No kjem F-35 til Noreg
Dei nye F-35-flya kostar mindre enn venta.
No i november landar dei tre fyrste F-35-flya på Ørlandet.
Foto: Ross D. Franklin / AP / NTB scanpix
Samtalen
Morten Klever
programdirektør for innkjøp av F-35-flya
Aktuell
Levering av dei første kampflya

jon@dagogtid.no
Jagarflyet F-35 skulle verta ei stor kostnadsbombe fylt av feil, om vi skulle trur norske medium. Men no har Israel teke mot dei fyrste flya, og israelske aviser flyt over av entusiasme, og prisen fell og fell. Kva var det som skjedde? Morten Klever er tidlegare kampflygar, generalmajor og programdirektør for innkjøpa av dei nye F-35-kampflya.
– Er du letta og forundra over at prisen på flya går nedover?
– Eg er ikkje forundra over at prisen per eining går ned. Vi har heilt sidan 2007 og fram til i dag sett ei fallande kurve. Prisen har halvert seg per fly, og vi ventar at prisen skal gå noko ned fram til 2021.
– Kvifor skjer dette?
– Det handlar sjølvsagt om den såkalla lærekurveeffekten. Når vi produserer fleire fly, lærer vi undervegs, og dimed går tempoet opp. Så har vi sjølvsagt stordriftsfordelen. Når talet på fly går opp, går kostnaden ned. Dette er norma for alle industriprodukt.
– Når du snakkar om «vi», kven meiner du då?
– Det fleirnasjonale programmet. Lat meg gje to døme på kva programkontoret gjer for å redusera kostnadene ytterlegare: det eine er det såkalla «block buy»-initiativet. Vi kan gjennom dette initiativet kjøpa fly for fleire år per gong. Partnarane tingar fly for tre år i staden for årleg. Dimed kan Lockheed Martin driva ned kostnadene frå underleverandørane, som igjen får trygge vilkår og veit at dei kan planleggja produksjon over lang tid. Går risikoen ned, går kostnadene ned. Det andre er det såkalla «blueprint for affordability»-tiltaket. Det går ut på at partane legg ein del pengar i potten for å finna kostnadsreduserande tiltak i produksjonen. Til dømes har Kongsberg Gruppen vore ein svært aktiv deltakar der. Deltakarane får pengar til å utvikla nye og meir effektive metodar, og dei får høve til å læra endå meir enn vanleg undervegs.
– Og så langt har de spart kor mykje?
– Dei to fyrste flya Noreg kjøpte, hadde ein pris på 114 millionar US-dollar. No er prisen på 104 millionar.
– Mange har spådd at flyet skulle verta ei kostnadsbombe. Er prisutviklinga som forventa frå Forsvarsdepartementets side?
– Ja, i våre kalkylar har desse effektane vore med. Kvart år gjennomfører vi grundige analysar av heile innkjøpet, og i statsbudsjettet får Stortinget dei siste utrekningane for heile investeringsperioden fram til 2024. Vi har kome med desse analysane sidan 2012, og analysane våre har heile tida lege under budsjettkurva, men i samsvar men den stadig fallande prisen som manifesterer seg etter kvart.
– Donald Trump gjekk ut og kravde ein lægre pris for F-35. Då prisen gjekk ned kort tid etter, skrytte han av det han hadde fått til. Er det ein Trump-effekt her?
– Det kjenner eg ikkje til, men effektane eg har skildra her, er eit resultat av mange års arbeid. Vi ser ikkje noka endring i den forventa priskurva med Trump.
– Men dei fleste innkjøpsansvarlege veit at dei fyrste einingane av eit industriprodukt alltid er dyrare enn dei siste. Kjøpte vi for tidleg?
– Fullt så enkelt er det nok ikkje. Tidspunktet er styrt av kva tid F-16 må ut. Alt no ser vi at vi slit med å halda dei operative i den levetida vi hadde planlagt, for sprekkane i skroga vert eit stadig større problem. Innkjøpa måtte starta då dei starta. Vi kunne ikkje akseptera eit for lågt beredskapsnivå. Stortinget har gjeve ein presis definisjon av kva slags nivå vi skal liggja på i overgangsfasen. Men for at kostnadene ikkje skulle verta for høge, hadde vi en grundig vurdering for å finna den optimale innkjøpstakta for å dekkja behova i overgangsfasen. Det ser ut som vi har lukkast nokså godt.
– Er det tilfredsstillande å sjå at alle domedagsprofetiane i media ikkje har slått til?
– Profetiane har ikkje eksistert andre stadar enn i media. Mellom 2006 og 2011 var det ein del utfordringar i utviklinga av flyet, men vi var sjølvsagt klare over at det ville verta problem når vi skulle utvikla eit heilt nytt kampfly. I 2011 vart heile det internasjonale programmet omstrukturert, og sidan då har vi vore på rett spor. Frå det året har det aldri vore tvil hjå oss om at produktet kom til å verta som vi forventa. Sjølvsagt er ikkje prosessen smertefri, men det er ingen kjende problem vi ikkje har funne løysinga på. Dei tre flya som landar på Ørlandet no i november, samsvarar heilt med alle dei krava vi kom med i 2008.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Sjølvsagt er ikkje prosessen smertefri, men det er ingen kjende problem vi ikkje har funne løysinga på.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.