Rustar opp EU-samarbeid
Forskar Pernille Rieker ved Nupi trur både Storbritannia og Noreg på sikt vert med i det nye forsvarssamarbeidet EU-land no etablerer.
Promoteringsvideoen for EUs nye forsvarssamarbeid på nettsidene til EU-rådet er tonesett som ein amerikansk heltefilm, og fortel at EU-forsvaret no vert meir ambisiøst og fleksibelt.
SAMTALEN
Pernille Rieker
forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi)
Aktuell
Nytt forsvarssamarbeid i EU

eva@dagogtid.no
Måndag signerte ministrar frå 23 EU-land ein avtale om eit «permanent strukturert samarbeid» i forsvarspolitikken, med namnet Pesco. Føremålet er å auke forsvarsevna til EU, utvikle nytt forsvarsutstyr i fellesskap og gjere EU i stand til å bidra meir i internasjonale operasjonar. Landa bind seg òg til å auke forsvarsbudsjetta jamt. Trengst det eit sterkare forsvarssamarbeid i EU når vi har Nato? spør Dag og Tid forskar Pernille Rieker ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Ja, det gjer det. Særleg no når den transatlantiske lenka og den amerikanske tryggingsventilen er svakare enn før. EU må byggje opp kapasitetar, og den einaste måten europeiske land med stramme budsjett kan gjere det på, er gjennom samarbeid. Å byggje eit sterkare EU-samarbeid i forsvars- og tryggingspolitikk kjem òg til å gjere Nato sterkare. Det er ingen motsetnad mellom EU- og Nato-samarbeid.
– Kva når det kjem tilfelle der EU og Nato er usamde?
– Splittingar som kan oppstå mellom Nato og EU, kjem òg til å oppstå i EU. Det er såpass overlappande medlemsland. EU-samarbeidet kan snarare løyse problem. Det Nato ikkje kan gjere på grunn av USA eller Tyrkia, kan gjerast av EU-landa. Det viktigaste er at det vert ein ny dynamikk i det europeiske samarbeidet ved at dei landa som ønskjer å gjere meir, gjer det. Dei inngår eit meir forpliktande samarbeid enn tidlegare.
– I ein videosnutt om forsvarssamarbeidet på nettsidene til EU-rådet køyrer militærhelikopter, jagarfly og hangarskip fram medan rulleteksten fortel at EU-land skal vere klare for operasjonar «der det er naudsynt». Førebur EU-landa seg på krig?
– Det håpar dei ikkje det vert sjølvsagt, men vi lever i ei tid med mange truslar, som terror, radikalisering, eit meir aggressivt Russland, Nord-Korea og eit Midtausten der det er svært spent. Det er fleire potensielle konfliktar som krev at EU har forsvarsevne. Men det er ikkje dermed sagt at det vert meir konflikt. Sjølv om dei no byggjer opp forsvarsevna, må vi hugse at den viktigaste delen av tryggingspolitikken til EU er ikkje-militær, som stabilisering, bistand og andre tiltak som hindrar konflikt. Det er dette EU brukar mest ressursar på.
– Kva har opprustinga å seie for forholdet til Russland?
– Forholdet til Russland er ganske spent i dag, men utviklinga av forsvarsevna er ikkje spesielt retta mot Russland, og eg trur heller ikkje det kjem til å ha stor betydning for forholdet til Russland. Det er viktig at EU ikkje går over på ein retorikk som er konfliktskapande, men det har EU heller aldri gjort. EU har ønskt dialog og samarbeid, og har stort sett reagert med sanksjonar – som under annekteringa av Krim. Nato er meir orientert mot Russland, medan EU har eit breitt spekter av utfordringar og truslar.
– Danmark, Irland, Malta, Portugal og Storbritannia er ikkje med i samarbeidet. Kva betydning får det?
– Det er ikkje overraskande. Litt av poenget var at landa som veit dei kan forplikte seg, gjer det. At Storbritannia ikkje er med, er sjølvsagt. Danmark har unntak frå EUs forsvars- og tryggingspolitikk, så det er òg forståeleg. Det er ein fordel at ikkje alle er med; jo fleire som er med, jo vanskelegare vert det å kome lenger. Eigentleg var det fleire land enn venta som vart med.
– Er ikkje eit EU-samarbeid ganske svakt utan Storbritannia, den største forsvarsmakta i EU i dag?
– Det er eit klart tap både for Storbritannia og for EU. Var det ikkje for brexit, ville britane vore med no. Dei har sidan slutten av 90-talet vore pådrivarar for å styrke det europeiske forsvarssamarbeidet. No kan dei ikkje vere med før brexit er avklart, men når det skjer, kjem dei til å snakke om korleis Storbritannia skal rekrutterast inn, som tredjeland. Det er viktig for EU òg å ha britane med, så dei vil finne ei løysing. Ei slik løysing kjem òg til å vere viktig for Noreg.
– Trur du Noreg vert med?
– Dersom det vert opna for tredjeland, trur eg det. Vi har alt eit tett forsvarssamarbeid med EU; vi er med i den nordiske kampgruppa, har observatørstatus i det europeiske forsvarsbyrået og har avtalar om å dele informasjon. Sannsynet er stort for at samarbeidet vert styrkt med Pesco, om Noreg vil. Og historisk har Noreg vore villig til å vere med der det er mogleg. Vi vert ikkje med på avgjerdene, men vi vil kunne bidra i delar av samarbeidet om EU opnar for samarbeid med tredjeland.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Historisk har Noreg vore villig
til å vere med der det er mogleg.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.