JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På veg ut av skyttargrava

Fascisme og høgreekstremisme førte til den naive multikulturalismen i Sverige, meiner Tino Sanandaji om svensk innvandringsdebatt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sylvi Listhaug har gjort «svenske tilstandar» til eit ålment omgrep i Noreg. No har vi endeleg fått ei fagbok om kva svenske tilstandar er for noko.

Foto: Anders Wiklund / NTB scanpix

5098
20170929

SAMTALEN

Tino Sanandaji

Svensk samfunnsøkonom

AKTUELL

Kjem med bok om innvandring på norsk

5098
20170929

SAMTALEN

Tino Sanandaji

Svensk samfunnsøkonom

AKTUELL

Kjem med bok om innvandring på norsk

jon@dagogtid.no

I Sverige har innvandringsdebatten vorte meir realistisk. Ein av dei som har gjeve eit stort tilskot til endringa, er den svenskkurdiske samfunnsøkonomen og mykje siterte forskaren Tino Sanandaji. Boka Masseutfordring. Økonomisk politikk mot utenforskap og antisosial atferd har vore ein storseljar i Sverige, og kom i førre veke på norsk.

– Kvifor skreiv du boka?

– Av di flyktninginnvandring er eit viktig tema nasjonalt og internasjonalt. Sverige er eit særs relevant casestudium av den enkle grunnen at vi er det vestlege landet som har teke mot flest flyktningar per capita på kortast tid. Problemet er berre at vi i Sverige ikkje har ei brei semje om kva effektar innvandringa har på samfunnet. Det er ikkje bra for nokon. Den økonomiske børa ber den opphavlege folkesetnaden, den sosiale børa er det innvandrarane som opplever. Dei kjenner på kroppen at integreringa ikkje fungerer. Men dette har det ikkje vore tala vanleg om. Vi har dei høgreekstreme som spreiar mytar om at Sverige snart kollapsar, og så har vi alle dei politisk korrekte som seier at alt går bra. Vi har faktisk hatt ei rekkje politikarar som har hevda at Sverige er verdas beste på integrering.

– Men er ikkje sanninga enkel? Statistikken er då der i Sverige òg?

– Nei, folk visste ikkje sanninga eller ville ikkje vita sanninga. Men det finst objektiv statistikk der ute. Ein kan ikkje ha ulike synspunkt på objektiv sanning. Vi samfunnsøkonomar veit ikkje alt om ulike økonomisk felt, men vi veit nokså mykje. Og ein av dei tinga vi samfunnsøkonomar veit mykje om, er dei langsiktige konsekvensane av innvandring frå den tredje verda. Dimed har ikkje multikulturalistane kunne seia til meg at «du lyg», for eg kan dokumentera påstandane mine med siffer.

– I Noreg står samfunnsøkonomane og Finansdepartementet sterkt. Når desse seier at innvandring har høge kostnader, vert det stort sett akseptert som faktum. Har ikkje samfunnsøkonomane den same posisjonen i Sverige?

– Eg er samd i at faktagrunnlaget står sterkare i Noreg enn i Sverige, men det trur eg delvis handlar om at to regjeringar har tinga eit samfunnsøkonomisk faktagrunnlag gjennom dei to Brochmann-rapportane. Men desse skal du hugsa er nokså unike, ikkje berre i Norden, men i europeisk samanheng. Ja, vi har hatt utgreiingar i Sverige òg, til dømes har Finansdepartementet her laga fleire mindre utgreiingar som syner same tendensen som Brochmann synte. Men nettopp av di Brochmann gjennomførte ein så grundig jobb med å laga statistikk, fekk rapportane ein roande funksjon. Eg er derimot usamd i at samfunnsøkonomane står svakt i Sverige. Vi står sterkt. Men mange har vegra seg frå å deltaka i den opne debatten av di han er så hatsk.

– Men du våga?

– Eg har den fordelen at eg er ein brunøygd innvandrar, noko som sjølvsagt er heilt irrasjonelt. Det bør ikkje vera personen som avgjer, men det vedkomande seier, som bør diskuterast. Eg har likevel hatt stor nytte av forskarfellesskapen. Når eg har fått kritikk, har andre rykt ut og sagt at eg har rett. No er det faktisk få, om nokon, i Sverige som seier at flyktninginnvandringa er lønsam. Debatten har kome seg vidare. Då Fredrik Reinfeldt for tre år sidan sa at innvandring var lønsamt på langt sikt, kan det vera at han trudde det, men han seier ikkje det lenger.

– Når vi snakkar om «svenske tilstandar» i Noreg, er det dei kriminelle områda med mange innvandrarar og religiøs kontroll vi sikter til. Kan det svenske samfunnet taka attende kontroll der?

– Ja, det er eg overtydd om. Det er eit faktum at vi har meir ikkje-naudsynt kriminalitet per innvandrar enn kva grannelanda har. Det har oppstått ein kritisk masse, og særleg andre generasjon er sterkt involvert i gjengkriminalitet. Problemet er dei manglande ressursane i politiet. Ja, vi har like mange i politiet som for fem år sidan, men vi har fått fleire innbyggjarar og fleire unge innvandrarar. Om vi aukar talet på politi og gjev dei skikkelege løningar, kan vi få attende kontrollen. Sverige er eit regulert samfunn, vi har store databasar og personnummer. I New York fekk dei attende kontrollen. Ein slik kontroll er mykje lettare å føra inn att i Sverige.

– Kvifor spora debatten slik av?

– Av di vi har hatt store problem med fascisme og høgreekstremisme. Som ein reaksjon mot dette gjekk dei liberale og venstreorienterte saman om å ville nedkjempa desse, og dei valde politisk korrekt multikulti som argument. Alle som sa det var problem med innvandringa, vart dimed stempla som rasistar. I dei store svenske avisene har det gong etter gong til dømes vorte hevda at Noreg er eit djupt rasistisk samfunn. Difor våga ikkje politikarane i Sverige å gjera det rette. Difor seier dei i Malmø at ein handgranat er like billig som ein falafel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«I New York fekk dei attende kontrollen. Ein slik kontroll er mykje lettare å føra inn att i Sverige.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis