Winston Churchill var, som nokre har fått med seg, liberal før fyrste verdskrig, og han var som justisminister i prinsippet for at kvinner skulle få røysterett. Men av tre konkrete grunnar nølte han med å taka det standpunktet.
For det fyrste vart han alltid personleg plaga av suffragettene: Same kvar han gjekk, vart han konstant kjefta på. Éi av dei gjekk så langt at ho prøvde å skubba han framfor eit tog. Berre eit snøgt grep frå kona hindra at han mista balansen. «Eg vil ikkje verta henpecked til å støtte røysterett for kvinner», som han sa det. For det andre truga suffragettene den offentlege ordenen. Han måtte nytta store ressursar på å halda dei i spesialfengsel, og gong etter gong stod dei bak open gateuro.
Men hovudgrunnen var at han meinte kvinner var naturleg konservative. Han trudde kvinner vil verta garantistar for ei Tory-regjering i æva. Og ja, han fikk delvis rett. Over hele Europa viste det seg at kvinner var meir religiøse og reaksjonære enn menn når dei fekk røysterett. Dei var for paven, mot alkohol og gambling og alt som Churchill meinte var kjekt.
Slik er det ikkje lenger i Noreg. Valet den 11. september synte truleg den største skilnaden mellom kvinner og menn i Noreg i røysteåtferd nokon gong. Hadde kvinnene fått avgjera, ville Jonas Gahr Støre vorte ein suveren statsminister, og Ap hadde gått fram med 20 mandat. Om mennene derimot hadde fått avgjera dette åleine, ville Frp truleg vorte større og mektigare enn Ap. Det er lenge sidan kvinnene i Jesu namn gjorde opprør mot kondom til soldatar i Tyskland, noko Churchill elles var heilt for.
Så får Trine Skei Grande, Erna Solberg og Siv Jensen finna ut kvifor norske kvinner ikkje vil ha dei. Vi har hamna i ein situasjon der menn røyster på kvinner til høgre og kvinner på menn til venstre. Den såg ikkje Churchill koma.
J.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.