JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein valuta med tillitsproblem

Ein kan lure på kor mykje kommisjonen har lært av den økonomiske krisa dei siste åra, seier EU-forskar Asimina Michailidou.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eurosetlar på utstilling i den irske sentralbanken.

Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters / NTB scanpix

4477
20170526

Samtalen

Asimina
Michailidou

Forskar ved Arena Senter for Europastudier

Aktuelt

EU-kommisjonen vil ha alle EU-land inn i euroen innan 2015

peranders@dagogtid.no

Denne veka skreiv Frankfurter Allgemeine Zeitung at EU-kommisjonen truleg vil gå inn for at alle medlemslanda i EU skal innføre euro innan 2025. I dag er euroen valuta i 19 av dei 27 EU-landa. (Da har vi rekna Storbritannia som utmeldt, sjølv om brexit ikkje er fullført.)

Asimina Michailidou er seniorforskar ved Arena Senter for europaforsking ved UIO, og har mellom anna forska på EU-skepsis i medlemslanda.

– Er du overraska over dette standpunktet frå EU-kommisjonen?

– Nei, eg er ikkje det. Alle EU-landa, unnateke Storbritannia og Danmark, har i prinsippet gått med på å slutte seg til euroen. EU-kommisjonen ser seg som vaktarar av innhaldet i EU-traktaten, og traktaten gjev ein klar visjon om korleis EU skal bli, inkludert ein sams valuta. Om EU-kommisjonen ikkje gjekk inn for å få med alle medlemslanda i euroen, ville han ikkje fylle rolla si. Samtidig kan ein lure på kor mykje kommisjonen har lært av den økonomiske krisa i EU dei siste åra.

– Er det valsigeren til Emmanuel Macron i Frankrike som har gjeve EU-kommisjonen slikt pågangsmot?

– Det var i alle fall den mest EU-positive kandidaten som vann i Frankrike, og det kan nok ha oppmuntra kommisjonen. Men Frankrike er berre eitt land, og det er mange Le Pen-liknande politikarar i andre land. Det vil neppe vere klokt av kommisjonen å gå fort fram med dette, i alle fall ikkje utan å erkjenne og drøfte dei store problema med eurosamarbeidet.

– Det verkar ikkje som om tettare integrasjon er det folk i EU vil ha for tida?

– Dersom euroen skal fungere, kan ikkje EU-systemet halde fram som i dag. Planen var heile vegen at euroen skulle følgjast opp av meir politisk integrasjon i EU. Samtidig er det sterk motstand mot slik integrasjon i mange medlemsland.

– Om kommisjonen vil presse på for å få alle medlemsland raskt inn i euroen, verkar det som ei sikker oppskrift på meir EU-motstand rundt i Europa?

– Dette er førebels ikkje meir enn eit synspunkt frå EU-kommisjonen. Det har ikkje vore handsama av dei andre sentrale organa i EU, ministerrådet og EU-parlamentet. Og om dei skulle gå inn for det same – noko eg tvilar på – er det tvilsamt om alle dei nasjonale regjeringane vil gå med på det. Om dette skal bli noko av, må ein vinne tilliten til folk i medlemslanda. Og om dette ikkje blir følgd av ei erkjenning av det som har gått gale med eurosamarbeidet så langt, kjem motstanden berre til å bli sterkare.

– Somme økonomar spår framleis at eurosamarbeidet kan gå i oppløysing?

– Det spørsmålet er framleis ope for debatt. Men dei fleste medlemslanda har innført euroen, og det vil òg ha ein stor kostnad å gå attende til nasjonale valutaer. Vi veit at eurosamarbeidet ikkje fungerer godt i dag, så målet for EU-kommisjonen må vere å finne ein måte å forbetre det på. Ein kan oppløyse eurosamarbeidet, eller ein kan styrkje det, men vi veit i alle fall at det ikkje fungerer godt slik det er no.

– EU-kommisjonen ønskjer at EU-parlamentet skal få meir makt over den økonomiske politikken, og eit større budsjett med eigne skatteinntekter. Dette skal styrkje demokratiet på EU-nivå. Men i dag fungerer vel ikkje det politiske ordskiftet på europeisk nivå særleg godt?

– Nei, det gjer ikkje det. Og den politiske debatten vil nok uansett først og fremst vere nasjonal. Men om EU-parlamentet får meir makt, kan ein sjå for seg at folk i EU-landa vil oppfatte parlamentet som meir relevant og engasjere seg meir i politikken der.

– Det siste tiåret har ikkje vore bra for euroens namn og rykte. Krisene i Sør-Europa vart tyngre å handtere på grunn av euroen, og særleg Hellas har betalt dyrt for å ha kome seg inn i euroen på sviktande grunnlag?

– Ja. Og om alle EU-landa skal bli medlemmer i euroen, er vi nøydde til å diskutere dei dysfunksjonelle sidene ved systemet i dag. Euroen forsterka krisa, og det fekk katastrofale verknader for Hellas. Men dette treng ikkje å tyde at eurosamarbeidet ikkje kan fungere. Det viser at det ikkje er bra nok slik det er i dag. På andre sida: Om kommisjonen berre seier at alle EU-land skal inn i euroen innan 2025, er ikkje det noko reelt politisk argument.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det vil neppe vere klokt av
kommisjonen å gå fort fram med dette.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Lysberg (t.v.) og Harald Stolt Nielsen har arbeidd som krimjournalistar i Aftenposten i fleire år.

Foto: Astrid Waller

BokMeldingar

Ei vill mafiahistorie frå Noreg

Harald Stolt-Nielsen og Magnus Lysberg har skrive ei veldokumentert norsk-marokkansk mafiahistorie.

EinarHaakaas

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis