Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Rusbehandlingspolitikk, takk!

I desember var det fleirtal i Stortinget for at rusmisbrukarar skal få behandling, ikkje fengselsstraff.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stortinget vil avkriminalisere, men ikkje legalisere narkotika.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

2813
20180105
2813
20180105

Eg er dårleg i magen. Det er vintersesong i India, men framleis for varmt. Dei andre i reisefølgjet har reist for å bade, eg sit att på kafeen på gjestehuset i tempelbyen Hampi og drikk te.

– God morgon!, seier ein israelsk backpacker på bordet ved sida av. Han reiser seg og legg eit samanbretta kart på bordet mitt.

– Sidan du er dårleg, skal du få ei overrasking, seier han, smiler lurt og går.

Eg skjønar ikkje så mykje før eg brettar ut kartet. Tre ørsmå brune klumpar som luktar sterkt, litt grasaktig og søtleg, ligg i eit kvitt A4-ark inni kartet. Eg har fått hasj.

Det første eg gjer er å klaske papiret og kartet i hop att. Eg røykjer ikkje hasj. Eg har faktisk aldri røykt ein sigarett i heile mitt liv.

Kva er det med denne vesle klumpen som er så freistande, tenkjer eg. Og kva i alle dagar skal eg gjere med han? Eg ser ned på papiret.

Nulltoleransen min for slike rusmiddel har halde fram så lenge eg kan hugse. Særskilt sidan ein sommarleir som tenåring: Ein av venene mine kom att midt på natta etter å ha nytta hasj og amfetamin for første gong, og veninna som sleppte han inn – høg både i lydvolum og på sentralstimulerande stoff – måtte distrahere den vaksne «nattevakta». Venen vart avhengig med éin gong, og den eine gongen eg snakka med han på telefonen etter dette, hadde han stole medisinar av bestemor si. I åra etter visste eg ikkje om han framleis var i live.

«Rusavhengige skal få behandling i staden for fengselsstraff», gjekk Stortinget inn for i 2017. Historisk, melde VG. Men politiet er redde for ufarleggjering, og forskar Sverre Nesvåg ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest spør kva ein skal gjere med dei som nyttar cannabis, som ikkje er avhengige. Det er merkeleg å sende dei i behandling, meiner han i same avis.

Jau, men er det ikkje endå merkelegare å freiste å få ned ruskriminaliteten ved å sende avhengige i fengsel, direkte til endå større tilgang på stoff? Berre ein månad inn i 2014 var det nemleg kverrsett like mykje narkotika i norske fengsel som i store delar av året før. I tillegg melde Aftenposten i 2015 at Noreg er eitt av landa med flest overdosedødsfall i Norden. Og i august i fjor melde Morgenbladet at dei aller fleste av dei million rusbeslaga i Europa årleg, er små dosar frå brukarar, ikkje frå langarar.

Attende i India kasta eg hasjen. Og kompisen min kom seg så vidt ut av rustilværet den gongen. Med hjelp, men utan fengselsstraff. I dag er han utdanna og i jobb. Han er klar på at øydeleggingane etter rusen er straff nok. Men hadde han vorte arrestert den kvelden på sommarleir, trur eg ikkje det hadde gått slik.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I åra etter visste eg ikkje om han framleis var i live.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det virtuelle Unesco-museet for stolne kunstobjekt vil vise tredimensjonale modellar av gjenstandar som er skjulte på den illegale kunstmarknaden.

Illustrasjon: Kéré Architecture

Samfunn

Der krim møter kunst

Kulturskattar av uante verdiar er stolne og fjerna frå samfunna dei høyrer heime i. I løpet av året vil vi kunne sjå ein del av dei, i eit nytt virtuelt museum for stolne kulturminne.

Christiane Jordheim Larsen

Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.

Foto: Eivind Senneset

BokMeldingar
Odd W. Surén

Dei førehandsdømde og samfunnet

Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.

Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.

Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB

Ordskifte
Thomas Mo Willig

Fotball og laksediplomati

Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn
Atle Grønn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.

Foto: Ellis Rua / AP / NTB

HelseSamfunn

Ein bransje full av skrukkar

2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis