Tvilar til topps
Heide Nordby Lunde var usikker i starten, men no meiner ho svaret er openbert.
– Eg var skeptisk til overnasjonalitet og byråkrati i Brussel, men eg røysta ja i 1994 likevel, seier den nye leiaren i Europarørsla.
Foto: Evan Vucci/AP/NTB scanpix
SAMTALEN
Heidi Nordby Lunde
stortingsrepresentant for Høgre
AKTUELL
Ny leiar i Europarørsla
SAMTALEN
Heidi Nordby Lunde
stortingsrepresentant for Høgre
AKTUELL
Ny leiar i Europarørsla
eva@dagogtid.no
Under EU-folkerøystinga i 1994 gjekk ho på ja-valvake med «Nei til EU»-jakkemerke for å syne tvisyn. Førre helg vart Heidi Nordby Lunde, som også er stortingsrepresentant for Høgre, valt til ny leiar i Europarørsla, som har vore kamporganisasjonen for ja-sida.
– Hadde nokon sagt dette til meg då eg var 19 år, hadde eg vorte svært overraska. Eg var skeptisk til overnasjonalitet og byråkrati i Brussel. Men eg røysta ja i 1994 likevel. Eg syntest ja-sida hadde betre argument.
– Kva gjorde deg overtydd?
– Behovet for internasjonalt samarbeid og kva EU eigentleg er. EU endra seg. Det vart ein meir sams integrert marknad, og med det byrja andre endringar å kome. I dag er EU ein mykje større del av kvardagen vår enn det mange er klare over, og vi er mykje meir integrerte enn mange er klare over. Eg melde meg inn i Europarørsla i 2013. Dei viktigaste sakene som bikka meg over til å vere for, var migrasjon og klima, der eg meiner EU har ei viktig oppgåve i å prøve å finne felles politikk. Det har openbert ikkje fungert i migrasjonspolitikken så langt, men her meiner eg EU burde ha høve til å bruke tvang. Det same gjeld for klimapolitikken. Vi må ha ris bak spegelen for å klare å nå klimamåla vi har sett oss.
– Trur du Noreg kjem til å gå inn i EU?
– Eg vart nett spurt kva eg trur skjer fyrst: at EU bryt saman eller at Noreg vert medlem. Då er svaret at Noreg vert medlem.
– Gjer det det truleg at Noreg går inn?
– Eg ønskjer at vi skal vere med, men eg trur den største hindringa er EØS-avtalen. Var det opp til meg, hadde vi hatt ei folkerøysting om EØS. Eg trur at dersom vi går ut av EØS, går vi inn i EU. Hadde vi ikkje hatt ein så god avtale, hadde vi vore medlem for lenge sidan.
– Er det ingenting ved EØS-avtalen som kunne vore betre?
– Eg har ikkje vore mykje i Brussel, men det eg har fått med meg når eg har vore der, er at folk er overraska over kor god avtale Noreg har i dag. Då er det snarare slik at vi ville fått dårlegare vilkår enn betre ved endringar. Det å tru at Noreg i dag kan få ein betre avtale med dei 27 EU-landa enn det seks EFTA-land fekk til mot ti EU-land på 80-talet, det er ikkje berre naivt. Det grensar til galskap. Så kan vi diskutere om Noreg er flink nok til å bruke handlingsrommet i avtalen, men det vert samstundes snevra inn av éin ting: at vi ikkje sit ved bordet når det vert forhandla.
– Fagrørsla meiner EØS-avtalen utfordrar delar av norsk arbeidsliv. Ser du grunn til å bruke handlingsrommet i avtalen meir på det feltet?
– Noreg bør gjere fleire ting for å stogge arbeidslivskriminalitet til dømes. Her tek også EU opp lovgjeving no, og det er rett, men det er ikkje gjeve at alle endringar treng å liggje i EU. Det er mykje Noreg kan gjere nasjonalt.
– Kva er dei viktigaste oppgåvene til Europarørsla i dag?
– Det høyrest platt ut, men det er og har alltid vore å løfte debatten om EU og Europa. Det vil seie dei store debattane som går føre seg i Europa. Det går på å synleggjere aust-vest-dimensjonen i Europa, nord-sør-dimensjonane, sjå på det som er krevjande og å ha eit globalt blikk. Det er debattar som er heilt ukjende i Noreg, men relevante for kvar Europa kjem til å gå. Vi har ei trepolarisert verd med Trump, Putin og Kina. Då meiner eg vi treng eit sterkt europeisk fellesskap, både når det gjeld handel, økonomi, kulturelt og sosialt. Det er alt det EU inneber.
– Europarørsla har i dag 2300 betalande medlemmer. Det er 1200 færre enn for fem år sidan. Korleis går det med organisasjonen?
– Det er ingen tvil om at det har vore ein litt krevjande periode, men no hadde det kome 35 nye medlemmer frå laurdag til måndag, så eg får håpe at det berre held fram. Eg ønskjer å kunne byggje organisasjonen. Det handlar om å vere synleg også. Her ser eg gjerne til Nei til EU, som eg synest er flinke. Eg har hatt eit godt samarbeid med dei tidlegare. Nei til EU hjelpte meg inn i Europarørsla, for dei har gjort meg merksam på mange europaspørsmål gjennom å problematisere dei. I mitt eige parti er det sterke europatilhengjarar som eg meiner for sjeldan nyanserer. Der er av og til EU svaret, same kva som er spørsmålet. Den tilnærminga trur eg både EU-debatten og medlemskapsdebatten tapar på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«I mitt eige parti er det sterke
europatilhengjarar som eg
meiner for sjeldan nyanserer».
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.