Det går likar’ no
Norsk økonomi er i betring. Men om nokre år stoggar Nordsjøen opp.
Då er det fare for at vinteren kjem.
Det vert stadig klarare at investeringane i oljen skal ned. Kva skal vi leva av etter Oseberg?
Foto: Marit Hommedal / SCANPIX
SAMTALEN
Ådne Cappelen
Forskar ved Statistisk sentralbyrå
AKTUELL
Nye prognosar for norsk økonomi
SAMTALEN
Ådne Cappelen
Forskar ved Statistisk sentralbyrå
AKTUELL
Nye prognosar for norsk økonomi
jon@dagogtid.no
Normaliteten har byrja å senkja seg over Statistisk sentralbyrå, og sjølv om det har vorte få som arbeider med dei store tradisjonelle systema, er det då nokre. Denne veka kom byrået med prognosane sine for dei tre neste åra. Det ligg ikkje så gale an. Ådne Cappelen har vore med å utarbeida prognosane.
– Kva er stoda generelt?
– Vi ser at det er ein svak konjunkturoppgang der ute: Ein viktig ting er trass alt investeringane i bustadmarknaden og den kraftige stimulansen i norsk finanspolitikk. Vi har som kjent hatt eit fall i oljeinvesteringane, men desse ser no ut til å auka att. Samla ser det ut som impulsane er åt å snu og at vi dimed får ein liten vekst i økonomien. Men handlingsrommet i finanspolitikken er rett nok så godt som fullnytta, men heldigvis ser det ut til å det går bra i Europa, og vi får særleg hjelp av den låge krona.
– Men vi har ikkje mykje å gå på?
– No ligg vi på grensa for Handlingsregelen, som altså er 3 prosent. Renta er ikkje null, men ho er veldig låg. Krona er på si side særs svak. Dimed har vi ikkje mykje krut att i politikken. Om det verkeleg skjer seg i bustadmarknaden, kan vi rett nok endra bustadlåneføreskrifta. Ei slik vurdering er varsla revidert statsbudsjett. I alle høve går føreskrifta ut til sumaren, og då kan vi sjå om det har skjedd så mykje i marknaden at vi kan fjerna henne.
– Men etter Castberg og særleg Sverdrup byrjar det å vera lite å investera i her heime?
– No er det litt utanfor vår horisont, denne gongen. Men vi har ein oppgang til om lag 2020, og der byrjar då aktivitetane å verta lågare. Men hugs at vi no er inne i ein fase der vi byggjer ut mykje infrastruktur, energi og nett på land. Det gjev tilskot til at oppgangen no er her.
– Men denne aktiviteten er vel ikkje samfunnsøkonomisk lønsam?
– Vel, nettet er nok lønsamt, men ein del vindsprosjekt er nok ikkje det. Men også dei fører til aktivitet.
– Om vi ser på Nasjonal transportplan, er det der planlagt noko svære og ulønsame prosjekt. Kjem politikarane til å flytta arbeidarane frå lønsam olje til ulønsame vegar og bruer på land?
– Vi er på ingen måte ferdige med omstillinga av oljesektoren, og om oljenæringa ikkje maktar å omstilla seg til eksport, må vi finna noko for dei å gjera her i land. Men eg trur at når vi har kome såpass langt fram i tid, vil presset på å betala ut pensjonar og gje gode nok helse- og omsorgsplassar verta så stort at ulønsame infrastrukturprosjekt ikkje er det fyrste politikarane kjem til å byrja med. Men det kjem an på korleis dei er skrudde saman i neste periode.
– Men det er vel fyrst og fremst gjennom aktivitetsfall i investeringar at vi vil merka den komande oljekrisa?
– Absolutt. Då fallet kom i 2014, var vi heldige ved at sjølv om prisen på olje fall, gjekk børsverdien på fondet den andre vegen. Eg ser ikkje heilt føre meg at vi skal vera så heldige neste gong. Ja, vi står truleg overfor ei såkalla utfordring når aktiviteten på sokkelen går ned, men det er altså etter vår prognosefront.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Presset på å betala ut pensjonar og gje gode nok helse- og omsorgsplassar vil verta så stort at
ulønsame infrastrukturprosjekt ikkje er det fyrste politikarane kjem til å byrja med.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.