Kampen om kniven
Omskjering er ikkje noko banalt, lite inngrep, meiner barnelege Trond J. Markestad.
Også i USA, der dei fleste menn er omskorne, er det debatt om denne praksisen. Biletet viser ein demonstrasjon mot omskjering i San Francisco i 2011.
Foto: Noah Berger / AP Photo / NTB scanpix
SAMTALEN:
Trond J.
Markestad
Professor i pediatri
AKTUELL:
Ny strid om omskjering
SAMTALEN:
Trond J.
Markestad
Professor i pediatri
AKTUELL:
Ny strid om omskjering
peranders@dagogtid.no
Debatten om omskjering av gutar har blussa opp att, og også det medisinske faktagrunnlaget er omstridd. Trond J. Markestad er professor i pediatri ved Universitetet i Bergen og tidlegare leiar for Rådet for legeetikk i Den norske legeforening, og har debattert omskjering i over 20 år.
– Også legar er usamde om moglege farar og ulemper ved omskjering. Kor skadeleg er eigentleg inngrepet?
– Omskjering kan gje skadeverknader, men det skjer i veldig få tilfelle. Eg har sjølv vore med på omskjeringar i USA, og eg har sett døme på alvorlege komplikasjonar. Det er rapportert at 2 til 7 prosent opplever betydeleg bløding eller infeksjonar, men det er usemje om kor ofte det skjer alvorlege skader. Men eg meiner det òg er viktig å peike på at dette er smertefullt for barnet. Eg har sett folk kalle omskjering «eit ubetydeleg inngrep». Det er det ikkje.
– Kor smertefullt er omskjering for spedbarn? Dei kan ikkje fortelje om det sjølve?
– Dei kan ikkje det. Da eg var med på omskjeringar i USA, vart det ikkje brukt bedøving. Ungen vart spend fast og fekk ei blanding av sukker og whisky på ein smokk. I Noreg blir det brukt lokalbedøving, og også bedøvingssprøyta gjer vondt. Men eg meiner det er verre at det gjer svært vondt i fleire dagar etterpå. Dette er jo eit sår, og området er hovent og ømt.
– Det har vore eitt kjent dødsfall etter omskjering i Noreg. Kva var det som gjekk gale i dette tilfellet?
– Eg kjenner saka godt, men eg kan ikkje gå i detaljar om henne. Omskjeringa vart gjort privat, men det var ikkje eigentleg gjort noko feil. Det same kunne like gjerne skjedd om inngrepet vart gjort ved ein offentleg klinikk.
– Ein dansk studie tyder på at omskjering kan føre til erektil dysfunksjon, problem med å oppnå orgasme og redusert sensitivitet. Kor stor er risikoen for slike skadeverknader?
– Det veit eg ikkje. Den danske studien var ikkje veldig god. Han var bygd på ei spørjeundersøking med nokså låg svarprosent. Redusert sensitivitet er noko ein kan forvente, sidan den omskorne får tjukkare hud på penishovudet. Men eventuelle seksuelle problem i vaksen alder er ikkje noko folk likar å snakke om. Og dei omskorne veit jo ikkje korleis det er ikkje å vere omskoren.
– Foreininga til amerikanske barnelegar publiserte i 2012 ein stor rapport som konkluderte med at dei medisinske fordelane ved omskjering var større enn fordelane. Du har kritisert denne rapporten?
– Eg gjekk saman med 36 andre legar frå ei rekkje land, dei fleste av dei leiarar for nasjonale foreiningar for barnelegar og barnekirurgar, om eit tilsvar til denne rapporten. Mellom anna konkluderte den amerikanske studien med at omskjering reduserer faren for urinvegsinfeksjon. Men i Noreg er det mindre urinvegsinfeksjonar hos barn enn hos omskorne barn i USA.
– Den amerikanske studien konkluderte òg med at omskjering kan førebyggje smitte av kjønnssjukdomar som HIV og HPV-virus?
– Datamaterialet dei brukte til konklusjonen om HIV, var henta frå det sørlege Afrika, og ikkje relevant for europeiske forhold. Det er òg langt fleire HIV-smitta i USA enn i Europa, sjølv om dei fleste menn i USA er omskorne. Når det gjeld HPV-virus, var det svært usikre data. Sidan vaksinen no blir ein av vaksinasjonsprogrammet også for gutar, er det uansett ikkje noko argument.
– I USA er eit fleirtal av mennene omskorne. Med ein så stor populasjon å studere burde det vere solid grunnlag for å vurdere omfanget av både skadeverknader og fordelar?
– Ein skulle tru det. Men det kan vere ei stor underrapportering av komplikasjonar og skadeverknader. Blødingar og infeksjonar etter inngrepet blir i praksis ikkje registrert. Spørsmålet er om vi i det heile skal akseptere eit inngrep som kan medføre komplikasjonar for barnet, når inngrepet er utan medisinsk grunngjeving. Om det kan vente til barna er 16 år, kan dei i det minste få avgjere det sjølve.
– Men med alle omskjeringane som blir gjorde i USA, kva kan det kome av at amerikanske barnelegar konkluderer så ulikt dei fleste norske barnelegar?
– Tidlegare meinte foreininga til barnelegane i USA at det ikkje var fordelar med omskjering. Det er først dei siste åra at dei har kome med dette, og HIV er hovudargumentet. Rapporten konkluderte med at forsikringsselskapa burde dekkje omskjering av gutar, og ein kan mistenkje at økonomiske motiv kan ha spela inn.
– Det er noko rart med denne debatten. Tilmed i tidsskriftet til Legeforeningen er ordskiftet om omskjering oppheta. Kvifor er det så vanskeleg å einast om det medisinske faktagrunnlaget her?
– Alle organa i Legeforeningen er i prinsippet mot omskjering av spedbarn, og samde om at det ikkje finst noka medisinsk grunngjeving. Så er det ulike syn på kva som er akseptabelt av komplikasjonar, målt opp mot respekten for religiøse påbod. Somme meiner at inngrepet er banalt. Eg er ikkje av dei.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det kan vere ei stor underrapportering av komplikasjonar og skadeverknader.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.