslivet. Dertil kjem brexit, som fleire og fleire ser på som eit ulykksalig nasjonalt feilsteg.

Og stogg litt: Starmer gjorde med ein gong sitt for å endre oppfatninga om at han er keisam. I den fyrste talen han heldt utanfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få. Han veit kva han vil og må, men er illusjonslaus med omsyn til det politiske rommet som står til disposisjon.

Handlingsrommet til Starmer og finansminister Rachel Reeves er ikkje stort. Den britiske staten brukar meir pengar enn det som kjem inn i skattar og avgifter. Då må ein anten låna meir eller kutta i budsjetta.

Labour ville ikkje binda seg til å auka skattane. Den nye finansministeren hadde éi løysing: vekst. Men det er ikkje fort gjort.

Her ligg Starmers akilleshæl. Gapet mellom von og evne kan fort verta avgrunnsdjupt. Med meir enn 7 millionar i helsekø i NHS, det nasjonale sjukehussystemet, og 3,8 millionar britar som ikkje har råd til det viktigaste i dagleglivet, får mannskapet i Downing Street ei hard tid framover.

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Chris J Ratcliffe / Reuters / NTB

Domen over toryane

Langt inn i liberalkonservative organ som The Economist og The Spectator er domen over Tory-styret hard: Åra med innsparing (austerity) under finansminister George Osborne har skapt ein offentleg sektor på sveltegrensa.

Ikkje berre er helsevesenet overbelasta, også domstolane og fengsla er dysfunksjonelle – fengsla er så stappfulle at Starmer vil sleppa mange fangar laus.

Symjebasseng står tomme, bibliotek er stengde, tomme butikkvindauge grin mot deg. Og ukontrollerte kloakkutslepp i elvane er vorte symbolet på mislukka privatisering av noko så kollektivt som vassverk. Prisane på husvære ligg no 8,3 gonger over den gjennomsnittlege løna.

Jernbaneprosjektet High Speed 2 er mislukka og har kosta milliardar. Den økonomiske krisa i 2007–2008 har fått lønene til å stagnere slik at økonomane talar om den djupaste lønsnedgangen på 200 år og om Storbritannia som eit «poor rich country».

«Nokre gonger er det partitaktisk klokt å bruka Ming-strategien: å oppføra seg som om ein ber ein kostbar Ming-vase på eit glatt golv.»

Den blå muren rasa

Nederlaget til dei konservative må difor sjåast i samanheng med lovnader som ikkje vart følgde, vanstyre og oppløysing av politisk autoritet på leiarplan.

Boris Johnson lova å level up i dei utslegne, avindustrialiserte områda i nordaust. Det spegla seg ikkje av i budsjetta, og folk gjekk drastisk til venstre. «Den raude muren» gjenoppstod, arbeidarveljarane kom attende.

Sjølv i dei betongsikre toryvalkrinsane sør og vest for London fekk Labour inn mange av sine. Jacob Rees-Mogg – Tory-partiets nærast parodiske parlamentsmedlem, som meiner det same som 1800-talets viktorianarar – og den kontroversielle Liz Truss mista mandata sine saman med ei rad forgrunnsfigurar frå Rishi Sunaks kabinett.

Spørsmåla ingen stilte

Elles var valkampen prega av spørsmåla som ikkje vart stilte. Klimaspørsmålet vart knapt nemnt. Ingen ville ta i brexit, men Starmer lova meir samarbeid med Brussel. I The Guardian samanliknar Dan Sabbagh denne stille dansen kring brexit med mafiaens omertà, brorskapens absolutte påbod om å teie. Den som bryt det, vert straffa med dauden.

Det britiske bruttonasjonalproduktet har sidan brexit falle med mellom 2 og 3 prosent.

Utanrikspolitikken var ikkje oppe i det heile. Kina har no ein økonomi som er fem gonger større enn den britiske var då Labour sist var i regjering, for 14 år sidan. Det seier mykje at då Tony Blair for fyrste gong gjekk inn den svarte døra i nr. 10, for 27 år sidan, var den britiske økonomien større enn den indiske og den kinesiske til saman.

Verda er vorten multipolar, og Europa er i krig for fyrste gong sidan 1945. Det globale sør (mellom anna India, Sør-Afrika og Brasil) distanserer seg frå den normbaserte vestlege verdsordenen og forfølgjer eigne nasjonale interesser.

Den nye utanriksministeren, David Lammy, tok i Foreign Affairs nyleg til orde for ei nyvekking av ein etisk utanrikspolitikk, det vil seia å setja menneskerettsideala fyrst, eller i alle fall balansera dei mot kalde realpolitiske interesser. Han kallar denne politikken «progressiv realisme», som han definerer som «å bruka realistiske reiskapar for å fremja progressive mål». Ikkje berre gå for nasjonal makt, men søkja rettferd i verda, fremja demokratiet, stø klimamåla og arbeida for internasjonal økonomisk utvikling. «Ideal utan illusjonar om kva som er mogleg å få til.»

Dei konservative har vendt Storbritannia innover, fylte av ein vag, nostalgisk draum om imperium og fornstora dar, som svenskane syng om.

Starmer samla seg om tre former for tryggleik: tryggleik for familiane, tryggleik for landegrensene og tryggleik internasjonalt.

Immigrasjon er eit nykelord i Storbritannia, som elles i Europa. Sunaks plan om å senda illegale flyktningar til Rwanda er ute. Kva som kjem i staden, er uklart, men venteleg vil det verta meir intens overvaking i Den engelske kanalen for å stogga menneskesmuglarane og dei små båtane.

Ming-strategien

Det var Roy Jenkins, Labours innanriks- og finansminister i 1960- og 1970-åra, som sa det. Nokre gonger er det partitaktisk klokt å bruka Ming-strategien: å oppføra seg som om ein ber ein kostbar Ming-vase på eit glatt golv. Då gjeld det å trå varleg.

Det var det Starmer gjorde. Han rugga ikkje båten i valkampen fordi han visste at fleirtal på målingane har ein tendens, som sumarkjærleik, til å dunsta bort. Han konsentrerte seg om dyrtida.

Men med menneskerettsjuristen Keir Starmer ved roret er det i alle fall ikkje sannsynleg at UK vil forlata den europeiske menneskerettsdomstolen.

For stort fleirtal?

Eit drag få har peika på, er skuggesidene ved eit stort fleirtal. Strengt teke er det i det parlamentariske systemet i Storbritannia nok med eit fleirtal på éin medlem til å danna regjering. Eit stort fleirtal gjev styringsrom, men også paradoksalt nok opningar for opposisjonelle rørsler innanfrå.

Gløym ikkje at Labour har ei sterk venstrefløy. Denne falanksen kan opponera og danna fraksjonar utan å risikera å fella regjeringa. Her er det altså eit paradoks: opposisjon utan risiko, åtferd som kan irritera i Labour. (Jeremy Corbyn kom inn i Underhuset frå Islington, George Orwells gamle nabolag, som uavhengig.)

Kanskje ikkje noko stort poeng, men likevel som ei side ved fleirtalet som ein kan tenkja på. Å følgja med i britisk politikk vert spanande i åra som kjem.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis