Ryddesjau på kloden
Kan vi sjå for oss ein himmel utan stjerner? Det finst løysingar på klimaendringane, men fleire av dei er både drastiske og skremmande.
Handsaminga av klimasøksmålet starta i Høgsterett denne veka.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Bakgrunn
Anja Røyne
Forfattar, forskar og førstelektor ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo
Har skrive Menneskets grunnstoffer: Byggeklossene vi og verden er laget av, Kagge forlag 2018.
Aktuell med boka Varm klode, kaldt hode. Løsningene på klimakrisa, Kagge forlag 2020

Klima
christiane@dagogtid.no
Det er onsdag morgon, og ei gruppe menneske med svarte munnbind er i aktivitet utanfor Høgsterett i Oslo. Dei gestikulerer, noterer, knipsar bilete og gjev intervju. Ein jordklode av is er plassert på fortauet, saman med ein isblokk.
«Klimasøksmål», står det på munnbinda. Greenpeace og Natur og Ungdom har saksøkt staten fordi dei meiner Grunnlova vart broten då Barentshavet vart opna for oljeboring. Miljøorganisasjonane har tapt i to rettsinstansar. Denne dagen markerer dei at handsaminga i Høgsterett byrjar. Dommarane vil gje det endelege svaret på om grunnlovsparagraf 112 er broten. Paragrafen seier at både vi som leverer i dag, og dei som kjem etter oss, har krav på eit sunt miljø.
Klimasøksmål er ikkje unikt for Noreg. I desember i fjor vann den nederlandske miljøorganisasjonen Urgenda eit søksmål mot staten, som fekk pålegg om å redusere klimagassutsleppa med 25 prosent samanlikna med 1990-nivået, i løpet av 2020.
Søksmåla vitnar om ein alarm som går.
Utslepp i revers
Ei av dei som uroar seg, er fysikar og forfattar Anja Røyne. I 2018 fekk ho Brageprisen for ei bok om grunnstoffa, som verda og menneska er sette saman av. No er bok nummer to ute, Varm klode, kaldt hode. Løsninger på klimakrisen. Her gjev ho oversikt over dei mange trulege og utrulege løysingane det vert forska på og eksperimentert med, i håp om at dei kan halde temperaturen på jorda på eit nivå vi alle kan leve med.
Løysingane kan grovt plasserast i tre grupper:
z Plan A: Dei enklaste løysingane som hindrar oppvarming ved at vi sluttar å sleppe ut klimagassar.
z Plan B: Dei vanskelegare løysingane som reverserer oppvarminga ved å fange klimagassane frå atmosfæren og lagre dei ein annan plass, som i stein, jord eller hav.
z Plan C: Krisetiltak som korkje vil hindre eller fange klimagassar, men skjerme jorda for oppvarming.
Den gode bodskapen i boka er at det faktisk finst løysingar. Den dårlege er at fleire av løysingane både er svært krevjande og nok vil verke ganske skremmande på dei fleste.
– Ingen av klimaløysingane er berre gode. På den eine sida er det bra at det finst løysingar. Det er ikkje slik at vi har tolv år igjen, og så kan vi berre leggje oss ned og alt går til helvete. Men det vil ikkje seie at det ikkje hastar veldig å gjere noko. Dess meir ein somlar med å gjere opplagde ting, som å slutte å sleppe ut CO2, dess meir drastiske steg må ein ta for å unngå dei heilt katastrofale konsekvensane av klimaendringane, seier Røyne.
Ukjent landskap
Med referanse til boka kan det vere verdt å minne om dei internasjonale klimamåla og kvifor dei vart sette.
I 1994 spurde noverande forbundskanslar i Tyskland Angela Merkel, som på den tida var miljøvernminister, forskarar om kvar grensa for akseptabel oppvarming eigentleg gjekk. Svaret ho fekk frå fysikkprofessor Hans Joachim Schellnhuber, var at den varmaste perioden menneska nokon gong har opplevd, var i den førre mellomistida, for omtrent hundre tusen år sidan. Då var verda to grader varmare enn i perioden rett før den industrielle revolusjonen. Å auke temperaturen utover to grader ville vere å gå inn i eit ukjent landskap.
Togradersmålet vart sett på klimatoppmøtet i Cancún i 2010, før det vart redusert til helst under halvanna grad i Parisavtalen i 2015. Grunnen var at ei oppvarming på to grader alt ville føre til at små øystatar ville stå under vatn. I 2020 var kloden ei grad varmare enn i førindustriell tid.
– Kor dårleg tid meiner du at vi har?
– Vi har så dårleg tid at ein må gjere dei tiltaka som ein veit kan gjerast no. Ein må sjå på CO2 som eit avfallsprodukt som ikkje kan sleppast ut i naturen, for det er ikkje plass til meir. Det er uforståeleg at regjeringa vel å ikkje installere reinseanlegg på avfallsanlegget på Klemetsrud i Oslo. Ja, ikkje uforståeleg, for politikk er vanskeleg, men ein veit korleis dette skal gjerast. Det er berre å la vere å sleppe ut CO2-en som stig opp av pipa nett no.
Karbonfangst i lufta
Å reinse Klemetsrud-anlegget, eller kva som helst anna punktutslepp, går inn under dei enklare løysingane Røyne skildrar i boka si. Men reknestykket tyder på at dei enklaste løysingane neppe vil vere nok. Ho skriv: «Mens vi holder stø kurs mot katastrofal global oppvarming, har det dukket opp en ny type løsninger som kalles negative utslipp.»
Negative utslepp handlar om å reversere utslepp ved å fange karbon, ikkje frå industripiper, men frå atmosfæren. Så må ein lagre klimagassane ein stad der dei ikkje verkar på klimaet, om det er i jorda, på havbotnen eller i fjell. Røyne skriv vidare: «Med slike løsninger er vi ikke på vei mot uunngåelig katastrofe, bare en gigantisk teknisk utfordring.»
I FNs klimarapport frå 2018 inkluderer dei fleste scenarioa som skildrar korleis klimamåla skal verte nådde, negative utslepp.
– Når vi først har sleppt CO2 ut i lufta, går ikkje mengda ned av seg sjølv. Vi må stoppe utsleppa så utruleg fort for å nå måla at det nesten er umogleg å finne ut korleis ein skal kunne gjere det, sjølv om det framleis er råd. Dersom vi kan ta noko av karbonet ut av lufta, samstundes som vi kuttar utslepp, kan vi halde fram med utsleppa som det er vanskelegast å gjere noko med. Då kan reknestykket gå opp, seier Røyne.
Metodane for å trekkje karbondioksid ut av lufta vil vere krevjande å gjere i stor skala, og ulike metodar vil kunne fungere éin stad, men ikkje ein annan. Eit eksempel på det er maskinar som trekkjer karbondioksid ut av lufta. Dei er alt i drift på Island, men krev så mykje energi at ein må ha stor tilgang til utsleppsfrie energikjelder.
Eit tabu er brote
Om vi ikkje klarer å kutte eller reversere nok utslepp, vert det no òg forska på det ein må kunne kalle dei ultimate kriseløysingane. Dei som berre kan lindre symptoma. Slike metodar går mellom anna ut på å skjerme oss mot sola.
Ein måte å gjere det på er å sende svovelgass opp i lufta. Det vil ikkje fjerne klimagassar, men vil ha ein kjølande effekt på jorda. Ifølgje Røyne har det, sjølv blant forskarar, vore kontroversielt å forske på slike metodar. Slik forureining av lufta vil gjere himmelen blassare. Kanskje vil vi ikkje lenger kunne sjå stjernene på nattehimmelen.
I 2006 vart tabuet brote då nobelprisvinnar i kjemi Paul Crutzen publiserte ein kommentarartikkel i tidsskriftet Climatic Change der han argumenterte for større forskarinnsats for å finne ut korleis metoden kan nyttast. Han skreiv at det beste ville vere at svovelutslepp aldri vert nødvendig, men dette no ser ut til å vere rein ønsketenking.
– Kor realistisk er dette?
– Teknisk sett er ikkje dette så vanskeleg som ein skulle tru. Det er det som gjer dette så nifst å tenkje på, seier Røyne.
Ho viser til at The New York Times førre veke skreiv om utforsking av metoden ved the Sabin Center for Climate Change Law ved the Columbia Law School. Leiaren for forskingssenteret, Michael Gerrard, seier til avisa at vi står overfor eit eksistensielt trugsmål, og samanliknar svovel i atmosfæren med cellegift til ein sjuk pasient: «Om alt anna mislykkast, prøver du det.»
– Eg har tenkt det same, seier Røyne.
– Planeten er sjuk. Kanskje må ein berre bite tennene saman og gjere noko veldig kjipt. Men dette er korkje plan A eller plan B, men plan C. Det er eit plaster på såret.
– Kva tenkjer du om klimasøksmålet og rettsleggjeringa av klimaspørsmålet?
– Eg er spent på utfallet. Ein kan kalle det amerikanske tilstandar, men søksmålet set på dagsordenen kor alvorleg klimaspørsmålet er. Ein kan ikkje gå utanom å tenkje på dei neste generasjonane, som er vanskeleg å leggje inn i økonomiske kalkylar.
– Håper du klimaorganisasjonane vinn fram?
– Eg håper det. Det kan bidra til å setje rammer for korleis industri kan oppføre seg framover.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kanskje må ein berre bite tennene saman og gjere noko veldig kjipt.
Anja Røyne, fysikar og forfattar
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.