Skot for baugen
Dess fleire sanksjonar mot russiske aktørar, dess større vert presset på Putin, seier Lene Wetteland i Helsingforskomiteen.
IOC vedtok denne veka å kaste Russland ut av OL på grunn av doping.
Foto: Denis Balibouse / Reuters / NTB scanpix
Samtalen
Lene Wetteland
Leiar av russlandsavdelinga i Den norske Helsingforskomité
Aktuelt
Russland er stengd ute frå OL

eva@dagogtid.no
Russland vart denne veka stengt ute frå det komande vinter-OL i Pyeongchang i Sør-Korea, på grunn av statsstøtta doping. Russiske utøvarar som ikkje direkte kan knytast til dopingjukset, kan få delta under nøytralt flagg, men ingen utøvarar får delta under russisk flagg. Den russiske olympiske komiteen er suspendert, og Russlands visestatsminister og tidlegare idrettsminister Vitaly Mutko er utestengde frå alle framtidige olympiske leiker. Seniorrådgivar Lene Wetteland leier russlandsavdelinga i Den norske Helsingforskomité.
– Kva tenkte du då du høyrte avgjerda frå Den internasjonale olympiske komité (IOC)?
– Eg tenkte «endeleg», for det er bra dei no seier så klart og tydeleg ifrå. Og så tenkte eg at dette kjem til å verte brukt i den russiske propagandaen som eit åtak på Russland.
– Russiske styresmakter har vel alt omtalt utestenginga som del av ein vestleg konspirasjon for å audmjuke Russland. Korleis kjem Kreml til å handtere saka?
– Det var fyrst teikn til at Kreml ville oppmode til boikott, og at ei eventuell uavhengig deltaking ville verte sett som upatriotisk og forræderi. Men no har Putin uventa sagt at dei ikkje kjem til å hindre enkeltutøvarar i å delta under nøytralt flagg. Samstundes sa han også for fyrste gong offisielt at han stiller til presidentvalet i mars, og det tok over framsidetitlane. Det er derimot svært tvilsamt at utestenginga medfører faktiske endringar, ei orsaking eller forklaring frå Russland. I alle fall ikkje offentleg. Det kan vere det vert eit oppgjer i kulissane.
– Kva med utøvarane som ikkje får delta?
– Nokre av dei kjem nok til å kritisere russiske styresmakter, men det er vel så truleg at misnøya vert retta utover mot IOC og det internasjonale samfunnet.
– Korleis påverkar utkastinga Russlands forhold til Vesten?
– Det spelar rett inn i tankegangen og framstillinga om at heile verda er ute etter å ta Russland, og det kjem styresmaktene til å byggje opp under. På ei anna side syner det nok ein gong at Russland ikkje kan rekne med å verte ustraffa for lovbrota landet gjer. Det ser vi både med dei økonomiske sanksjonane frå EU og no med OL. Sanksjonane forsvinn ikkje før Russland gjer noko med årsakene til dei. Det vert ofte gløymt.
– Korleis reagerer opinionen?
– Russarane er jo like glade i skiløparane sine som Noreg er i sine, og har gledd seg veldig til OL, så dei fleste sit nok att med medkjensle for dei som ikkje får delta. Så er spørsmålet kven dei gjev skulda for det. Her finn du nok alle reaksjonar, frå dei som er flaue og sinte på dei som stod bak dopinga, til dei som er sinte på Vesten som dei meiner nok ein gong demoniserer Russland. Dersom Russland hadde hatt uavhengige institusjonar og medium, kunne saka ha vorte avslørt, diskutert og løyst internt i Russland på eit tidlegare tidspunkt og i ein heilt annan skala enn det har vorte no.
– Kor alvorleg er utestenginga frå OL jamført med handelsboikotten sett frå folket?
– Det er nok sårare ettersom idrettsutøvarane er heltar for russarar i alle samfunnslag, medan handelssanksjonane ikkje rammar alle direkte i like stor grad. Ein av grunnane til at Putin er så populær, er at han har fått Russland på fote att. Han er frykta og respektert internasjonalt i ein periode som har falle saman med store inntekter til landet. Russland har òg gjort det bra både i OL og i VM dei siste åra. Slik sett er utestenginga eit skot for baugen for Putin. Han såg nok føre seg eit nytt OL med gode resultat for Russland, som kunne vere med på å underbyggje biletet om eit stort og vellukka land, berre månader før Russland sjølv skal arrangere fotball-VM. No vert det vanskelegare å halde ved like ein slik fasade.
– Kjem det til å få konkrete følgjer?
– Det finst fleire av dei som protesterer, seier frå og brukar internasjonalt press mot Putin. Dei økonomiske sanksjonane har òg hatt følgjer for krinsen rundt Putin, dei rike oligarkane, som han no ikkje klarar å gje same vern som før. Dei same oligarkane er dei som er ansvarlege for store idrettsarrangement, så dette er nok ei sak som kan gjere det endå litt vanskelegare å vere russisk rikmann, som heller ikkje får sitje på VIP-tribunen i Pyeongchang. I det store biletet sit Putin difor mindre trygt. Dess fleire internasjonale saker der det vert innført sanksjonar mot russiske aktørar, dess større vert presset på Putin.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det er svært tvilsamt at utestenginga medfører faktiske endringar.»
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.