Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein dårleg handverkar

Theresa May kan takke seg sjølv for fallet på meiningsmålingane før parlamentsvalet, meiner professor Nick Sitter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Strategien til statsminister Theresa May i valkampen har slått feil, meiner Nick Sitter. Her er May på ei tilstelning i Bath 31. mai.

Foto: Leon Neal / Reuters / NTB scanpix

4529
20170602

Samtalen

Nick Sitter

professor i politisk
økonomi ved BI

Aktuell

Parlamentsvalet i
Storbritannia

4529
20170602

Samtalen

Nick Sitter

professor i politisk
økonomi ved BI

Aktuell

Parlamentsvalet i
Storbritannia

peranders@dagogtid.no

Torsdag 8. juni er det parlamentsval i Storbritannia, og den siste veka har det skjedd store endringar på meiningsmålingane. Det nederlagsdømde Arbeidarpartiet har teke kraftig innpå dei konservative.

Nick Sitter er professor i politisk økonomi ved Handelshøgskolen BI.

– Dette valet har lenge sett ut til å bli ein suveren siger for Dei konservative. Kva skjer?

– Val er ein risikosport. Dei konservative hadde ei svært stor leiing på meiningsmålingane, og som dei fleste tok eg for gjeve at dei kom til å vinne stort. Men strategien til Theresa May har vore å seie så lite som mogleg og fokusere på at ho er ein sterk leiar som skal få til ein god brexit for Storbritannia. Den strategien har slått feil. I staden har det blitt storm om delar av politikken til regjeringa, som forslaget om at demente risikerer å måtte selje hus og heim for å betale for behandling.

– Er det det politiske handverket til May som ligg bak fallet på meiningsmålingane?

– Ja, eg meiner det. Skal du spele på at du er ein sterk leiar, må du underbyggje det med faktiske handlingar. Det har ho i liten grad gjort. Og ho er ikkje god til å inkludere. Som partileiar må ein byggje bruer mellom høgre- og venstresida i partiet, men May har satsa på si eiga fløy. Den sosialliberale delen av partiet har ho ikkje fått med seg.

– Arbeidarpartiet ser ut til å få vinsten av fallet i oppslutnad for regjeringa. Det var heller ikkje gjeve?

– Nei. Før valet tenkte eg at om May ville slite i dette valet, ville det anten vere fordi Liberaldemokratane klarte å mobilisere på brexit, men det har ikkje skjedd. Og eg såg for meg at Ukip kunne mobilisere på mistillit til at May ville handtere brexit skikkeleg, men det har heller ikkje skjedd.

– Det kan neppe vere brexitspørsmålet som gjev Arbeidarpartiet framgang no. Partileiar Jeremy Corbyn har vore vag om det emnet?

– Eg tippar at han personleg var for brexit, men som partileiar kunne han ikkje ta den posisjonen. Eg trur ikkje at noko parti skårar særleg på det temaet no. Det er litt ironisk at May skreiv ut nyval for å få eit sterkare mandat til brexitforhandlingane, men det ser ikkje ut til å vere viktig spørsmål for veljarane. Og ho kan få eit svakare mandat i parlamentet etter valet enn ho har i dag. No kan britane få eit såkalla hung parliament, der ingen parti har noko styringsdyktig fleirtal.

– Vi har blitt vande med overraskande valresultat dei siste åra. Er det tenkjeleg at Arbeidarpartiet kan ta att Dei konservative i dette valet?

– Nei, det trur eg ikkje. Men det er eit par ting som kan gjere valet langt jamnare enn venta: Dei konservative står normalt sterkt blant dei eldre. Om politikken overfor dei demente får mange konservative veljarar til å sitje heime, kan det slå kraftig ut. Og om det blir høg deltaking blant unge veljarar, som er meir venstreorienterte, kan det gje eit stort hopp for Arbeidarpartiet.

– Jeremy Corbyn har lenge vore latterleggjort og avskriven av mange kommentatorar. Var det prematurt?

– Eg trur ikkje eigentleg det. Leiarskapen til Corbyn er ein viktig grunn til at Arbeidarpartiet har vore så svakt. Han er ingen truverdig, samlande leiarfigur. Han har aldri vore ein lagspelar, og det er vanskeleg for Corbyn å få partiet til å samle seg kring han. Han manglar òg truverd som statsminister blant britiske veljarar. Men i det siste har Corbyn lukkast med å framstille seg som litt meir moderat, og Arbeidarpartiet har lagt fram eit valprogram som har appell til mange. Dessutan minner antielitismen til Corbyn om politikken til Bernie Sanders i USA, og kan ha appell til ein god del veljarar som elles ikkje engasjerer seg i val.

– Med eit jamt resultat kan Corbyn rekne med å halde fram som partileiar?

– Han har jo sagt at han vil halde fram uansett valresultat, og får truleg gjere det, for han har sterk støtte i grasrota i partiet. Men om Corbyn gjer eit godt val, kan det gje ei varig endring av Arbeidarpartiet. Held han fram som han har lova, kjem truleg det meste av høgresida til å forlate partiet. På andre sida ville ein eventuell Blair-liknande politikar som skulle leie partiet no, få store problem med grasrota. Arbeidarpartiet kjem truleg til å slite med denne splittinga i mange år framover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Strategien til Theresa May har vore å seie så lite som mogleg.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis