Krev nye svar om Afghanistan
Innvandringspolitisk talsperson i Ap, Stein Erik Lauvås, er skeptisk til å stoppe returar
til Afghanistan, men vil vurdere saka igjen etter meir informasjon frå utanriksministeren.
Ap ber utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) kome til Stortinget for å gjere greie for korleis Noreg vurderer tryggleiken ved tvangsreturar til Afghanistan.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
SAMTALEN
Stein Erik
Lauvås
Innvandringspolitisk talsperson for Ap
AKTUELL
Stortingsforslag om mellombels stopp av returar til Afghanistan

eva@dagogtid.no
Denne veka la SV, MDG og Raudt fram forslag om mellombels stopp i alle tvangsreturar til Afghanistan. Alt før det formelt var fremja, sa Aps innvandringspolitiske talsperson Stein Erik Lauvås til Klassekampen at han ikkje trudde Ap kom til å støtte forslaget.
– Kvifor vil de ikkje støtte forslaget?
– Eg sa vi truleg ikkje kjem til å støtte mellombels stopp av returar. Men forslaget frå SV, MDG og Raudt inneheld fleire andre element som vi er positive til. I tillegg har vi i dag (onsdag, red. merk.) lagt fram eit eige forslag om vurdering av sårbarheitskriterium i handsaminga av søknader om opphald for einslege mindreårige asylsøkjarar. Vi bed òg utanriksministeren møte i høyring på Stortinget for å gjere greie for korleis Noreg vurderer tryggleiken ved returpraksis generelt, og for Afghanistan spesielt. Vi meiner alle desse elementa må inn i ei totalvurdering, og så får vi sjå kva vi kjem fram til. Eg er framleis skeptisk til mellombels stopp av returar, men mykje kjem til å vere avhengig av informasjonen vi får frå utanriksministeren.
– Kvifor er du skeptisk?
– Det heftar ein del utfordringar med eit slikt forslag. Kva tid skal ein slik stopp gjelde frå til dømes? Skal det gjelde frå når vedtaket vert fatta? I tilfelle kjem det til å vere fyrst uti desember når vi har fått ferdighandsama alt, og då vil enkelte vere sendt ut i mellomtida, vil eg tru. Det er også svært sjeldan at Stortinget gjer vedtak med tilbakeverkande kraft, og det er det gode grunnar til.
– Så det vil uansett ikkje gjelde dei 130 afghanarane som vert 18 år i haust og som då må ut?
– Dersom det raskt syner seg å vere støtte for forslaget vårt, bør regjeringa ta omsyn til det alt no.
– Kva er det konkret de vil med forslaget dykkar?
– Landsmøtet vårt tidlegare i år uttrykte sterk uro for den aukande bruken av mellombels opphald for einslege mindreårige og ønskte å avgrense bruken så sterkt som mogleg, fordi vi veit at det er skadeleg. Mellombels opphald vart innført i 2009 av den raudgrøne regjeringa etter ein auke i talet på einslege mindreårige som kom til Noreg. Særleg det siste året har løyvingar av mellombels opphald derimot auka markant. Difor meiner vi no at det bør innførast eit sett med sårbarheitskriterium som skal leggjast til grunn i handsaminga av asylsøknader frå einslege mindreårige. Kva dei skal gå på i detalj, har vi ikkje spesifisert. Det vert det opp til regjeringa å gjere. Vi syner til at det i handsaming av søknader om opphald frå denne gruppa må inngå ei vurdering av sårbarheitskriterium for unge som manglar omsorgspersonar, nettverk og ressursar i heimlandet, og at barnets beste alltid skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn. Det har òg kome rapportar frå Amnesty, NOAS og FN som stiller spørjeteikn ved om asylsøkjarane får den individuelle handsaminga dei har rett på. Det må vi også sjå på.
– Så afghanarar som kjem til Noreg før dei er 18 år, skal ha ein fordel over dei som kjem like etter at dei har fylt 18 år?
– Ja, slik kan du seie det, men slik er det òg i dag.
– FN og Amnesty rapporterer at situasjonen for sivile i Afghanistan er alvorleg forverra, og FNs høgkommissær for flyktningar åtvarar mot returar. Skal vi ikkje tru på det?
– Jau, vi må lytte til desse rapportane, og vi registrerer jo òg at Noreg har ei anna tryggingsvurdering enn andre land i Europa har. Likevel kjenner vi ikkje totalinformasjonen regjeringa sit med, men faktum er at det i rettsstaten Noreg er regjeringa som må ta det fulle ansvaret for tryggingsvurderingane ved returar.
– Kva veit de om områda regjeringa meiner det er trygt å returnere folk til?
– Det er regjeringa som eig landinformasjonen. Statssekretær Vidar Brein-Karlsen i Justisdepartementet har på spørsmål frå oss ei rekkje gonger svart at dei også hentar inn informasjon frå andre kjelder enn vi har. Det kan handle om informasjon frå ambassadar og militær etterretning som dei set saman og gjer vurderingar frå. Når vi har spurt regjeringa om vi er innanfor dei internasjonale reglane og konvensjonane vi er bundne av, svarer dei ja.
– Kva veit de om oppfølginga av dei vi sender tilbake?
– Det er eitt av forslaga frå SV, MDG og Raudt vi har sansen for: at det skal opprettast eit tilsyn som ettergår tvangsreturar og ser korleis det går med dei som vert sende tilbake. Dette må òg inn i vurderinga av heilskapen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Mykje kjem til å vere avhengig av informasjonen vi får frå utanriks-ministeren.»
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.