Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ser ikkje heilt svart på det

– Vi må tenkje nytt om korleis vi fysisk produserer og belastar jorda og areala framover, seier Frøydis Haugen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slik ser jorda ut etter ein regnfull sommar på Jæren.

Foto: Eva Aalberg Undheim

4394
20170922

Samtalen

Frøydis Haugen

bonde og nestleiar i Norges Bondelag

Aktuelt

Bøndene opplever avlingssvikt etter ein regntung sommar

eva@dagogtid.no

Det har vore ein regntung sommar i mange delar av landet, og no vert det meldt at både kornhaust, lagringsgrønsaker og dyrefôr kan rotne på rot. Dag og Tid snakkar med nestleiar Frøydis Haugen i Norges Bondelag om følgjene.

– Er Noreg tilstrekkjeleg budd på denne situasjonen?

– Det går nok bra i år. Heile landet er ikkje ramma av avlingstap. Samstundes reiser slike år spørsmål om til dømes beredskapslagring av korn og behovet for det.

– Korleis er stoda no?

– Det varierer rundt om i landet. På Austlandet er grashausten relativt grei, men ein stor del av kornavlinga kjem kanskje ikkje i hus. Mykje av vårkveiten har ikkje god nok kvalitet til å kunne brukast som mat for folk, så han går til kraftfôr. På Vestlandet er det både dårleg kvalitet på fôret og lite fôr. I det store biletet skal vi likevel ikkje sjå heilt svart på det. Flyttar vi fôr mellom landsdelar og område, kan det gå ganske bra. Men vi har ikkje oversikt enno, så det er litt tidleg å konkludere.

– Vert det nok korn, frukt og grønsaker til folket?

– Kundane kjem til å finne norsk frukt i butikken i år. Når grønsakene vert ståande i jorda og rotne, er det verre. Her kan det vere at importen aukar framover, men innanfor naturlege variasjonar. Vi importereruansett litt kvart år. Sett under eitt kan vårkveiten som no ikkje kan gå til menneskemat, i staden verte dyrefôr, og så kan vi redusere importen av dyrefôr medan vi aukar råvareimporten av matmjøl. Det veg på ein måte opp.

– Så sjølvforsyningsgraden går ikkje ned no?

– Sjølvforsyningsgraden varierer frå år til år, og eg trur vi kjem til å sjå utslag i år. Den sitjande regjeringa har skrytt av at sjølvforsyninga har gått opp med dei ved makta, medan vi i Bondelaget har sagt at det kjem av gode vêrforhold og gode kornhaustar. No kjem han nok til å gå noko ned.

– I vår førte ekstreme vêrforhold sør i Europa til store avlingstap i landa vi importerer frukt og grønsaker frå gjennom vinteren. Kan produkt vi er vane med å få, verte mangelvare i butikkane?

– Eg tvilar på det, for vi har gode handelsavtalar, ikkje berre med landa i Europa. Dei som står for importen, har ein plan B for kvar dei importerer frå dersom avlingane skjer seg ein stad. Samtidig er det ikkje fare for mattryggleiken i Noreg viss det skulle bli litt tynt i hyllerekkene i butikken i ein periode. Tvert om kunne det kanskje vore ein augeopnar, og styrkt medvitet om kva matproduksjon er og krev, og kvifor vi bør ha eigen matproduksjon.

– Etter alt regnet kan ikkje tunge maskinar takast ut på jorda og åkrane. Må norske bønder sjå etter nye måtar å produsere på?

– Ja, det trur eg, og der er landbruket alt langt framme. Maskinentreprenørar fortel at det er etterspurnad etter mindre maskinar som ikkje belastar jorda like mykje. På Ås har dei utvikla roboten Thorvald på 150 kilo som går på fire hjul og kan gjere mykje av det same som ein traktor. Eg trur vi må vere positive til «robotifisering», for vi må tenkje nytt om korleis vi fysisk produserer og belastar jorda og areala framover.

– Frå matfylket Rogaland melde Jærbladet nyleg om bønder som ikkje hadde fått inn fyrsteslåtten enno, og som står i gjørme både bokstavleg, økonomisk og psykisk. Gjeld det for fleire?

– Det trur eg dessverre det gjer, og det er klart det er knalltøft. Det håpar eg både vi bønder og alle som er tilknytt næringa, av varemottakarar, leverandørar og resten av apparatet rundt bonden, ser og tek omsyn til. Så håpar eg bøndene som opplever tøffe tak, søkjer hjelp frå andre. Og at dei søkjer avlingsskadeerstatning. Eg har gjort det sjølv i år, og eg håpar det er ei ordning folk er klare over finst.

– Det kan verte mange erstatningskrav. Samstundes har mange nett gjort eller bør gjere store investeringar på garden. Kor mange slike år toler landbruket?

– Slike år er utfordrande for økonomien til bøndene, og særleg for dei som har gjort store investeringar, men vi driv ein biologisk produksjon der dette med naturlege variasjonar er ein risiko. Det veit bønder, og det bør bønder ta høgde for når dei investerer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det går nok bra i år. Heile landet er ikkje ramma av avlingstap.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis