– Haldningane er svært negative
Rohingyaane vil framleis ha ei framtid i Myanmar, men det vert ei problematisk framtid. Det seier Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforsking.
Samtalen
Stein Tønnesson
Seniorforskar ved PRIO
Aktuell
Myanmar vert skulda for å drive etnisk reinsing av rohingyaane.

eva@dagogtid.no
Fleire hundretusen rohingyamuslimar har flykta frå Myanmar til Bangladesh sidan militæroperasjonen nord i delstaten Rakhine vest i landet i slutten av august. FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra’ad al-Hussein, har skulda Myanmar for å drive etnisk reinsing av den statslause muslimske minoriteten.
Dag og Tid har snakka med seniorforskar Stein Tønnesson ved Institutt for fredsforsking (PRIO) om situasjonen. Han er for tida i byen Yangon sør i Myanmar, og jobbar med eit forskingsprosjekt om forholdet mellom væpna grupper i landet.
– Kva merkar du av konflikten der du er?
– Her merkar eg ikkje konflikten særleg, men eg er vitne til eit mediebilete og oppfatningar som er diametralt motsette av i resten av verda. I andre land vert det rapportert om overgrepa rohingyaane vert utsette for. I Myanmar legg media vekt på det væpna rohingyaåtaket på tryggingsstyrkane 25. august og at dei har drepe moderate muslimske leiarar i eiga befolkning og massakrert hinduar. Om dei som har flykta, vert det sagt at dei sjølve tende på landsbyane sine og drog, og det er snakk om korleis styresmaktene i Myanmar no sender ein delegasjon til Bangladesh for å hjelpe folk å kome tilbake. Det er ei alminneleg haldning blant majoritetsbefolkninga i Myanmar at rohingyaane er bengalarar som kom frå Bangladesh i kolonitida eller seinare, og ikkje høyrer heime i landet. Myanmar anerkjenner eit stort tal etniske grupper som heimehøyrande her, men ikkje rohingyaane.
– Trur du flyktningstraumen kjem til å auke?
– Flyktningstraumen auka inntil nyleg, men har no byrja å minke. Somme anslår at det er under 300.000 som har flykta, andre anslår 500.000. Det er uansett svært høge tal og ein enorm katastrofe, og det kjem forferdelege skildringar av forholda i Bangladesh for dei som har flykta. Korleis forholda er i områda dei har flykta frå, i Rakhine-staten vest i Myanmar, inn mot Bangladesh, der rohingyaane var i fleirtal, veit vi ikkje. Der får vi ikkje ut informasjon. Det er stengt.
– Kor planlagt har det som no skjer, vore?
– Det slit eg med å finne ut. Det er to historier om tragedien. Den eine seier at rohingyaopprørsgruppa Arakan Rohingya Salvation Army (ARSA) angreip grensevaktstyrkar i oktober 2016, og at hæren deretter svara med represaliar som førte til nedbrenningar og overgrep i landsbyane dei meinte dei som gjennomførte åtaka, kom frå. Så angreip ARSA på nytt natta mellom 25. og 26. august, etter at ein kommisjon under leiarskap av Kofi Annan la fram ein plan for korleis forholda i Rakhine kan betrast, både for rakhinarane (som er buddhistar, journ. merk.) og for rohingyaane. Hæren gjennomførte same typen represaliar som sist, men meir omfattande. Folk flydde mot Bangladesh, som valde å opne grensa og sleppe dei inn. Då nyhenda om overgrepa og opninga av grensa spreidde seg blant rohingyaane i resten av den nordvestlege delen av Rakhine, byrja familie etter familie å flykte. Då landsbyane var fråflytta, gjekk rakhineaktivistar, med hjelp frå regjeringshæren, inn og brende ned dei tomme husa som var att. Den andre historia er at regjeringshæren og forsvarsleiinga i Myanmar har venta på fyrste høve til å drive ut flest mogleg rohingyaar frå Rakhine-staten, og at dei har budd seg på det ved utplassering av styrkar. Forsvarsleiinga har ikkje likt planen Aung San Suu Kyi fekk utarbeidd saman med Kofi Annan, og fekk med åtaket 25.–26. august sjansen til å sende styrkane sine inn i landsbyane og valdta, drepe, brenne og drive ut rohingyaane. Er den andre historia sann, vil nok juristar meine det går under definisjonen folkemord. Då er det hærsjef Min Aung Hlaing som står ansvarleg.
– Aung San Suu Kyi er vorten skulda for å godta etnisk reinsing. Kunne ho ha gjort noko?
– Det er ei misforståing at ho bestemmer. Ho har ikkje makt over tryggingsstyrkane. Ho kan kritiserast for å ha vore for taus, men ikkje skuldast for å ha gjennomført overgrepa. Tvert om har ho prøvd å få til tiltak for å betre situasjonen for rohingyaane. Her har ho jobba omhyggeleg, men for diskret fordi ho ikkje vil ha konflikt med forsvarsleiinga og få befolkninga mot seg. Eg har fleire gonger høyrt folk snakke varmt om henne, men leggje til at dei synest ho er for mjuk mot rohingyaane, og det likar dei ikkje.
– Korleis vurderer du høva for at dei som har flykta, kan kome tilbake?
– Styresmaktene seier dei er velkomne tilbake om dei kan dokumentere at dei har budd i Rakhine og kan syne ID-papir, men i dei siste åra har det vorte kravd at rohingyaar skulle levere inn ID-kortet og i staden få ei kvittering. I kva grad dei som har flykta, har ID-papir, har eg liten kjennskap til. Det kan vere vanskeleg å kome tilbake fordi mange av bustadene er brende ned. I alle fall halvparten av rohingyaane som har budd i Rakhine, er framleis der, så rohingyaane vil enno ha ei framtid i Myanmar, men det vert ei problematisk framtid. Haldningane mot rohingyaane er sterkt negative både blant bamarfolket – majoritetsbefolkninga i Myanmar – og blant rakhinefolket.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dei synest ho er for mjuk mot
rohingyaane, og det likar dei ikkje.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.